Hepp folks, fans og andre der ute i den ganske verden. Først vil eg sei at lat bilen stå. Bruk beina og sykkelen. Som den klimafantasten eg har utvikla meg til å bli over den siste dekaden vil eg hevde det vil vere sunt for både figuren, helsa og kloden ellers å bruke sykkelen og la bilen stå. Det er alltid ein viss fare når ein hevdar slike ting, enkelte vil kalle deg for moralist. Folk likar ikkje at du kjem her og kjem her. Men ålreit. Da vil eg i samma slengen oppfordre deg til å lobbe for at du skal få reise gratis på trikken. Her sitter eg på QBA å drekka te. Det er aboslutt ikkje det verste ein kan bedrive ein søndagskveld i Tigerstaden med. Lørdag la FNs klimapanel fram synteserapporten, det endelige dokumentet som policymakers over den ganske klode skal bruke til å smi ihop nye klimatiltak og vidare Kyoto-avtale. Havet vil stige, det kjem til å bli bygd sluser i to av fjordane inn til Bergen i løpet av dette århundret, kort sagt for å hindre byen i å flaume over, og Bergen er ...