Gå til hovedinnhold

"Mat er makt" av Kaare M Bilden - ein bokomtale.

Her for eit par veker sidan hadde journalist og debattredaktör i Ny Tid, Kaare M. Bilden, ein kronikk i Dagbladet der han gjekk til frontalangrep på Senterpartiet sine fortellingar om at det er for lite mat i verda. Han gjekk også til angrep på fortellinga om at kortreist mat alltid er mest miljövennleg. Begge fortellingane blir av Bilden omtalt som myter. Det er heilt greit. Det er nemleg myter. Det er ei myte å påstå at kortreist mat alltid er meir miljövennleg, men kven er det som trur på denne myten i år 2011? Og eit spörsmål melder seg: kven er det Bilden skriv for i boka "Mat er makt" ?



Den andre myta: det er for lite mat i verda, er ikkje sann, skriv Bilden. Det har han nok rett i, om vi skal tru hans kilder, men det er forskjell på realitetsorientering og luftige visjonar. Bilden er rik på det siste. Per idag er det faktisk slik at mange svelt fordi dei får for lite mat, eller fordi maten er for dyr. Det er også slik at det er vassmangel ein del stader i verda sjölv om det i grunnen er nok vatn til alle på kloden. Ein kan ikkje avblåse "vassmangel" som problem av den grunn. Mat er svärt dyrt i store delar av verda. Dette förer til at mange mennesker i praksis har for lite mat, sjölv om der i teorien er nok til alle. Difor er det i mange områder for lite mat til riktig pris. Det er også i mange områder slik at dei som produserer mat, får for dårleg betalt. Dette förer også til at det blir produsert langt mindre mat enn det ein har kapasitet til. Dette omtaler da også Bilden.

Ekstremt dyr mat

Oxfam, ein organisasjon Bilden viser til, la nett fram rapporten Growing a better future som viser at matvareprisane på verdsbasis vil stige. Dette er naturleg då vi har ei utvikling der stadig færre og større einingar produserer stadig meir mat, billeg. Eg snakkar om industrilandbruket. Då blir småskala kvalitetsmat utkonkurrert, og det blir også fattige bønder. Det storskala industrilandbruket som er kjapt, utrygt og billeg, slår beina under fattige bönder pga det produserer store mengder mat til dumpingpris.

Skala er også ein forklaringsvariabel, ikkje berre subsidier.

Det er ikkje berre subsidier som gjer det mulig å produsere mat billeg, men Bilden har utelate skala som forklaringsvariabel, og fokuserer kun på subsidier. Det er unyansert. Vi veit at i USA legg småbönder ned på same måte som i Norge og EU. Det er kun dei aller, aller störste som overlever, sjölv med subisidier, så skala er ein faktor som forklarer mykje av kvifor mat vert billeg. Det er sjölvsagt at ein bonde med 25 000 melkekyr produserer denne melka billegare per liter enn ein bond med fem kyr. Men Bilden har altså droppa denne forklaringsfaktoren. Kvifor? Kjennar han ikkje til den?

Oxfam rapporten set ting i perspektiv. I Klassekampen 1.juni kan vi lese "Prissjokk på mat": "I India bruker folk mer enn dobbelt så stor andel av sin inntekt, sammenliknet med folk i Storbritannia, på mat. Overført innebærer det at man etaler nesten 90 kroner for en liter melk og mer enn 50 kroner for en kilo ris".

Då vert det flaut når nordmenn klagar på matprisane. Nordmenn er i ferd med å ta til seg ein herrefolkmentalitet. Alt skal vere innan rekkevidde for oss. Ingenting skal vi måtte sei nei til. Då må alt vere billeg, for vi fortjener alt, uavhengig av lön og arbeidsinnsats, fulltid, deltid, trygda eller ikkje trygda. Det er pinleg.

Men boka er langt betre og meir nyansert enn kronikken som mageplaska ut i spaltane. Mageplaska i den forstand at han la lista lågt for seg sjölv. Det er nemleg svärt uambisiöst å lansere ei heil bok ved å slakte myter som er slakta langt grundigare for mange herrens år sidan.

