Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 15, 2011

Iselin Alvestads magiske univers: Alanya-serien

Eg har lese gjennom Iselin B. Alvestad sin serie om Alanya. Først las eg bok nummer to, så nummer fire, så nummer ein og til sist nummer tre. Litt hakkete rekkefølge på det som er meint å vere ein serie barnebøker i rett rekkefølge. Fin underhaldning sjølv om spenningen blir litt kverka når ein har lese nummer fire og veit at ting går bra til slutt. (Der kjem også ei nummer fem). Oppsummert vil eg slå fast at nummer to og tre er dei klart beste. I nummer ein er Alanya veldig barnslig og lita. Tolv år. Ein veldig barnslig tolvåring. Men kanskje er overgangen til å lese om Alanya i bok ein, etter å ha lese bok to og fire først, litt stor. Jenta har trass alt gått gjennom ei ganske stor utvikling som menneske frå bok ein til fire. I bok ein "Veien følger hjertet" har ho levd heime i eit skjerma liv hos onkelen, Pip og kona hans, Munny. Alanya gjennomgår stor utvikling til bok nummer to, eit kvantesprang vil eg sei. Ho er nesten ikkje til å kjenne att. Eller jo, ein kjen