Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 14, 2011

Origo.no, ei søppeltønne på nettet./ Det finst mange ord for drittslenging og pisspreik. Nokre kallar det ytringsfridom.

Det er interessant å lese sitata frå Origo.no i Firda 13.januar der Arne Hansen, mellom andre, står fram som rasist med grove og usaklege påstandar om muslimar. Arne Hansen: Origo.no er eit offentleg forum. Du bør tenke deg over kva du seier der. No veit eg for all framtid ar Arne Hansen er ein person som er grov i kjeften, rasisistisk og ein type det er litt synd på. For driten han serverte på nett, kom tilfeldigvis i avisa. Lesarbrev i avisa Firda lørdag lørdag 15.januar 2011. Eg siterer: «MUSLIMAR må aldrig få overta noko ex.bedehus i GAULAR!! Då er det bedre å rive det ned til grunnen. Eller i verste fall brenne det ned. MUSLIMAR betyr som oftast problem! Det har en alt for mange bevis på ,her i landet.» Punkt ein. Bedehuset i Gaular, Heimly på Hjelmeland, er solgt. Det er hyggelig at du vil sende muslimane hit til Bygstad, men eg trur dei fleste muslimar i Førde ville oppfatte det som ganske tungvint og lite hensiktsmessig å ha moskeen sin her. Litt av poenget med å ha den i F

Kulturelite, kva i hulaste er det for noko?

Kulturelite er eit ord som etterkvart har mista sin betydning. Det er eit ord eg ikkje lenger veit kva betyr, om eg nokon gong har visst det. Det peikar på folk i visse posisjonar, som et viss mat og heng på visse plassar i Oslo iført visse antrekk, visstnok. Eg veit at eg kjenner mange av desse folka. Det er omgangsvenner av meg. Men kven er dei? Eg må spørre likevel. Eg er ein sånn kvasibohem sjølv. Eg vanker på dei same stadane som kultureliten, går i same antrekk, et same type mat, er invitert på Aschehougs hagefest, har blogg, eigen spalte og bokavtaler i abonnement, så og sei. Ja, det er meg. Utdanna frå Universitetet i Oslo: mastergrad check. Kontor på Litteraturhuset. Check. Men seriøst da. Er det status å vere med i kultureliten? Begrepet er utvaska, menneska avkledd. Det er ikkje status å ha ein artikkel i Samtiden. Det er litt sånn tja, jasså ja. Du er treg og konform? Skratt. Tøffe damer søker sprekare utfordringar enn artikkel i Samtiden osv. Keep it basic. Samtiden er