Tomatar

Bilden viser til at det er mindre klimautslepp ved å dyrke tomatar i Afrika versus i norske drivhus på vinteren. Ja, sjölvsagt er det slik? Dette er dokumentert og atter dokumentert. Det lettvinte argumentet om at norske tomatar er mindre klimavennlege enn afrikanske, vart også tatt opp av Halvor Finesss Tretvoll og Thomas Hylland Eriksen i den ganske upresise lettvekterboka "Kosmopolitikk". Ei bok som kun blir lesen av folk som ikkje har peiling, men som önsker å ha lese noko som "set ting i perspektiv", liksom. Men spörsmål: kvifor blir ingen av desse bökene lesen, lagt merke til eller tekne på alvor av dei som virkelig kan dette med handel, mat og landbruk? Det er trass alt hos desse at makta sit...

Eg hadde liksom trudd Bilden kom til å sikte högare, mot ei opplyst målgruppe, ikkje mot dei som openbart ikkje kan noko frå för og kjöper alle argument. Til orientering: Finess Tretvoll er kompis av Bilden og står på takkelista bak i boka. Vi skal vidare gå gjennom fleire på takkelista, men först skal vi sjå litt meir på målgruppa.

Eg har forhört meg med ei rekke ekspertar på internasjonal handel og landbruk, og dei skjönar knapt kva Bilden vil. Men ein ting gjentek dei alle: han ligg ca ti til tjue år bakpå debatten. Eg spår: denne boka kjem aldri i paperback og vil ikkje bli lesen av folk med peiling, kun folk som også ville ha lese Komsopolitikk, fordi det er litt kult å lese riktige böker, eller noko i den dur. Men dette er i grunn ei feil bok, for Bilden vil jo at norsk mat skal bli enda dyrare.

Mitt spörsmål er framleis: avliver myter for kven? Kven er målgruppa for  boka "Mat er makt"? Teoriane den tek utgangspunkt i: vi må bygge ned våre tollmurar, dei må få beskytte seg bak tollmurar og slik bygge opp ein eksportdyktig, og/ eller konkurransedyktig industri. Dette er pensum på 1000-nivå, altså nybegynnernivå, i statsvitskap på Blindern. Det er ein teori. Greit nok. Problemet er at Bilden aldri bevegar seg over 1000-nivå, eller nybegynnernivå. Er dette meint å vere ein introduksjon for den som er totalt på sida av debatten? Ein einsidig introduksjon? Boka er skriven som eit oppslagsverk, viser til at der og der skriv han om det og det, men den er aldri introdusert som oppslagsverk.

Hyllingsnivået frå Bildens tilhengarar på Facebook viser at dei neppe har fulgt debatten siste åra. Er det Bildens kompisar som er målgruppa? Dei som forsvarer boka i Facebook-debattar og som også står på takkelista bak i boka? Det ser slik ut. I tilfelle vil den vere mat for dei som alt meiner det som står på trykk. Ingen andre.

Er der ei anna målgruppe blant eit segment av dei som er sympatisk innstilt til å läre seg fakta som er kritiske til norsk matproduksjon, eller som er såkalt hippe, kule og politiske korrekte? Som treng å få bekrefta fordommar og den slags? Som vil ha påfyll av argumenter for å snakke stadig högare om biff frå Afrika? Kanskje, men då er dette feil bok. Bilden vil nemlig ha dyrare norsk mat. Bilden er i grunn delvis på rett spor, men altfor mykje tompreik og for få gode kilder. Det irriterer meg litt.

Boka innledes med ein middag hos kompisar der spörsmåla rundt mat blir diskutert. Det blir avslutta på ein restaurant på Grünerlökka i Oslo der ein svarer på spörsmåla. Bilden svarer sjölv, gjennom samtale. Det er hyggelig ,greit nok. Men er det overbevisande? Nei. Bilden seier han ikkje vil ta stilling. Eg syns han skal ta stilling. Dette er for dvaskt!

