Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 28, 2011

Kaffe latte og rovdyr

Kaffe latte har i visse kretsar utvikla seg til å bli sjølve symbolet på eit bygdekunnskapslause sjikt av bymennesker. Grünerløkka i Oslo har dei siste åra blitt sjølve symbolet på Norges forkvakla befolkning utan kunnskap om verken melkekyr, rovdyr eller andre ting som har med bygda og landbruk å gjere. På lesarbrevsidene i Nationen 4.januar skriv Kristian N. Kvikstad at Grünerløkka er befolka med kaffe latte-drikkande mennesker som liker rovdyr. Kvikstad skriv vidare «Hva med å gjerde inn Nordmarka, slik at kaffe-lattedrikkerne bl.a på Grünerløkka kan få beskue rovdyrene i sitt nærmiljø?»  Men kjære Kvikstad. Du er meg ein god frekking. Greit nok at du ikkje kjenner namnet på fleire bydelar enn løkka, ikkje har vore i Oslo på mange år, men seriøst: Det er då ingen urban barsking med sjølvrespekten i behald og hipsterkåk på hippe løkka som drikk kaffe latte. Kaffe latte er berre sååå 1999. Økologisk mat, intensivt uteliv, skribentar og småbarnsmødre med siste skrik i vintage fa