Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 8, 2009

Oslo - winter wonderland

Låg kvalitet på seminarundervisninga ved UiO

All undervisning er kunst, skriv lærer og psykologistudent Cecilie Benneche på lesarbrevplass i Aftenposten idag (8.feb 1009). Hennar reaksjon er svar på kronikken av Svein Tore Marthinsen i same avis, der Marthinsen skriv at seminarundervisningen bør innta ei nøkkelrolle ved universiteta. Min umiddelbare reaksjon var at denne kronikken var både svært naiv og tufta på smale eigne erfaringar som seminarleder. Seminarundervisninga slik den er per i dag, er iallefall ikkje på SV-fakultetet anna enn reine sorgen på mange av faga. Eg reagerte som Benneche då eg las kronikken. Ho skriv: "Jeg har imidlertid vært på så mange dårlig ledede seminarer at jeg finner det viktig å si noe om dette". Eg er heilt einig. Mi, og mange andre si erfaring med DEI OBLIGATORISKE seminara ved Universitetet i Oslo (eg har ein bachelor i Internasjonale studier ), er at dei held eit så lågt fagleg nivå at det er kort sagt bortkasta tid. Mykje tid går med på å gi informasjon om korleis seminara skal leg...