Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 8, 2011

Om å bruke seg sjölv i kommentarar og kronikkar

Höyr sendinga frå Dagsnytt 18 mandag, 48,5 minutt ut i sendinga snakkar Knut Olav Åmås frå Aftenposten om "Difor blir eg ikkje bonde". Det er snakk om personlege fakta som er politisk relevante for å belyse ei politisk sak eller ein kulturell prosess, blant anna, seier Åmås. Det er ein måte å löfte tunge, store og viktige debattar i samfunnet på. Om "Difor blir eg ikkje bonde" seier Åmås: Denne kronikken delte tusenvis på Facebook, og titusenvis las den på nett. Delvis var det fordi den var velskreven, delvis fordi eg brukte det personlege frå eige liv. (Takk for det:) "Det er viktig å konkretisere og bringe ned på bakken store, og gjere store debattar tilgjengelege for folk. Å vere personleg, sakleg og relevant for ei sak." Dette er eg sjölv veldig opptatt av: gjere ting tilgjengeleg. "Ein kan også skrive personleg utan å skrive frå sitt eige liv," seier Åmås. "Det handlar om å bringe ned på jorda, perspektivisere og tilgjengelegg