For lite praktisk tilnärming, og for lite feltarbeid

Problemet for min del er at Bilden, trass kunstnarstipend, Fritt Ord-pengar og pengar frå Det Faglitteräre Fond, for det meste har gjort skrivebordsjournalistikk, kun ispedd få historier frå felten. Og han har totalt oversett og utelatt alle praktiske utfordringar knytt til eksport og import, han dropper å sei eit einaste ord om kvifor MUL-land ikkje eksporterer til Europa, anna enn vanskelege handelshindringar. Han dropper kort sagt alt av praktiske tilnärmingar og held seg på eit flyktig teorinivå, basert på det som framstår som eit fåtal intervju, og intervjupersonar som passar inn i historia Bilden vil fortelle. Det er greit nok, men det er ikkje ambisiöst og det blir haugevis av hol i historia.

Han ser ut til å totalt undervurdere fagekspertise, men går han utanom desse, går han også utanom store deler av maktsjiktet her på berget. Det er ikkje profilerte synsarar i media som har makta over matdebatten, dei har kort sagt for lite kunnskap. Det er dei som sit bak skriveborda, og som gir totalt f i kva Bilden og hans likemenn måtte meine. Dei skjönar ikkje eingong poenget med denne boka. Og burde dei?

Når ein har vore mange månader i Afrika, og skriv om kjöteksport til Europa, så bör ein dra og besöke dette landet som eksporterer kjöt, ikkje berre ta ein telefon dit. Det er ein del storytelling rundt kjöteksport, og der finst ein dark side, men denne har Bilden droppa. Han har droppa historiene om dei mange meter höge gjerda som deler opp lokalsamfunn og familiar, og som har ödelagt viltets vandringar for på denne måten å halde kveget avskilt frå kveg med smittsame sjukdomar.

Det kritiske blikket på kva europeiske krav til mat frå Afrika förer til i praksis, er utelatt. Derimot har Bilden vore ein svipptur i Nairobi for å höyre på ein rappar og skriv om bruken av betaling via mobiltelefonen. Gode eksempel, men kvifor skriv han at vi driv kun bistand, ikkje hjelp til utvikling av handel, eller handel, med Afrika når han er i Nairobi og Norad deltar i eit svärt stort prosjekt i Uganda, få timar med bussen derifrå? Eit prosjekt som forsökte stable på beina ein kjöteksporterande industri med Europa som mål? Da blir ikkje boka truverdig. Det verkar som om Bilden rett og slett ikkje kjenner til kva prosjekt Norge har i Afrika. Eller dropper han berre å omtale dei? Ukjent.

Det er like irriterande at mine skattepengar går til stipend til böker som ikkje tek fagfeltet på alvor, som at ein subsidierer norsk mat. Enda meir, faktisk.

Les min reportasje om biff frå Uganda her.

"I dette rom forenes teori med praksi" stod det på döra til veilederen min på veterinärhögskulen. Dette ordtaket hadde eg sett pris på om Bilden hadde lese för han sette seg ved tastane. Det hadde også vore litt kult om han hadde hatt högare ambisjonar enn å avlive myter som kun er myter for den som ikkje har fulgt med på debatten om mat dei siste ti åra. Eg skulle gjerne sett han utfordre oss litt meir på reelt grunnlag. Svinga sverdet skikkelig.

På starten av boka siterer Bilden John Erik Rileys roman "Heimdal, California": "Maten blir god - smaker best - når den er god i utvidet forstand. Det vil si i den moralske betydningen av ordet: når den er blitt fremstilt på en etisk forsvarlig måte".

Problemet er berre at eg aldri får grep på kva Bilden legg i etisk, og eg får heller aldri grep på kva han meiner vi må gjere med norsk landbruk. Kva er etisk? Kva skal vi gjere med norsk landbruk? Kvar er dokumentasjonen på at dyrevelferden blir betre om vi flyttar subsidier frå per dyr til areal? Finst ikkje. Kom med den. Og har Bilden vore ute og sett, kan han vise meg dette? Eller er det påstandar frå interesseorganisasjonar han bringer vidare, altså skrivebordsjournalistikk? Ser slik ut.

Men no hoppar vi til bokas oppbygning.

Först: det er i disse dagar ein serie saker i Dagsavisen. Eg gir vekk min boksingle XXX utgitt på Flamme forlag i 2010 på nett gratis (send meg ein epost og bestill: den foreligg i lesebrett, Kindle og pdf-format, samt i bokform), fordi forlaget ikkje promoterer den skikkelig og eg uansett ikkje får ei krone meir i honorar. Forlagas respons på dette, eller forfatterforeningens, er at om ein gir ut böker sjölv, så får ein ikkje ein god redaktör i ryggen med den kvalitetssjekken dette gir. Bildens bok er eit symptom på at ikkje alle redaktörar er gode redaktörar. Boka er, dei förste tretti sidene, så ille språkleg at eg redigerer med penn på sidene. Dette gjer eg sjeldan. Kvar var redaktören?? Det er tydeleg at dei förste sidene er skrivne i hui og hast, kanskje glapp siste runde med språkvask for å nå deadline? Men boka kunne kanskje ha venta til hösten?

Den er vidare oppbygd som ei masteroppgave: eg vil i det og det kapittelet vise til, eller omtale. Og så gjentas det. Og gjentas, og alt kjem ikkje på same stad. Hist og pist blir det vist til at ein seinare skal omtale. Det framstår rotete. Eg syns redaktören burde ha trykt namnet sitt på boka. Redaktören burde faktisk skjemmast, rett og slett. Skjerp deg, redaktör.

Stilen, og tonen, er uansett svärt sympatisk og snill. Hyggelig. Men kvar er kruttet?

Det er ei rekke språktekniske ting som her er verdt å påpeike. Unödvendig informasjon, som gir inntrykk av å ville overfortelle til lesaren, for å vere HEILT SIKKER på at lesaren forstår.

Fakta

Sjekker Bilden påstandane han får? Side 41: Her står det at det at Namibias landbruksminister Paul Smit seier at det er urettferdig at det stilles strengare krav til afrikansk kjöt enn til norsk, eksempelvis knytta til salmonella og bein i kjötet.

Dette er tull. Vi, i Norden, tek ikkje inn salmonella-kjöt, uansett kvar det kjem frå. Tyskland, Uganda, England.

Fakta er: Norden er salmonellafri sone. Dette betyr at vi kan motsette oss å importer produkt med, eller som mistenkes ha i seg, salmonella. Er Bilden klar over dette? Er sitata han ellers får, like tendensiöse og upresise, og bygd på fordommar? Meiner han at vi skal importere mat med salmonella frå Afrika, sjölv om vi ikkje importerer det frå nokon annan heller? Er han klar over at Smit serverer han ein faktafeil, eller let han det berre stå, slik at Smit ser ut som om han bedriv propaganda, heller enn skikkelig argmentsjon? Det er nemlig töys å sei at vi stiller strengare krav til biff frå Afrika. Det er vel heller mindre strenge krav. Skal ein journalist la ei kilde framstå som kunnskapslös? Tja. Ikkje om bodskapen deira skal falle i god jord hos mottakar. Men så er vel ikkje eg i målgruppa for boka.
Afrika slit med ei rekke flåttbårne og insektbårne infeksjonar. Dei slit med endemisk munn- og klauvsjuke. Dei har ei rekke parasittar som tek livet av hundretusenvis. Dei er av WHO, verdas helseorganisasjon omtalt som dei neglisjerte zoonosene, neglected zoonotic diseases, som drep eit ukjent antal mennesker på verdsbasis kvart år, og som bidreg til å halde folk i fattigdom. Ei rekke zoonoser, sjukdommar som smitter mellom dyr og mennesker, finst i områder der ein manglar helsestell og diagnoseutstyr. Vi kjenner altså ikkje omfanget. Men når ein blir sjuk, må nokon pleie han eller henne, og ein taper inntekter og ökonomi, og fattigdomen forblir eit problem. Folk dör, ungar dör, dyr dör. Salmonella kan vere farleg, sjölv om den ikkje står på denne lista. Den er ein sjukdom som smittar mellom folk og dyr, altså ein zoonose. Det er ein grunn til at vi ikkje tek inn produkt frå områder med salmonella til Norge. Fordi folk kan bli alvorleg sjuke av salmonella.

