11. mar. 2009

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type.

Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre som kastar seg over deg på kjøkkenet, jagar deg langs stranda og spionerer på deg i skogen.

Det er da vitterlig ganske grotesk. Eg tenker eg hadde vore bra redd om den døde bestemora mi besatt av eit åmeliknande romvesen hadde drive å pælma sitt eige råtne kadaver mot soveromsdøra mi nattestid eller hadde krabba i full fart borotver gangen på beinpipene medan begge foreldra mine var bortreiste og eg befant meg aleine i eit slott langt ute i skogen. Og det var blod og gørr og hengande underkjever og gud veit kva eg ikkje vart utsett for, men fengande var det då det tok av på slutten sjølv om det var litt trått ein periode med kikking på stjerner og pedagogisk telling av lysår.

Klisjear. Der har vi det. Klisjear: kråker, slott, heime aleine, spøkelse, modig jente som graver opp romvesen og tenner på det med bensin medan bestemorkadaveret kjem stormande ut av skogen i full fart, og eg orka nesten ikkje lese vidare all den tid ein kan levande forestille seg korleis det er når ein fleire dagar gamalt lik kastar seg over deg og prøver å ete deg (Braindead-flashbacks).

tankestrek