Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2012

Fifty shades of kiosklitteratur

Fifty Shades of Grey er først og fremst interessant som fenomen. I kvalitet har dei mange fellestrekk med kiosksjangeren. Du veit det frå før, men lat oss ta det igjen. Fifty Shades of Grey -trilogien er, ifølge Gyldendal, historias raskast seljande bøker. Bøkene er solgt i over 20 millionar eksemplar i USA, 12 millionar i Storbritannia, og slik kunne vi ha halde fram. Marknadsført som «bokserien alle snakkar om» og tidenes største bestseljar, sel den som hakka møkk, også i Noreg. Men Fifty Shades er alt anna enn kvalitetslitteratur. Bøkene er først og fremst eit interessant fenomen, og kan lesast som nettopp det. Det mest spennande er dermed ikkje handlinga, men kvifor bøkene sel. Dette skal eg kome tilbake til, men først skal vi ta ein kikk på kva fenomenet Fifty Shades of Grey er for noko. Les heile mitt essay hos Minerva.   

Barne-TV videoar med fakta om dyr!

Eg har laga nokre filmsnuttar med fakta om dyr! fakta om høner og egg from anne viken on Vimeo . Fakta om høner og sex! from anne viken on Vimeo . Fakta om kaninar og mat from anne viken on Vimeo . Fakta om høner og luft! from anne viken on Vimeo . Sjå bilete for mitt skuleprogram i forbindelse med barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane.

Ei reise i kunstformidling og vrangvilje

Kunstmusea i Sogn og Fjordane har i fleire år hatt søkkande publikumstal. KUNSTsf2012 Tour la ut på vegen og tok pulsen på kunstformidlinga i Sogn og Fjordane. Kronikk i Bergens Tidende 14.november 2012 av KUNSTsf2012 Tour. Les vå r blogg eller følg oss på Facebook. Sjå våre YouTube-episodar om kunst.  Oppspark. Nittitre millionar kroner er brukt på det nye kunstmuseet som vart opna i Førde 8. september 2012. Bygget og beløpet er knapt diskutert i media, og museet skaut for mange opp av bakken like fort som julekvelden kom på kjerringa. NRK melde om 1100 besøkjande under opninga, men opninga av signalbygget i Førde vart oversett av alle nasjonale medium. I 2011 var det berre 858 besøkjande ved museet. KUNSTsf2012 Tour er kalla opp etter opningsutstillinga, KUNSTsf2012, og er ei sjølvfinansiert reise til ulike museum, kulturpersonlegdomar og kulturinstitusjonar i Sogn og Fjordane. Vi (Anne Viken og Frank Willy Djuvik) ønskte å undersøkje formidlinga av kunst i So

Portrettintervju av meg i Aftenposten lørdag

kan lesast her i PDF: Side 1 Side 2 Side 3 Takker for mange hyggelege tilbakemeldingar:) Og by the way. I 2010 gav eg ut ein boksingle beståande av tre tekstar på Flamme forlag. Den heiter XXX og kan lastast ned her, gratis.

Dyrelegepraksis for skuleelevar!

I forbindelse med skulebesøk med barneboka mi, Elise og mysteriet med dei døde hestane, som passar for aldersgruppa 10-100 år, har eg laga eit skuleprogram om dyrlegepraksis. Eg viser foto av dyr og foto frå praksis, og her ser du ein liten smakebit frå programmet. Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spenningsbok for barn og ungdom, utgitt på Samlaget i august. Boka er den første i ein serie spenningsbøker om hest, dyrlegar og livet på bygda. Les omtalen hos NRK. Ein dag var eg på Flatene skule i Førde og snakka for 1.-4.klasse i to puljar på a hundre elevar i 45 minutt per pulje. Det var veldig gøy. Ungane var veldig engasjerte. Først fortalde eg om å vere dyrlege, så las eg passande passasjar frå boka og så viste eg mange bilete. Når eg viser bilete, spør eg ungane kva dei trur dei ser, eller andre spørsmål relaterte til bileta, og det var ein utruleg respons. Dei var altså heilt med. Eg prøver trekke dei med så dei er delaktige heile vegen, og wow, for eit engasj

Markedsføring av barnebok i matbutikkar!

Eg har teke ein ringerunde til matbutikkar og solgt boka til dei! Det blir veldig bra fordi då står boka lett tilgjengelig i matbutikken der folk handlar. Folk treng ikkje reise til ein bokbutikk eller planlegge korleis dei får tak i den. Dei får rett og slett tak i den når dei kjøper seg mat! Dette synest eg er ein god ide. Difor har eg altså latt Elise og mysteriet med dei døde hestane bli matbutikkbok i tillegg til at den er bokhandelbok! Og matbutikkane er kjempepositive. Over ser du butikksjef Jarl Tyssekvam, Sparbutikken på Sande i Sunnfjord. Over ser du utstillinga i matbutikken på Viksdalen. Plakaten følger med boka. Og til slutt: under ser du utstilling av boka hos Spar på Jølstraholmen. Glimrande! Med på kjøpet får butikkane artiklar om boka, plakatar og omtaler frå media som dei kan nytte som dei vil. Spar Jølstraholmen har hengt dei opp over boka. Så kan folk lese litt om den før dei bestemmer seg. Lågterskel boktilbod til publikum der publikum er.

Nynorsk er kjempelett, seier bokmålselevar som har lese Elise og mysteriet med dei døde hestane

No er det over to månader sidan barneboka kom ut, og det eg synest er ekstra gøy, er tilbakemeldingane frå lesarar i bokmålsområder. Idag fekk eg ein epost frå ein bestefar som fortel at barnebarnet, som er bokmålselev og ingen lesehest, har lese boka i ein fei, blitt kjempebegeistra, skrive om den i sidemål og fått 5! Det er kjempemoro. Andre tilbakemeldingar går på at nynorsken i Elise og mysteriet med dei døde hestane er veldig enkel. For å dra eit direkte sitat: "Men nynorsk er jo ikkje det minste vanskelig!!" Sitat, bokmålsbarn. Så nynorsk er ikkje det minste vanskeleg, om ein får ei bok ein liker på eit lett språk. For språket i Elise-boka er eit enkelt språk, uten vanskelege ord og vendingar, ribba for det ein måtte tenke på som arkaiske vendingar. Det er plain, enkel, rett fram nynorsk slik eg liker å ha den sjølv. Så kom igjen, bokmålsfolk og lærarar som underviser i sidemål. Elise og mysteriet med dei døde hestane er lett å lese, sjølv om den er på nynorsk!