På same måte som vi trekk tilbake melk med vaskemiddel frå marknaden, eller ikkje vil importere agurkar med farleg E.coli. Folk ville jo blitt gale av raseri om vi importerte kjöt med Salmonella i. Forbrukarane blir tatt hensyn til i Norge, i så stor grad at ein leitte etter E.coli i syltetöy etter skandalen med bakterier i Sognemorr, sjölv om E.coli ikkje kan leve i syltetöy....

Så vi kan iallefall droppe å importere kjöt med Salmonella i.

Vidare, side 40, skriv Bilden at kugalskap aldri har vore påvist i Namibia eller Botswana. Nei, kva så? Det er da ikkje kugalskap som er problemet. Kvar er samanhengen? Det er FMD, Foot and Mouth, Munn og klauvsjuke. Det står at dyra ikkje får hormoner i desse landa. Nei, kva så? Det er da også forbode i Norge? Det er også forbode i EU. Berre USA bruker melkehormon, eksempelvis Posilac frå Monsanto.

Og vi testar for kugalskap også i Norge, sjölv om vi ikkje har det her. Det er rutine av sikkerhet for konsmenten, men dette meiner visst Kristian Nygaard i bedrifta BM-Food AS, som importerer kjöt frå Namibia og Botswana at vi kan droppe. Ifölge Bildens bok. Bilden burde kanskje sjekke om det kildene hans seier er totalt på jordet. Dei framstår som desinformerte og Bilden framstår også som desinformert.

Så kva vekt har argumentet "ein bruker ikkje hormoner"? Ingen vekt. Berre for den kunnskapslause som utfrå påstanden trekk ein slutning om at vi bruker hormoner her, men det gjer vi altså ikkje.

Det blir skrive om bein i kjötet. Kva bein? Vi gir ikkje ein gong särleg med bein til dyr, kvifor skal vi då ete det? Bein kokt ved for låg temperatur, för det blei gitt til storfe, ga utbrot av kugalskap i England. Temperaturen blei skrudd ned fordi ein skulle spare pengar på strömmen.

Vi et da ikkje sentralnervesystemet frå storfe, ei heller får norske storfe sjölv om ikkje vi heller har kugalskap? Det handlar om tryggleik for konsumentens helse, og for dyras helse. Meiner han virkelig at vi skal bryte med grunnleggande mathygieniske standarder fordi vi skal ta inn kjöt frå Afrika? Det kan faktisk bli farlig for oss. Vi har enda ikkje sett konsekvensane av kugalskapen i England. Folk blir framleis sjuke, og sjölv om kugalskap ikkje heller finst i Norge, har vi dei same rutinene her ved norske slakteri. Alle storfe over ein viss alder vert testa for kugalskap. I Norge får ein ikkje flytte sauer over fylkesgrensene på grunn av scrapie, ei form for sauegalskap. Så dette er streng for alle, ikkje berre for land i Afrika...

Kanskje meiner Kristian Nygaard i BM-Food AS at vi skal droppe kontroll av norsk storfekjöt, og la sauer bli solgt fritt over fylkesgrensene, fordi det er liksom ikkje så nöye om vi får nokre litt farlege sjukdomsutbrot. Det er trass alt skattebetalarane som betaler for kalaset når det skal ryddast opp, og det er dei som blir sjuke. Å få kontroll over store utbrot, kostar milliardar av kroner. Då er det betre å forebygge, eksempelvis ved strenge rutiner på bein i kjöt, og forbod mot import av kjöt ein mistenker kan ha, eller som har, salmonella, eller som kjem frå områder med salmonella.

Kvar er konsteksten?

Kvar var lesepanelet som hjalp Bilden med fakta? Ikkje på jobb iallefall.

Kvar er referanserammene? Det virker som ein del fakta er tilfeldig utplukka.

Eg får også inntrykk av at ein del kilder ikkje kjenner til virkeligheten i Europa, men kritiserer oss utfrå fordommar. Dette går sikkert inn hos ein ukunnig lesar, men ikkje hos ein kunnig, og vi er tilbake på spörsmålet: kven er målgruppa?

Tre hypotetiske forslag:

a) den fullstendig ukunnige med interesse for landbruk?
b) ein person med stor interesse for, og kunnskap om, landbruk?
c) ein som er berre litt interessert i mat?

Eg veit ikkje, men eg mistenker at ein ikkje kjenner publikum, kun sine venner, og at ein dermed ikkje har hatt sjans å bedömme målgruppe.

Vidare. "I mange fattige land er det derimot bärekraftig å drive noe mer intensivt, med moderat bruk av kunstgjödsel, sier FAO og den britiske utviklingsorganisasjonen Oxfam".

Igjen er vi tilbake til praksis: högast på önskelista hos alle som skal modernisere landbruket er: kunstgjödsel, gjerne hormoner til brunstsynkronisering av dyra, kraftfôr og meir effektive og produktive vestlege husdyrrasar (som sliter med å overleve det afrikanske klimaet og difor treng svärt mykje meir medisinsk behandling enn lokale dyr: antibiotikabruken aukar, og dei må også vaksinerast mot ei rekke sjukdommar som lokale dyr er resistente mot, altså ein aukar vaksinebruk og ein aukar medisinkostnader betrakteleg). Med auka, og ofte ukontrollert forbruk, kjem resistensen.
Vi får altså ei vestliggjering av landbruket, men Bilden trur på kildene som seier at det er heilt ökologisk. Kva legg han i det? Men dette har Bilden totalt utelatt. Virkeligheten er ein fjern stad, og det er så og sei ikkje besökt fleire enn to farmar i heile boka. Kun to??? Og sitata böndene der leverer, blir slukt rått. Greit. Men faktafeil styrker ikkje afrikanske lands sak. Vi veit også, men det er heller ikkje omtalt, at styrande ofte har heilt andre interesser enn grasrot. Vi har sett mange skandalöse forsök på effektivisering av landbruket frå toppen og nedover, blant anna i India. Den gröne revolusjonen förte til at det no er nesten blitt uvanleg med bomull som ikkje er GMO i India. Böndene er nedsylta i lån, tusenvis tek livet av seg kvart år i delstaten Andhra Pradesh. Kvar er grasrota i Bildens bok? Store deler av argumentasjonen er bygd rundt ein middagssamtale med ei kilde i Sör-Afrika, ei kilde som har hatt råd til å reise kontinentet rundt. Altså ikkje ei representativ kilde, sjölv om ho nok var flink til å levere gode argumenter som får oss til å tenke litt: korleis ser vi på Afrika, og bör vi heller sjå på Afrika som eit overflödighetshorn? Vi veit jo også at store deler av kontinentet ikkje er eigna for matproduksjon. Vi veit at så og sei alle dei store farmane i Kenya er kvite, og at i Uganda var der ein stor farm, og den er driven av kvite. No er den lagt ned. Det er ikkje afrikanarane sjölv som driv dette storskala landbruket, i store deler av Afrika er det muzongos, kvite.

Vidare skriv Bilden at ein må lytte til Helsedirektoratets anbefalingar. Altså ete kvitt kjöt, men kvitt kjöt er like kreftframkallande som raudt, dersom det kvite kjötet er oppfôra på kraftfôr. Dette blir det ikkje sagt noko om. Alt som har med fag og naturvitskap er rett og slett droppa, men sorry. Det er ikkje mulig å skrive om dette feltet utan å ta det inn.

Media

Bilden har ei rekke svärt gode poeng om korleis Afrika blir framstilt i media, og det er heilt klart her han har sin styrke og veit kva han skriv om. Elendighetsbeskrivelsane frå Afrika, songane som bidreg til å sedimentere vårt inntrykk av ein verdsdel som er berre svolt og elendigheit, utan vatn. Band Aid, Do they know it's Christmas at all?, er eit godt eksempel på dette og bidrog til å skape både afrikanske menneskers syn på seg sjölv som stakkarar, og vårt syn på dei som eit fattig kontinent.

Afrika har faktisk også skyskraparar, fine restaurantar og mykje overvekt. Overvekt og spiseforstyrrelser er eit stort problem i Afrika, viser WHO sine statistikkar. Dette skriv Bilden om, og det er her han er bra. Likevel er det barn med fluger i augene vi får sjå bilete av på tv. Det forvrenger virkeligheten, og Bilden har heilt rett i at bistandsorganisasjonar forvrenger vårt bilete av Afrika. Kvifor gjer dei det? Det får vi vite mindre om, men medierefsen er på sin plass.

Eg får lyst ut og reise av å lese boka. No sit eg i Jämtland, og för jul var det Uganda. Boka las eg på bussen frå Bygstad til Oslo. Men til forskjell frå Bilden som oppsöker teori, så oppsöker eg praksis. Praksis kan ein ikkje lese seg til, og difor må ein ha hands on ute i felt. Praktisk erfaring er undervurdert og må kombinerast med teori, kontekst og respekt for kilder. Difor har eg i sommar invitert eit par profilerte samfunnsdebattantar på landbrukssida over grensa. Ein veit, i Norge, for lite om kva som skjer i Sverige. Vi veit iallefall ingenting om kva som skjer i Afrika.

Meir media.

Bilden serverer ein herleg medierefs. Eg digger det. Om vi ser bort frå litt i overkant mange referansar til Ny Tid, der Bilden er debattredaktör, så er det kjekt når Bilden refser norske journalistars ukritiske bistandsdekning. Eg vil legge til: så og sei totale mangel på kompetanse om landbruk, handel og mat, fordomsbaserte journalistikk og servering av faktafeil. Media er pinleg dårlege på landbruk og bistand, og dette har også blitt påpeikt av Asle Toje i denne glitrande bloggposten der han slaktar journalistar som reiser på Norad-stipend og bringer heim söte saker om norske heltar, som Bilden trekk fram: Morten Harket, i Afrika. Shame.

Eg har forresten sjölv reist på Norad-stipend, men kom heim med eit totalslakt av bistandsprosjektet. Prosjektet, Norad og Norturas slakteriprosjekt i Uganda, var ein kvit elefant. Det var tydeleg frå starten av. Mitt spörsmål er dette: hadde dei som laga prosjektskissene og utreda for Norad og Nortura, peiling? Neppe. Det såg ikkje slik ut. Men korleis kunne Norad, som skal ha kompetanse på bistand, bevilge pengar til eit prosjekt som openbart var umuleg å gjennomföre? Har Norad kompetanse? Spörsmålet er högst relevant. Meir om det ein annan gong.

Bilden skriv at norske medier framstiller mat- og fattigdomsproblematikk som ein kamp mellom frihandelsdogmatikere og proteksjonister. Det er eit godt poeng. Eg befinn meg eksempelvis i ein fagposisjon, og bruker fakta heller enn ideologi og politisk ståstad, men blir av mange stempla som proteksjonist. Det er eg da altså ikkje, men ein må ha god innsikt for å sjå mellomposisjonane. Eg legg merke til at ingen forskarar med fagkompetanse på landbruk og mat står på Bildens takkeliste. Berre ökonomar, skribentar og representantar for Kirkens Nödhjelp... Dette litt svake valget av hjelpande hender har nok gjort av boka ikkje står sterk. Eg la også merke til i debattar rundt lanseringskronikken på Facebook, at dei som deltok mest iherdig i forsvar for boka, også står på takkelista i boka. Der i mellom finn vi: Magnus Bjørnsen, för: politisk nestleder i Fellesrådet for Afrika, blant andre. Eg får inntrykk av at kompisfaktoren er hög. Ein har sökt om klapp på skuldra for prosjektet blant sine eigne, og det får ein sjölvsagt. Derimot blir medfarten i media då hard, og det har vel Bilden fått merke.

Norske medier er stort sett irrelevante når det kjem til dekning av debatt rundt mat.

Bilden framstiller debatten om mat slik den framstår i media, og refser den så. Eg på mi side har for lenge sidan avskrive norske medier. Dei har kort sagt lite å melde i debatten om mat og landbruk. Eg forheld meg til fag, fagfolk og virkeligheten. Det er derimot synd at medias fordummande perspektiv skal vere toneangivande for racet mot botn når det gjeld norsk debatt om mat. Saker om billeg mat er liksom kjempeviktig, akkurat som saker om når sola kjem. Det er lite ambisiöst av mediene. Pinleg dårleg. Den som vil må gjerne lese mitt essay i "Antifestskriftet" som kom ut hösten 2010, der eg tek före meg mangelen på naturfagleg kunnskap i media som eit demokratisk problem. Alle saker som har slike tilsnitt, blir effektivt vingeklippa fordi journalistane ikkje ser, eller ikkje har snöring på, desse sidene ved sakene. Uambisiöst. Og det gjer journalistikken irrelevant.

Oppsummering.

Boka overraska meg, etter den dårlege kronikken, ved å vere sympatisk og ärleg. Det er openbart at Bilden har ei genuin interesse for tema. Problemet er, slik eg ser det, forma som er valgt. Den er for lettvint. Og det irriterer meg på vegne av Bilden at redaktören openbart ikkje har gjort jobben sin.

Eit poeng som Bilden har, er at politikarar bortforklarer virkeligheten med lögner. Dette er problematisk. Särleg når vi mangler medier med vaktbikkjefunksjon. Dette er lett å sjå for mange av oss, men ikkje for alle. Og når nokon varslar, eller seier frå, så blir dei skulda for å lyge. Som når eg har påpeikt at det er ei rekke farlege smittsame sjukdomar ute i Europa, som vi ikkje har i Norge, så trur folk ikkje på det. Dei greier ikkje skille fakta frå fiksjon i debatten om mat og landbruk, og det vil til sjuande og sist ramme dei sjölv.

Eg er usikker på om eg vil anbefale denne boka. Den er grei som ei innföring i internasjonale problemstillingar, men er litt for lettvint og tidvis, särleg på starten, dårleg redigert. Les den i tilfelle svärt kritisk. Mat er makt, og kunnskap er også makt. Men kunnskap krev kontekst. Her kunne Bilden fint tatt sge nokre fleire turar ut i felten. Bilden kunne ha vore ein interessant aktör på feltet, men då måtte han hatt meir respekt for tema han tek opp og gått djupare i materialet, spadd opp meir stoff og vist oss at han veit kva han snakkar om, ikkje berre vist oss at han kan gå på restaurant og före ein morsom dialog. Det er nok av lettvektarar i media, vi treng fleire tungvektarar. Dessverre havnar Bilden i förste kategori. Dessverre fordi eg gjerne skulle sett han sikte högare.

Likevel, til sist, vil eg sei at redaktör og forlag må ta på seg mykje av skulda for at boka er som den er. Det hadde vore ei smal sak, for ein kunnig redaktör, å löfte denne boka fem hakk opp på kvalitetsskalaen, formmessig iallefall. Og så ville eg ha leid meg inn ein skarp fagperson på internasjonal handel, praktisk gjennomföring, landbruk og mat til å sjekke materialet og kome med innspel. Ikkje blindt stolt på kontoristane i vennekretsen. Her ligg nok mykje av feilvurderinga. Godt tenkt, men ikkje godt gjennomfört.

Kaare M Bilden
Mat er makt
Aschehoug 2011
272 sider

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb