I ei intetsigande reiseskildring fyrer reporter Gunhild Dahlberg opp under konfliktlinja sentrum-periferi, noko lokalmediene sjølvsagt kastar seg over. Søker du etter orda «Gunhild Dahlberg» og boka «Norge i dag» på Google, får du treff som «Harstad er ein kjedelig by», og «Sogningar og fjordingar er dei suraste i landet!» Jaha, tenker eg. Ei bok som får merksemd for å harselere over folk landet rundt, er kanskje verd å få med seg. Men etter nokre titals sider tenkte eg dette: Det skjer jammen lite i distrikts-Norge når lokalmedie etter lokalmedie kan prestere å bruke så mykje spalteplass på ei bok som er så tvers gjennom kjedeleg. Språket er så flatt og tørt, beskrivingane så overflatiske og uinteressante, at eg etter kort tid la boka bort og sovna. Sentrum- periferi Denne reiseskildringa er ikkje meint å vere ei tung og viktig bok. Den er meint å vere lettbeint, vittig og subjektiv, men skal dette lukkast, må ein ha noko å melde, og humor forutset kunnskap. Boka fell gjennom på både ...