Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 26, 2013

Skal bønder få behandle sjuke dyr sjølv?

Onsdag 24.juli gjekk debatten på NRK Sogn og Fjordane om korvidt norske bønder skal få tilgang til å behandle sjuke dyr utan at veterinær har vore på staden og stilt ein diagnose . Problemstillinga har vaka i kulissene lenge, og det er ei problemstilling som er verdt å diskutere. Som veterinær har eg arbeidd i Sverige i praksisområder med såkalt delegert behandling for gris og kjøtfe, det vil sei eigenbehandling, og eg vil fortelle litt om korleis dette fungerte.  Ordninga fungerer slik: bønder som er med på ordninga har tilgang til å behandle enkelte diagnoser på dyra sine sjølv, utan å kontakte veterinær og varsle om at dyret er sjukt. Bonden får også hente ut legemiddel, men kun visse preparat og kun til visse avgrensa diagnoser. Veterinæren kjem med nokre vekers mellomrom, tre til seks, litt avhengig av sjukdomsbilete og tilhøve på garden, ut til garden for å sjå over besetningen og gå gjennom medisinbruken. Alt må nøye loggførast. Det er fortrinnsvis dei større gardane som