Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten bøker

Ein forfattars bekjenningar: den mykje lettare andreboka og skriveprosessen

Då eg var rundt ti år, bestemte eg meg for å bli forfattar. Min eigentlege plan var så å skrive poesi, så i 2010 gav eg ut boksingelen XXX, og brukte deretter mange sommartimar på ei svensk kyrkjetrapp der eg skreiv lange prosadikt om avstand som eg er sjeleglad aldri blei gitt ut.  Eg begynte å skrive på mi første barnebok, eg trur det var i 2009 etter å ha lese ei bok der Pitbull-Terje barberte ein puddel. Det var mange år sidan eg sist las ei barnebok, sikkert nær tjue, og eg vart oppriktig fasciner. Det som fascinerte var den likefram fortellarmåten der mykje er sagt og endå meir usagt, så enkelt men så elegant, og korleis dette skapar eit stort rom for assosiasjonar, også for meg som vaksen. Dermed kan eg kanskje takke Pitbull-Terje for at eg i desse dagar slepp mi andre barnebok, Elise og mysteriet på hesteklinikken . Trur eg.  Ideen til serien om Elise fekk eg fordi eg er utdanna dyrlege og ville lage ein spenningsserie frå dyrlegepraksis. Eg begyn...

Nesten som å lese Trygve Gulbranssen: boktips

Britt Karin Larsens fire bøker om folket på Finnskogen er det nærmaste eg har kome ein nolevande forfattar som er på høgde med Trygve Gulbranssens natur-, villdyr- og folkelivsskildringar. Dette er ein pageturner av ein historisk roman med sterke skildringar av leveforhold, natur, villdyr og eit komplekst sett av mellommenneskelege relasjonar. Profetene i Evighetsfjorden er ein slik roman ein må bli imponert over, både skildringane av Københamn seint 1700-tal, men også av livet på Grønland. Også denne romanen inneheld svært gode person- og relasjonsskildringar som er berande for historia, særleg i første delen, der hovedpersonen, presten, befinn seg i Køben. Skildringane av det kummerlege livet i kolonitidas Grønland går gjennom marg og bein, bokstavleg talt. Det er ei slik bok ein hugsar, men ein litt tyngre read enn Larsens triologi frå Finnskogen.   Eg liker vanlegvis ikkje fantasy, men denne taklar eg å lese. Eventyraktig fantasy med gode relasjons- og person...

Sjølvhjelpsbøker kan vege opp for manglande forstand. Gode bøker gjer deg klok

Før jul tenkte eg at i 2011 skal eg bli eit betre menneske. Så kva skal ein stakkar gjere. I ein artikkel på Aftenpostens kultursider las eg at eg kan bli egoist, ja ein kunne enda til få lokka fram sin indre psykopat om ein les for mykje sjølvhjelpsbøker. Egoist er eg frå før, psykopat treng eg ikkje bli. Eg vurderte risikoen som ikkje verdt å ta, og på veg bort frå sjølvhjelpshyllene ramla eg over Edvard Hoem. Trykt i Klassekampen som signert-spalte, januar 2011 Hoem er ein mann med mykje hår og mykje stemme som skriv mangt og mangfaldig. Blant anna boka «Ave Eva». Så kva lærte eg av «Ave Eva»? Eg lærte at ikkje bør rømme frå kjærast og barn utan å sei frå, samt at odelsretten er ei last som kan øydeleggje liv. Neste bok ut var «The Glass Castle» av Jeannette Walls. Her las eg at foreldre ikkje bør bruke pengane sine på alkohol når dei har fire ungar som treng mat, samt at ein ikkje skal køyre lastebil i mange timar med eit spedbarn laust liggjande bakpå lasteplanet. Då kan sp...

Kardemommeby er visstnok skadeleg for barn. Eg tek det hakket vidare og er sjølvsagt djupt sjokkert.

Vi har visst eit problem i barnelitteraturen. Det er lettare sjokkerande for ein stakkar som vaks opp på åtti og nittitalet å følge debatten om kva som er skadeleg eller ikkje for totusentalets barn. Kommentaren er trykt i Bergens Tidende 14.januar 2012 Eg melder meg herved på i debatten "Kardemommeby er skadelig for barn" og tek den eit hakk vidare sidan det trass alt er ei rekke eventyr vi etterkvart må ta “eit oppgjer med”. Eg nemner i fleng. Vi har Selma Lagerløfs fullstendig uansvarlege Nils Holgersson som sette seg på ei gås utan sikkerhetssele og flaug over halve Sverige. At han overlevde, er berre flaks, og gud forby at nokon ungar i vår generasjon skulle finne på det same.     Og kven tenker på gåsa? Kva meinte den om å bli brukt på denne måten? Å late ei einsleg gås flyge rundt på denne måten strir på alle måtar med gjess sitt flokkinstinkt. Det har antakeleg også klødd når Nils Holgersson sat på ryggen hennar. Kanskje var det tungt også...

Fifty shades of kiosklitteratur

Fifty Shades of Grey er først og fremst interessant som fenomen. I kvalitet har dei mange fellestrekk med kiosksjangeren. Du veit det frå før, men lat oss ta det igjen. Fifty Shades of Grey -trilogien er, ifølge Gyldendal, historias raskast seljande bøker. Bøkene er solgt i over 20 millionar eksemplar i USA, 12 millionar i Storbritannia, og slik kunne vi ha halde fram. Marknadsført som «bokserien alle snakkar om» og tidenes største bestseljar, sel den som hakka møkk, også i Noreg. Men Fifty Shades er alt anna enn kvalitetslitteratur. Bøkene er først og fremst eit interessant fenomen, og kan lesast som nettopp det. Det mest spennande er dermed ikkje handlinga, men kvifor bøkene sel. Dette skal eg kome tilbake til, men først skal vi ta ein kikk på kva fenomenet Fifty Shades of Grey er for noko. Les heile mitt essay hos Minerva.   

Brenning av høner og andre fakta for barn - artikkel

Bør fjørfenæringa få innpass i barneskulen med sitt eige undervisningsmateriale? Og kven kan kvalitetssikre bøker om landbruk mynta på barn når forskarar i veterinærmedisin ikkje klarer det?  Eg har skrive om tre bøker om mat og landbruk for barn i siste utgave av tidsskriftet PROSA. Les heile artikkelen her. Desse bøkene er omtalt :

Mitt nye image som barnebokforfattar

Jammen på tide å ta litt pressefotos for barneboka som kjem til høsten: Elise og mysteriet med dei døde hestane, basert på myter, overtru og ikkje minst: livet i ein ekte veterinærpraksis! Eg er ikkje direkte van med å posere for ein fotograf. Greit nok, har blitt intervjua diverse gonger av diverse medier og har vore eit antal gonger på Dagsnytt atten og andre program, men å stå og glise framfor kamera i mange timar er ikkje heilt min disiplin. Helst liker eg å bli tatt bilete av frå sida, som dette, men å glise direkte mot kamera, iført altfor lite klede tatt vêret i betraktning, er ikkje direkte helsefremmande, trass svært artig og kjekk fotograf. Uansett, resultatet var omtrent slik. Dette er altså mitt image som barnebokforfattar. Foto: Tove Breistein for Samlaget.  Og ja, eg er dønn seriøs når det kjem til å skrive barnebøker. Har studert barne- og ungdomsbøker over lang tid, med sikte på sjølv å bli barnebokforfattar, og tenker ikkje gi meg med denne boka. ...

To romanar: fantastisk klokskap og statusjagande ektepar

Tilbaka til henne. Sara Lövestam, Piratforlaget.  Kort sagt fantastisk bra bok som gjerne skulle ha vore tre gonger så lang, sjølv om den alt er på 580 sider. Kom ut på svensk i slutten av mars og skriven av Sara Lövestam , ein ung svensk forfattar det er verdt å følge med på. Dette er ein slik roman det går lang, lang tid mellom kvar gong du kjem over. Eit skikkelig litterært funn. Handlinga vekslar mellom notid og perioden 1906-1919, mellom vår tids Hanna og den tids Signe, skulefrøken i Tierpe utanfor Stockholm. Det er fascinerande og truverdige skjebnesskildringar, ingen happy ending, men real life ending. Livet smerter oss, men vi kan leve vidare likevel. Det som gjer sterkast inntrykk er relasjonane og korleis relasjonar blir oppløyste og ødelagt, erstatta av nye. Relasjonar som ein kanskje trudde skulle vare evig, som går i knas og mister sin relevans, men som likevel kan prege eit heilt liv, sjølv etter at dei er over. Jag skulle aldrig ljua för dig, Moa Herngren...

Tomas Espedals forfattarskap er rått. Kvifor har eg ikkje oppdaga denne mannen før?

Det måtte ein kulturkjerringdebatt og ein Bragepris til før eg kom på å lese Tomas Espedal. Først denne veka las eg hans nyaste, imot naturen . Så las eg på raude rappen imot kunsten . No har eg lese biografi , og gitt meg i kast med dagbok . Det er ei skandale at mannen ikkje har skrive meir enn tolv bøker. Snart har eg lese alle. Det er alltid trist når det simpelten ikkje finst fleire bøker att å lese av ein nyoppdaga forfattar. Eg siterer Sigmund Jensen om Brev (et forsøk) i Stavanger Aftenblad: "Det er komplett ubegripelig at skjønnlitteratur av en så høy kvalitet som det Espedal gang på gang leverer, ikke skal kunne nå et bredere publikum" Espedal beskriv det indre gjennom ytre hendingar. Det er avansert kunst. Og det er rå litteratur. LES!

Magisk vikingepos om møte mellom norrøne menn og Afrika

Det er noko skummelt magisk over Havjervens segling innover i det djupaste av Afrika. Så skummelt magisk at ein ser seg litt ekstra om etter skuggar på kvelden. Er det peisen som slår gneistrar? Eller er det nokon andre her... Ånder? Ute er det storm. Det passar dårleg når ein les Hard er mitt lands lov. Det vert enda skumlare. Mørket heng tungt over vikingskipet på veg frå Roma, nedover Afrikas kyst, innover i jungelen. Over vikingane som i veker vandrar over stepper, høgsletter og gjennom jungel. Samlaget omtaler boka som "eventyrleg" , men det er feil. Ordet er magisk vikingepos. Cathrine Krøger meiner språket er arkaisk, men det er det ikkje. Språket er eit verk verdig. Skildringane inngåande, innlevelsen sterk. Ordbildet er ein vesentleg del av denne forteljinga frå det svartaste av Afrika der over hundre norrøne viktingar slit seg fram. På jakt etter gull? På jakt etter hemn? Hard er mitt lands lov er eit verk i ordets rette forstand. Eit verk som vassar i kunnskap...

Marit Eikemo, Samtale ventar

Bokanbefaling. Marit Eikemo skriv latterleg bra og posisjonerer seg som ein av dei mest interessante kvinnelege forfattarane i Norge. Skreiv eg kvinneleg? Ja, for eg er mest begeistra for kvinner som skriv om andre kvinner. Som eksempelvis Ebba Haslund og Vigdis Hjorth, eller på svensk Sara Stridsberg og Sigrid Combuchen , eller for den del Helena Henschen , ein personleg favoritt, men Henschens sjanger er ein miks av fiksjon og dokumentar. Og når eg les Eikemo tenker eg at vi har faktisk like gode forfattarar på norsk. Eikemo er langt betre enn Hjorth. Der Hjorth mister grepet om lesaren, held Eikemo grepet med suveren språkføring. Det er noko solid over Eikemos språk. Det er kort sagt godt. Ikkje ein einaste gong treng ein irritere seg over dårlege formuleringar. Første boka til Eikemo, Mellom oss sagt , minnar om Samtale ventar . I begge bøkene finn ein kvinner på tretti pluss, utan mann, utan familie, som jaktar på nærheit og anekjennelse, gjerne hos ekskjærestar eller menn ...

Litterär LUX

Sigrid Combuchen ”Spill – en damroman”, Norstedts 2010 (svensk) Det er sjeldan ein kjem over böker alla ”Spill”. Dei mellommenneskelege relasjonane er litterär luksus, språkfölelsen sjeldan og det er lett å kaste seg på hylningsbölga som löfter fram Combuchen som ein av vår samtids mest avanserte forfattarar, stilistisk, teknisk og tematisk. Dama bedriv litterär utklassing. Hennar tematikk er kvinneroller, gode historiske skildringar, konflikter, mannsroller, yrke og utdanning, rolla som mor. I fascinerande miljömessig konstekst får ein presentert ein karakter bygd rundt konflikter og valg. Har ein kasta vekk livet eller tatt dei valga ein kunne? Den er så beint fram jävlig god at du får frysningar på ryggen, men dette er inga Linda Olsson-bok for deg som vil skru av hjernen. Her forflyttar vi oss mellom ulike tidsepokar, fiktive og relle personar, ein fortellar som sjölv er oppdikta, brevvekslingar og ein fiktiv roman. Men komposisjonen sit som eit skot. Det er tidvis komplisert, m...

Cutting for Stone: Abraham Verghese / Folkelesnad / Det glade vanvidd - ei tankerekke

Fabelaktig read: Eg les mindre og mindre norske bøker. Av ein eller anna grunn liker eg bedre å lese engelske bøker på engelsk. Du får ein heil aura av storyen ekstra på kjøpet når du les på eit anna språk. Den språklege auraen blir jo klippa vekk når ei bok blir omsett. Ein mister følelse med aksenten og med talemålet. Feks når ein les Sara Stridsberg på svensk. Det er så masse flotte svenske ord som ikkje finst på norsk, og språket og historia får ein anna dimensjon. Same med engelske bøker. Ein beheld ein dimensjon ekstra. Dette liker eg. Cutting for Stone er ein real roman. Ein ambisiøs og stor roman med kompleks handling, mykje reserach ligg til grunn. Ikkje lettvint og kjapt, spent ut på marknaden. Dette er ei skikkelig story, og ei imponerande sådan. Eg begynner å få sansen for bestselgarar, for dette er ein bestselgar. Boka har eit stort medisinsk ordforråd og eit detaljert blikk inn i ein dedikert kirurg sin kvardag i Etiopia og i Bronx. Men det er ikkje i der styrken...

The Tenderness of Wolves: god bok, god helg!

Dette er ei fabelaktig flott historie. Kjøpte den på flyplassen i London her forje veke, og den måtte berre lesast. Det gjekk ikkje anå legge den frå seg. Forrykande fin story. Om eg får oversette ei bok til norsk nokon gong, vil eg gjerne starte med denne. Fortellerstemma er genialt. Korthogd og direkte på ein original måte. Definitivt ein original roman om eit nybyggarsamfunn i Canada 1867. Oppdatering: boka er oversett til norsk og heiter " I ulvenes skygge" på Bazar forlag. Dette er ein veldig misvisande tittel. Det er nettopp i skuggane av ulvane desse folka ikkje er. Det blir fastslått alt på side ein då hovedpersonen ser ein ulv og blir overraska over kor liten den er. I resten av boka forheld ein seg til ulvane som kreaturar som lever i skogen, men som ikkje skadar deg. Dei er der, saman med deg, og utgjer aldri ein trussel bortsett frå ein gong då ulvar tek ein sjuk hest frå to vekksprungne nybyggarar midtvinters. Ein lever ikkje i skuggen av ulvane, men i sam...

Trash-dame-happy-ending og big-love-litteratur møter Arlington Park

Eg har begynt å lese trashlitteratur, trur eg. Eg veit ikkje heilt, men har iallefall lese Homecoming av Cathy Kelly. Kjøpte den på ein kiosk i West Midlands på veg inn på toget til London her om tirsdagen. Skikkelig klisjecover, og skikkelig klisjetittel, men boka er faktisk ganske fascinerande. Den positive versjonen av Arlington Park (Rachel Cusk). Men medan Cusk skriv politisk korrekt om forstadskvinners frustrasjonar, menn, barn og karriere, skriv Kelly om kvinner som har kome på avveie i livet, eller gjort nokre gale valg, går på ein smell, må tenke seg godt om, seier "love" og "darling" heile tida til alt og alle, henger på kafe og et cupcakes og drikk kaffe latte kvar dag, gråter, elskar mannen sin over alt på jorda (alle har opplevd den STORE, megakjempestore kjærleiken) og har wonderfulle kids. Og det er happy ending, stormande lykke, mor møter datter, søster blir gift og storesøster som har gitt opp håpet om å finne seg ein mann (ho tippar førti), ...