Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 10, 2011

"Mat er makt" av Kaare M Bilden - ein bokomtale.

Her for eit par veker sidan hadde journalist og debattredaktör i Ny Tid, Kaare M. Bilden, ein kronikk i Dagbladet der han gjekk til frontalangrep på Senterpartiet sine fortellingar om at det er for lite mat i verda. Han gjekk også til angrep på fortellinga om at kortreist mat alltid er mest miljövennleg. Begge fortellingane blir av Bilden omtalt som myter. Det er heilt greit. Det er nemleg myter. Det er ei myte å påstå at kortreist mat alltid er meir miljövennleg, men kven er det som trur på denne myten i år 2011? Og eit spörsmål melder seg: kven er det Bilden skriv for i boka "Mat er makt" ? Den andre myta: det er for lite mat i verda, er ikkje sann, skriv Bilden. Det har han nok rett i, om vi skal tru hans kilder, men det er forskjell på realitetsorientering og luftige visjonar. Bilden er rik på det siste. Per idag er det faktisk slik at mange svelt fordi dei får for lite mat, eller fordi maten er for dyr. Det er også slik at det er vassmangel ein del stader i verda s