Gå til hovedinnhold

Fakta om Anne og nynorsk - bør leses dersom du har tenkt å meine noko om "Annes forhold til nynorsk"

Det blir i visse medier feilaktig skrive at eg har forlatt eller fornekta nynorsken eller noko i den dur. Av og til skulle eg ønske at folk skjønte kva eg skreiv og sa, og ikkje feiltolka så mykje, eventuelt at dei las kva eg har skrive før dei uttaler seg om meg, men sidan verda flyt over av mangel på research, og fordi ein del som kommenterer det eg skriv, flyt over av følelsar, blir eg ofte gjengitt feilaktig og upresist.

Her kjem fakta om Anne og nynorsk for den som har tenkt å omtale Anne og nynorsk i ein eller anna kommentar eller artikkel ein eller gong i tida, og om dette er uklart, send meg ein epost viken.anne ( att ) gmail.com så svarer eg gjerne på spørsmål.

Praktisk:

- Eg laga i sommar ein serie store saker for Dag og Tid (nynorskavis) frå Sogn og Fjordane. No skal eg lage ein serie til. Eg skriv også side to kommentarer for Dag og Tid, fast frå no av framover.

- Eg får ofte skryt for å skrive god nynorsk. Dette er flott, og eg tek det som eit kompliment og bringer det gjerne vidare. Den siste som skraut, var Dag og Tids berykta og dyktige korrekturlesar Klaus.

- Eg bloggar på nynorsk eller engelsk. Engelsk dersom eg skriv med tanke på målgruppe som ikkje forstår norsk, for eksempel mine kilder i Finland frå sommarens reportasjetur. Eg skriv ikkje veldig bra engelsk, og eg er fullt klar over det.

- I Klassekampen skreiv eg kommentarar på nynorsk, og saker på bokmål fordi der var eit sinnsykt tidspress på å levere sakene, og då var bokmål meir praktisk sidan eg då slapp sitte med både ordliste og synonymordliste like før deadline. Det handla dermed om eit praktisk tiltak for å unngå skrivefeil på trykk.

- Som frilanser blir eg stadig kontakta av folk som vil at eg skal skrive for dei nettopp fordi eg skriv nynorsk. Det er med andre ord ei myte at ein må byte til bokmål for å slå seg opp som journalist og skribent. Eg har tjent masse penger på oppdrag frå aktørar som nettopp ønsker seg ein nynorskskribent. Eg kan nevne Dag og Tid, Klassekampen, ABC nyheter og tidsskriftet Fett.

- Problem: av og til når eg har levert nynorske tekstar til medier på nynorsk, opplever eg at dei rettar inn feil, eller at dei erstattar korrekte nynorskord med uforståelige nynorskord som eg vil omtale som arkaiske. Dette liker eg ikkje, og eg tek det som eit teikn på at mange som korrekturles artiklar på nynorsk, faktisk ikkje er klar over kva ord på nynorsk som er lov eller ikkje lov.

Nynorskbruk

- Eg skriv som journalist nynorsk og bokmål om ein anna i media, alt ettersom kva eg har lyst til. Eg beherskar begge. Om mediet ber om nynorsk, skriv eg nynorsk. Ber dei om bokmål, skriv eg bokmål. Får eg velge sjølv, vel eg sjølv og kler på artikkelen det språket eg føler passar best.
- Nokre saker skriv eg på bokmål fordi eg meiner det er lettare og meir praktisk der og då, blant anna om eg har stort tidspress og veldig kort tid på meg slik som i Klassekampen, andre på nynorsk fordi nynorsk kler stoff frå Vestlandet og Sogn og Fjordane, samt stoff som er "signert meg" - kommentarstoff, bloggstoff - det vil seie stoff som kjem frå min penn, mitt hovud, som er mitt stoff. Eg tenker trass alt på nynorsk.

- Om eg skriv upersonleg stoff, eller ein leiarartikkel på vegne av ei avis - altså ikkje på vegne av meg sjølv - kan eg godt skrive bokmål. Feks ein kronikk i Aftenposten som eg følte var ein ganske upersonlig kommentar til mediedebatten, sjølv om det var mi meining. Artikkelen om lokalmedier i Sogn og Fjordane i sommar, skreiv eg derimot på nynorsk. Desse språkvalga til artiklar er personlege, og det er ikkje nødvendigvis logikkk i desse valga for ein utanforståande, men det er svært bevisste valg frå mi side når eg vel nynorsk eller bokmål. Eg er med andre ord svært bevisst på språkbruken.

- Eg er også klar over at denne måten å velge språk til ulike artiklar, provoserer ein del nynorskfolk. Dei forstår ikkje at nynorsk kler noko stoff betre enn anna stoff. Til dei kan eg sei: dette er personlege valg eg gjer utfrå mitt syn på kva språk eg meiner fungerer best for meg på denne artikkelen, og den som vil kome med motargument er sjølvsagt velkomen, men eg kler på artiklane mine språk som eg synest passar. Eg spør ingen om lov, med mindre dei som sagt er bestilt på nynorsk eller bokmål.

