Gå til hovedinnhold

Kulturelite, kva i hulaste er det for noko?

Kulturelite er eit ord som etterkvart har mista sin betydning. Det er eit ord eg ikkje lenger veit kva betyr, om eg nokon gong har visst det. Det peikar på folk i visse posisjonar, som et viss mat og heng på visse plassar i Oslo iført visse antrekk, visstnok. Eg veit at eg kjenner mange av desse folka. Det er omgangsvenner av meg. Men kven er dei? Eg må spørre likevel.

Eg er ein sånn kvasibohem sjølv. Eg vanker på dei same stadane som kultureliten, går i same antrekk, et same type mat, er invitert på Aschehougs hagefest, har blogg, eigen spalte og bokavtaler i abonnement, så og sei. Ja, det er meg. Utdanna frå Universitetet i Oslo: mastergrad check. Kontor på Litteraturhuset. Check.

Men seriøst da. Er det status å vere med i kultureliten? Begrepet er utvaska, menneska avkledd. Det er ikkje status å ha ein artikkel i Samtiden. Det er litt sånn tja, jasså ja. Du er treg og konform? Skratt. Tøffe damer søker sprekare utfordringar enn artikkel i Samtiden osv. Keep it basic. Samtiden er dei middelaldrandes leikegrind for publisering av politisk korrekt tankegufs. Difor støvar det ned på lager. Dei einaste som bryr seg, er ja ganske riktig, artikkelforfattaranes forfattarar og kollegaer. Difor kjem det litt i media av og til. Men kva betyr det eigentlig? Kvar er makta? I dei støvete kassar kontakt med golvet dei står på?

Well. Kulturelite. Kva i hulaste er det for noko? Eg kjenner haugevis av dei. Trur eg. Men kven er inne og kven er ute og kven er på kanten? Anar ikkje. Og om alle desse som eg antar er med, er med, så er kultureliten ganske stor. Og kva, når alt kjem til alt, ligg i begrepet kulturelite?? Eg har seriøst inga aning lenger. Eg gir ein god dag i det. Eg gir så og sei totalt bang. Folka som er med eller ikkje med, er folk, og folk er folk. Autoritetatar har eg liten respekt for og liten interesse for å sjå opp til. Posisjon følger ikkje alltid kompetanse og vett. Det er ei erfaring ein gjer seg i media.

Eg ser opp til dyktige mennesker og kven er dei? Det er ein form for elite. Eg synest det er glitrande med folk som får til ting og det er det ikkje alle i den meg-definerte kultureliten som gjer. Der er nemlig ein haug med døgeniktar og rævsleikarar innanfor begrepet. Ein haug med usjølvstendige, plaprete kjedelige folk som har lite anna enn oppgulp å kome med. Dei heng på kulturelitens festar. Og dei er trege som den tregaste støvklatt. Eg er sikker på at ein del av desse definerer seg sjølv, i sin udugelighet, innanfor kultureliten. Fordi å vere med i ein slags kulturell elite er eit stempel som dekker over inkompetanse og innbilt innsikt,  sin mangel på originalitet og det faktum at du ikkje har laga eit einaste avtrykk i dei nytenkande menneskas rekker. Og slike mennesker kryr det av i dei såkalt kreative kretsar. Det er tøft å vere kreativ. Er dei kreative ein del av kultureliten? Kven av dei?

Og eg er meg sjølv. Eg gjer mi greie. Om det blir definert som kulturelite eller kva som helst, det er ikkje så farleg. Eg kan omgi meg med smartasses, ete tøff mat og henge på Kunstnernes hus om eg vil. Før var eg fast inventar på Litteraturhuset, kvar dag. Kultureliten er over alt. Vil eg tru. Med si falma sminke, sine sigarettar, sine forfeila bokprosjekt og treige middager. Mange vil vere med, mange vil stå utanfor. Kven desse folka er, er meg ei gåte men eg antar å vere omringa av ganske mange av dei på ein heilt vanleg dag. Det er ikkje eit problem i grunn. Det er ein fordel. Vil eg tru. Mange av dei er kloke, kule folk med vettige tankar og gode prosjekt. Og det er dei eg held meg til. Så får resten støve ned.

Eg aner ikkje kven eg skriv om. Eg skriv berre generelt om erfaringar frå kulturelitemiljø og påstander om kven som høyrer til.

Kvekk.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys