Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2011

Eventyr eller bissniss? Nortura og Norad drog til Uganda for å starte kjøteksport til Europa. Eg drog etter. Les reportasjen i Nationen 30.april

Ein møter enorme utfordringar i Afrika. For det meste knytt til kvaliteteskrava Europa stiller til kjøt. Barrierane er store. Her: transport. Kyr på veg til slaktehuset i Kampala frå den lokale marknaden.  Telefonfarmer: bissniss i Kampala, bonde i helga.  Slaktebil på veg til Kampala. Fullasta av folk og kyr. Korrupsjon er vanleg. Munn og klauvsjuke endemisk. Veterinærane som snakkar om dyrevelferd vert jaga og politimelde. Er dette eit land som kan produsere mat for Europa i løpet av få år? Top Cuts slakteri i Kampala får hjelp i form av opplæring frå Nortura. Dei slaktar halal utan bedøving med manchete. Er dette mulig å endre? Det må endrast om kjøtet skal til Europa. Europa har verdas tøffaste krav til importert kjøt både når det kjem til slakterihygiene, helse i populasjonen og slaktemetode. Det er ein grunn til at MUL-land ikkje greier levere kvotene sine: dei kjem ikkje forbi kvalitetskrava.  Klauver er ei delikatesse. Kvar og ein eigar av ku følger dyret gjennom sla

Eg utfordrar Bioforsk til å forklare oss kvifor økolandbruket anbefaler homeopati framfor skulemedisin.

Direktør Bioforsk Økologisk Kristin Sørheim skriv i eit innlegg på Oikos sine nettsider at kjendisblogger (??) Viken har gått ut mot økolandbruk. Sørheim skriv at ho har også registrert en del synsing om at det blir forsøkt alternative behandlingsmetodar i øko husdyrhald (...). Ein variant av dette lesarbrevet har stått på trykk i Klassekampen 28.april 2011. Sørheim rullar tomme tønner og det kan sjå ut til at Bioforsk-direktøren ikkje kjenner til regelverket for hald av øko landbruksdyr. Difor skal eg her skyte ned Sørheims tomme tønner bevæpna med økos eige regelverk.    Ein treng ikkje synse for å snakke om homeopati i økolandbruk Det er økolandbrukets eige regelverk vi snakkar om, og det er verkeleg nok. Ein treng ikkje synse når ein veit at veileder B om økologisk produksjon anbefaler alternativ behandling som førstebehandling når dyr i økologiske besetningar blir sjuke. Det held å sitere direkte punkt 4.7:  Sykdomsforebygging og veterinærbehandling: «Naturlige terapeuti

Bomull som dreper? I jakten på økt produksjon og en posisjon i det globale markedet, har India tatt i bruk transgene bomullsplanter. Da begynte sauer og geiter å bli syke.

GUMMADIVALLA, ANDHRA PRADESH: Veien snirkler seg gjennom flatt, tørt landskapet. Okser med åk på ryggen trekker plog i rismarkene. Sakte, steg for steg, skulder ved skulder, trekker de hvite oksene plogene fremover der de vasser til knes i vann og planter. Vannkranene i hjørnene av de firkanta markene pumper vann opp av grunnen, og står på så lenge landsbyen har strøm. Noen rismarker ligger tørre og brakk med avskrudde kraner. Kvinnene står bøyd og jobber med plantene. I India: Anne Viken (tekst og foto) Artikkelen er publisert som en del av en reportasjeserie påska 2009 i Klassekampen. Insektgift farlig for sau Noen få høster også bomull, men det meste av bomullen er høstet nå (desember). Etter at bomullsballene er høstet, slipper bøndene sauer og geiter ut på bomullsmarkene for å beite på plantene som står igjen, men noe ser ut til å være galt. I dette området, rundt to timers kjøring fra millionbyen Hyderabad, har det siste fire årene blitt rapportert om flere tilfel

Den grøne revolusjonen førte høgtytande husdyrrasar til India. Det gjekk ikkje heilt etter planen: økologisk glipp

I ANDHRA PRADESH, INDIA: veterinær Anne Viken (tekst og foto) alle fotos i denne saka viser lokale rasar. Saka tek opp korleis ein påtvingar småskala bønder overgang til effektiv produksjon, og kva konsekvensar dette kan ha når tiltak ikkje passar med lokal økologi.   Denne saken stod på trykk i Klassekampen påsken 2009 og er basert delvis på min avsluttende oppgave i veterinærmedisin. MEDAK DISTRICT: På en åpen gårdsplass i landsbyen Peddagotti Mukkala sitter en samling eldre kvinner. I sauehuset, bak eit gjerde av stokker og pinner, står ein flokk snauklipte sauer av rasen Deccani med hakkete ull og hårløse flekker. De ser skamklipte ut etter norske forhold, men her klippes det med jernsaks og all sammenligning med Norge bør en slutte med fortest mulig. Dette er India. En kan ikke komme med «vestlige metoder» og tro at det funker på Deccan-platået der tørke tar over etter regntid, og varm dag erstattes av kald natt. Likevel er det det som skjer, og det skjer i regi

God påske til alle lesarar!

Å ikkje lytte til kritikk: Dette er eit typisk trekk ved miljø som framelskar ein ideologi eller stolpetru på heilt andre ting enn kompetanse, og når kompetansen din ikkje lenger er eit kriterie, flyt ein på anerkjennelse frå sine nærmaste. Ein treng ikkje lenger prestere og nivået blir deretter: ein forblir ved sin lest

Dette er relevant for Sogn og Fjordane. (artikkelen er før trykt som Arena-artikkel, fast lørdagsspalte i avisa Firda i november 2008) Debatt som samfunnsutvikling I mi siste Arena-spalte tenkte eg snakke litt om korleis og kvifor skape debatt, samt korleis skrive bra, fullstendig klar over at eg ruslar inn i atter eit minefelt uten fasitsvar. Meg sjølv: Eg brukar det skriflige mediet for å fremme saker på same måte som politikarar brukar politiske parti, og årsaka til at eg skriv, er ei urokkeleg tru på debatt som redskap for samfunnsutvikling og kompetanseheving. Generelt: Skal du skape debatt, treng du a) å ha eit sterkt engasjement og ei klar hensik, og b) ein penn som klarer å trigge temperaturen. Den gode pennen og debatten er med andre ord redskapar på vegen mot målet som er endring eller påvirkning av samfunnet på eit eller anna nivå. Skribentar og redaktører som ønsker å sprenge debattmuren, treng både ein spissformulert bodskap og ein god penn. I tillegg er det

Kvifor pelsnæringas argument ikkje bit på oss

Det er samfunnsetikk, ikkje praktisk kunnskap, det handlar om. Difor kan ein ikkje avvise folk på Grünerløkka for å vere kunnskapslause når dei seier nei til pels utan nokon gong å ha vore i ein pelsdyrgard. I Firda 12.april seier pelsdyrbonde Dan Ole Alme at han har vanskar med å akseptere at politikarar som ikkje har teke seg bryet med å besøke ein pelsdyrgad skal felle dødsdommen over næringa. Men fordi det er etikk dette handlar om, kan ein ikkje kritisere politikarar som tar avstand frå pels for at dei aldri har vore i ein pelsdyrgard.  Samfunnsetikken er dynamisk og i utvikling, den er idebasert, mindre enn praktisk erfart, og difor er det ikkje ulogisk at vår tids urbane befolkning seier ja til å verne ulven som våre foredre kjempa mot i hundrevis av år. Den gong handla ulvejakta om overlevelse, men idag har vi kome lenger i Maslows behovspyramide. Vi lever på toppen, og fordi vi lever på toppen, meiner mange at vi kan tillate oss å sei ja til ulv. Og fordi vi lever på t

Debattomtale: Bedriftsforbundets paneldebatt mellom fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane, Førde 14.april:

Terningkast TO. Eg savnar friskare ordveksling, konkrete henvisning, konkrete tiltak, innhald og at politikarane viser at dei har kompetanse og innsikt i sakene dei snakkar om. Dette var i stor grad fråverande hos alle utanom Trude Brosvik (Krf) og Frank Willy Djuvik (Frp). Frå innleiinga til Bedriftsforbundet: (til stades var ei handfull mennesker) Siste hundre åra har vi blitt 17 000 menneske meir i Sogn og Fjordane. «Vi skal bli eit fylke der det er trygt og enkelt å ferdast» er slagordet. Og Bedriftsforbundet ber fylket prioritere brukarfinansierte bompengeprosjekt i Sogn og Fjordane. Offentlig og privat har spleisa på internett med 150 millionar kroner. (Ja og det virkar «kjempebra»). Vi skal bli eit fylke der alle løfter i flokk (dvs at folk skal punge ut frå eiga lommebok for å få vegar som ikkje rasar ut og drep ungane deira). Norvald Nøringset (SV) snakkar om at SFJ ikkje har satsa på sentrumsutviklin og ergo kome i bakleksa. Difor må ein no satse på utvikling av s

Det nye norske klimaårhundret

Artikkel av meg i Morgenbladets julenummer 2006. Den er ganske interessant om lokale klimaendringar i Norge. Klimaflyktningar frå søreuropeiske ørknar? Ekstremver langs kysten? Klimaendringane er over oss. Konsekvensane i Norge vil bli dramatiske. Det er på tide å forberede seg.   .

Lokal Agenda 21 har aldri blitt noe mer enn symbolpolitikk i Norge

Frå arkivet, artikkel i Klassekampen  19.mars 2007 Symbolsk miljøpolitikk Reduserte tilskudd og svekket realkompetanse slår beina under det lokale miljøarbeidet. Lokal Agenda 21 har aldri blitt noe mer enn symbolpolitikk i Norge, mener forsker Carlo Aall. I Rio de Janeiro i 1992 ble det avholdt en FN-konferanse om miljø og utvikling, og en internasjonal handlingsplan for bærekraftig utvikling - Agenda 21 - ble utformet og vedtatt. Under Gro Harlem Brundtlands ledelse holdt Norge en høy miljøprofil både under og i forkant av Rio, og seilte internasjonalt opp som en foregangsnasjon. Lillehammer 1994 bekreftet vår rolle som fanebærer, men i 1997 brukte kun 17 prosent av norske kommuner handlingsplanen Lokal Agenda 21 (LA21) i sitt miljøvernarbeid. Hvor gikk det galt? Carlo Aall, forsker ved Vestlandsforskning i Sogndal, mener den viktigste årsaken er at en nasjonalt har nølt med å følge opp med støttetiltak. - Vi har ikke bærekraftig utvikling lokalt. Norge har ikke skjønt sa

Arild Rønsen fell for eigen retorikk

Nynorsk må tas livet av, skriv Arild Rønsen på kronikkplass i Klassekampen 11.april. Av økonomiske og ressursmessige grunnar. Utfrå denne forklaringsmodellen, og Rønsens argumentasjonsrekker, vil eg påstå det også er samfunnsøkonomisk forsvarleg å ta livet av Arild Rønsen;) Hihi

Kvifor er det greit at folk på løkka seier ja til ulv, og at folk utan peiling på pels har lov å vere mot pelsdyrnæringa? Svaret ligg i vår tids samfunnsetikk.

Det er etikk, ikkje kunnskap, det handlar om. Difor kan ein ikkje avvise folk på Grünerløkka for å vere kunnskapslause når dei seier nei til ulv utan nokon gong å ha sett ein sau. Og fordi det er etikk det handlar om, kan ein heller ikkje skulde på folks manglande praktiske erfaring med, og innsikt i pelsdyrhald, når dei seier nei til pels. Fordi ulv, pelsdyr og folk på Grünerløkka lever i same samfunn, kan folk på Grünerløkka meine noko om pelsdyrhald i Trøndelag utan nokon gong å ha vore der. Det handlar ikkje om moralisme eller vankunne, men om samfunnsetikk. Samfunnetikken er dynamisk og i utvikling, og difor er det ikkje ulogisk at vår tids urbane befolkning seier ja til å verne ulven som våre foredre kjempa mot i hundrevis av år. Den gong handla ulvejakta om overlevelse, men idag har vi kome lenger i Maslows behovspyramide. Vi lever på toppen, og fordi vi lever på toppen, kan vi tillate oss å sei ja til ulv. Det er plass til både ulv og folk i Norge. Og fordi vi lever på toppe

Det er ikkje berre dyrevern å vere mot pels, det er fagekspertise

Det er ikkje dyrevern å sei nei til pels. Det er fagkompetanse i praksis.  Kronikk trykt i Firda 13.april 2011 etter Aps landsmøte. «Dyrevernarar kuppa Ap» stod det på framsida av Firda mandag 11.april. Dette er ei sanning med modifikasjonar. Det er lenge sidan det var utelatande dyrevernarane som arbeidde for å få lagt ned pelsdyrnæringa. No er det fagfolk som står på barrikadane. I Firda mandag seier pelsdyroppdrettar Finn Årdal at avgjerda på Aps landsmøt, der dei går inn for avviklikng av pelsdyrnæringa, er eit resultat av ein kampanje frå dyrevernarar, der NRK spesielt har slukt materialet rått. Folk gjer seg opp meiningar ved det dei får servert i media, seier Årdal og ein kan spørre seg korvidt Årdal har fulgt med på fagdebatten rundt pels dei seinaste åra.  Det er ikkje berre såkalte dyrevernarar som er mot pels. Det er også ekspertise- og fagmiljø, og det er desse Ap viser til i sin uttalelse frå landsmøte: «Arbeiderpartiet mener det er forbundet med store utfordringer

Nøkkelholslureri?? Og er momskutta mat bra for deg?

Nøkkelholet skal gjere det lettare å treffe det sunne valg, seier den danske fødevareministeren Eva Kjer Hansen i You tube- filmen «Nyt nordisk ernæringsmærke – Nøglehullet». Påstanden blir ironisk når ein ser på enkelte av nøkkelholsmatvarene. Denne artikkelen stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 9.april 2011. Fjærkre er eit av desse nøkkelprodukta som skal gi oss eit betre liv. Gitte Gross, leder for Nationalt Videncenter for Fødevarer og Sundhed, seier det er vanskeleg for forbrukaren å gjennomskode om eit produkt er sunt eller ei. Nøkkelholsmerket skal gi ei tolkning av varedeklarasjonen og på hjelpe forbrukaren å velge. Eventuelt ei fordreining. Kiwi har vore ein hard marknadsførar av nøkkelhol og seg sjølv som ein grøn aktør. På Kiwi sine nettsider for momskutt og nøkkelholsider finn vi ulike variantar av kyllingfilet, kyllingkjøtdeig, strimla kylling, kyllingfilet taco, krydderskinke kalkun, kalkun naturell, kalkunfilet krydret og så bortetter: kvitt kjøt alt

Aps landsmøte har gått inn for å avvikle pelsdyrnæringa! Gratulerer!

No er det berre å fortsette arbeidet mot pels fram til eit totalforbod ligg på bordet. Vi kan håpe at det ikkje ligg langt inn i framtida. Å forsvare pels i vårt samfunn er ikkje mulig, verken utfrå etikk, fag eller økonomi. Det er ei næring frå fortida, ikkje ei næring for framtida. - 6 av 10 Ap-velgere er mot pels - Pelsnæringen gir bare få og ustabile deltidsarbeidsplasser - Likevel mottar pelsnæringen nesten 50 millioner av våre felles skattekroner hvert år Eg har gått gjennom den nye pelsdyrforskrifta og den viser tydeleg ei næring langt bakpå. Dei krav som er sjølvsagte, så sjølvsagte at ein ikkje ein gong nevner dei for hald av andre dyreslag, er praktiske reglar i dagens pelsregelverk. Arbeiderpartiets vedtak om pelsdyroppdrett "Styrt avvikling av pelsdyroppdrett etter en overgangsperiode med omstillingsmidler Arbeiderpartiet mener det er forbundet med store utfordringer innen dyrevelferd i pelsdyrnæringen - noe både Den norske veterinærforening og Veterinærinst

Les helgas Klassekampen: momskuttlureriet og nøkkelholsspøken

Om kor helsefarleg og lite etisk nøkkelholsanbefalingar om kvitt kjøt er for deg som konsument. Korleis Kiwi, utan å vite det sjølv, anbefaler deg helsefarleg kvitt kjøt. Det er vanskeleg å tenke seg at Kiwi har gjort eigen research, dei har gjerne berre hoppa på nøkkelholets historier. Er det snart på tide å kalle ein spade for ein spade: pelsdyroppdrett er ikkje landbruk. Kylling og kalkun er heller ikkje landbruk: det er industriproduksjon på linje med fiskeoppdrett. Kvifor kan vi i grunn kalle kylling og kalkun for landbruk når vi ikkje kan kalle fiskeoppdrett for landbruk? Logikken er ikkje særlig klar. Det er mengdeproduksjon i industrielle mengder. Det handlar ikkje om å bruke landet. Det handlar om bigger, faster, cheaper: produsere mest mogeleg for lågast mogeleg kostnad. Ordet er industri. Fisk, kylling og kalkun er ikkje landbruk. Ei heller pels. .

Støtter AUFs ønske om totalforbod mot pels

AUF vil ha forbod mot pels, medan Ap er i tvil. Det går an å håpe at Ap går inn for eit forbod, eventuelt eit kutt i tilskota til pelsdyrnæringa i Norge. AUF går i spissen for å få landsmøtet i Ap til å vedta avvikling av pelsdyrnæringa, og er viss på å vinne fram. Les saka hos Nationen. Les min kronikk i Aftenposten mot pels sett opp mot Lov om dyrevelferd. I kommentarfeltet ytrar ein lesar bekymring for kva det neste kan bli: forbod mot selfangst og kvalfangst? Ja, det får vi da inderlig håpe. Og så er det tid for å rydde opp i kylling- og kalkunnæringane, dagens desidert verste norske landbruksnæring. Langt verre enn pels, men pels er eit produkt vi ikkje har behov for, medan det nok vil vere verre å venne folk av med kylling. Les min kommentar i helgas Klassekampen side tre om nøkkelholsbløffen og Kiwis arbeid for å framstå som Norges fremste forsvarar av dårleg dyrevelferd i sine kylling- og kalkunkampanjer. Momskuttkampanjen er ein kampanje som utelatande marknadsfører kjøt fr