Gå til hovedinnhold

Sentrum-periferi frå sår sykkelbak

I ei intetsigande reiseskildring fyrer reporter Gunhild Dahlberg opp under konfliktlinja sentrum-periferi, noko lokalmediene sjølvsagt kastar seg over.
Søker du etter orda «Gunhild Dahlberg» og boka «Norge i dag» på Google, får du treff som «Harstad er ein kjedelig by», og «Sogningar og fjordingar er dei suraste i landet!» Jaha, tenker eg. Ei bok som får merksemd for å harselere over folk landet rundt, er kanskje verd å få med seg.

Men etter nokre titals sider tenkte eg dette: Det skjer jammen lite i distrikts-Norge når lokalmedie etter lokalmedie kan prestere å bruke så mykje spalteplass på ei bok som er så tvers gjennom kjedeleg. Språket er så flatt og tørt, beskrivingane så overflatiske og uinteressante, at eg etter kort tid la boka bort og sovna.

Sentrum- periferi
Denne reiseskildringa er ikkje meint å vere ei tung og viktig bok. Den er meint å vere lettbeint, vittig og subjektiv, men skal dette lukkast, må ein ha noko å melde, og humor forutset kunnskap. Boka fell gjennom på både kunnskap, humor og formidling, men ein ting får boka til. Den får fram konfliktlinja sentrum-periferi.
For det er ikkje boka i seg sjølv som har fått merksemd i lokalmediene. Det som har fått merksemd, er at settingen er bygd rundt ei sentrumsplassert NRK-dame med dårlig kondis har uttalt seg «subjektivt» og «vittig», eventuelt fordommsfullt og intetsigande om perifere stader ho har besøkt.

Uinteressant for sentrum
Og når eg søker på «Norge i dag» i mediearkivet Atekst, får eg kun to treff, og ikkje overraskande finn eg desse i distriktsmedier. Eit intervju i Nationen, og ei sak i Harstad Tidende om at Harstad er ein kjedeleg by. I tillegg har Firda laga store saker i papiravisa samt ein leiarkommentar. Firda lar den sjokoladepapirkledde boka sette dagsorden, ukritisk men underhaldande, og ein etter ein må sunnfjordkjendisar svare på omtalen frå Dahlberg om at folk i Sogn og Fjordane er så sure. Ikkje dårleg for ei bok som er på sitt mest morosame når den omtaler «fising på hus i Førde».
Og medan lokalmediene i distriktet synest det er spanande med ting som nører opp under oss versus dei, er ikkje dette like godt stoff for det meir «kresne sentrumsmediene». Og eg sit att med ein flau smak i munnen. Lokalmediene burde kreve meir av ei bok enn at den problematiserer kor godt tørrfisk fungerar som truseinnlegg, før ein lar den sette dagsorden, uansett kor tabloid det er med sentrum-periferi.

Unødvendig bok
Det er med andre ord andre mekanismer enn litterær kvalitet som har definert merksemda, for når sentrum «kødder» med periferien, kan nettmediene telle treff og nyte fulle kommentarfelt. Kommersielle hensyn styrer som så ofte ellers over kvalitet – ellers hadde vel boka heller aldri blitt gitt ut.

Eg ser for meg to moglege motiv for at boka kom på marknaden: Kagge Forlag må få trykt opp ei reisebok innan julegavesesongen. Då er det eit enkelt triks å vere byjente som syklar landet på langs og bekymringslaust gledar seg over mogelegheita til å skrive bok. Spørsmålet er om vi treng nok ei slik bok. Jada, eg veit at Dahlberg undervegs også laga radiosinnslag, men uansett: spar papiret. Vi treng ikkje boka.

Og dette er ein litt kjedeleg konklusjon, all den tid reiseskildringar er ein sjanger eg er glad i. Den siste boka eg las var «Turen med Charlie» av John Steinbeck. Greit nok, vi kan ikkje alle vere like geniale som Steinbeck, men det burde heller ikkje vere nok å kunne treffe tastar eller balansere på ein sykkel for å få gitt ut bok.


Anne Viken, fri journalist

(Denne kommentaren stod på trykk i Dag og Tid fredag 24.oktober 2008 men ligg diverre ikkje ute på nett anna enn her).

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...