Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 5, 2012

Markedsføring av barnebok i matbutikkar!

Eg har teke ein ringerunde til matbutikkar og solgt boka til dei! Det blir veldig bra fordi då står boka lett tilgjengelig i matbutikken der folk handlar. Folk treng ikkje reise til ein bokbutikk eller planlegge korleis dei får tak i den. Dei får rett og slett tak i den når dei kjøper seg mat! Dette synest eg er ein god ide. Difor har eg altså latt Elise og mysteriet med dei døde hestane bli matbutikkbok i tillegg til at den er bokhandelbok! Og matbutikkane er kjempepositive. Over ser du butikksjef Jarl Tyssekvam, Sparbutikken på Sande i Sunnfjord. Over ser du utstillinga i matbutikken på Viksdalen. Plakaten følger med boka. Og til slutt: under ser du utstilling av boka hos Spar på Jølstraholmen. Glimrande! Med på kjøpet får butikkane artiklar om boka, plakatar og omtaler frå media som dei kan nytte som dei vil. Spar Jølstraholmen har hengt dei opp over boka. Så kan folk lese litt om den før dei bestemmer seg. Lågterskel boktilbod til publikum der publikum er.