- Det finst fleire som meg som har eit så bevisst forhold til språkbruken sin og ikkje utelatande høvla ned, eller skriv på, bokmål eller nynorsk.

- Noko av det dummaste eg høyrer, er nynorskfolk som slenger drit om bokmål og så ler av det sjølv. Det er ganske platt, men det høyrest faktisk ut som om ein del nynorskfolk sterkt misliker bokmål, kaller det eit platt og enkelt språk, og seier at dei som skriv bokmål, gjer eit enkelt, billeg valg. Dette argumentet heng ikkje på greip som argument for nynorsk. Det einaste dette argumentet fortel oss, er at den som kom med det, har gått tom for argumentasjon. Eg for min del skriv begge språka.

- Eg skriv fiksjon på bokmål av den enkle grunn at når eg skriv bokmål, får eg større avstand til handling og personar. Dette gjer det lettare å gå inn i scener og handling, og er eit typisk argument for nynorskfolk som skriv fiksjon på bokmål.

- Eg skriv epost på nynorsk, fordi epostar er frå meg personleg.

- Eg skriv oppgåva mi på studiet på engelsk fordi det er eit internasjonalt forskningsfelt som knapt finst i Norge, og fordi eg vil at dette feltet skal kunne lese det eg skriv. Samandrag på norsk. Noko anna hadde vore heilt hinsides i og med at feltarbeidet er utført i India. Ei slik oppgave er ikkje eit personleg prosjekt, men eit profesjonelt bidrag til forskningsfeltet, og treng dermed ikkje min personlege signatur i form av nynorsk språkdrakt, eller norsk for den del. Eg veit at enkelte masterstudentar seier dei skriv på norsk fordi det då blir meir personleg. For meg heng ikkje dette argumentet på greip. Ei slik oppgåve er for meg upersonleg sjølv om den er ført i pennen av meg. Korleis ellers kan den vere ei vitenskapleg oppgåve innanfor medisin?

- Ein anna ting eg tek sterk avstand til, er argumentet om at ein skriv bokmål fordi bokmål er maktelitens språk. Dette klassepratet er med å forvirre og distrahere folk vekk frå det som er dei virkelige problema i nynorskdebatten, nemleg at folk ikkje greier skrive nynorsk rett. For mange bidreg maktpratet rundt nynorsken til å framandgjere dei for debatten, og maktprat rundt språket fører også til ein elitifisering av debatten, samt ei teoretisering, heller enn ein praktisk debatt rundt kva som faktisk er problema til nynorskbrukarane.

- Eg synest også det kan verke som om argumentasjonen om makt og språk, veks utfrå målfolk sine eigen opplevelse av å ha mindreverdighetskomplekser for språkbruken sin, noko eg overhodet ikkje kjenner meg igjen i. Eg har ingen mindreverdighetskomplekser, då hadde eg for eksempel aldri gidda å blogge på nynorsk. Denne bloggen ligg jo ute slik at alle kan lese den, og alle ser at eg skriv nynorsk. Hadde eg hatt mindreverdighetskomplekser, hadde eg gått heilt vekk frå nynorsk i tekst, samt blogga på bokmål.

- Greit nok at du er minoritet som skriv nynorsk, men på den andre sida er det også status i skribentmiljøer å beherske nynorsk, og mange synest det er stilig. Nynorsk er jo eit intellektuelt anvendeleg språk, eller kva eg skal sei, og å kle på ein artikkel ei nynorsk språkdrakt kan gjere ein heil del for artikkelen.

- Eg får kun positive tilbakemeldingar på min nynorsk, bortsett frå frå enkelte pirkete nynorskfolk som skal flikke på bruken av eit spesifikt ord dei finn i ein av mine tusen artiklar. Slike pirker bidrar ikkje positivt for nynorsken. Dessutan står det i nynorskordlista at ein kan nytte dei orda som fell seg naturleg, ergo gjer eg det og dei som pirkar, bør lese ordlista.

- Og for den som trur at eg ligg i krig med nynorskskribentar og sånne folk, kan eg berre fortelle med ein gong at det er feil. Mange av nynorskens tydeligaste frontfigurar, både forfattarar, journalistar, språkrådsfolk og redaktørar, i og utanfor/ frå og ikkje frå, Sogn og Fjordane, er innanfor mitt omgangsnettverk. Vi møtes, ringes, jobbar ilag og besøker kvarandre for ein bedre middag. Vi har kort sagt mang ein god diskusjon. Ueinigheita utad er i stor grad konstruert av media, med unntak av målrørsla sine folk sjølvsagt, og til og med der har eg kebabvenner. Det vil sei den påtroppande sjefen.

- Så den som heretter hevdar at eg er ein fornektar av nynorsk, veit at han/ ho bedriv løgn og tullprat. Og den som feilsiterer meg, har ikkje gjort researchen sin. Denne bloggen er tilgjengelig for kven som helst når som helst, og ein finn den lett via googles søkemotor. Dessuten kan alt stoff tidligare skrive om saken oppspores uten mykje om og men.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb