Gå til hovedinnhold

Kardemommeby er visstnok skadeleg for barn. Eg tek det hakket vidare og er sjølvsagt djupt sjokkert.

Vi har visst eit problem i barnelitteraturen.

Det er lettare sjokkerande for ein stakkar som vaks opp på åtti og nittitalet å følge debatten om kva som er skadeleg eller ikkje for totusentalets barn.


Kommentaren er trykt i Bergens Tidende 14.januar 2012

Eg melder meg herved på i debatten "Kardemommeby er skadelig for barn" og tek den eit hakk vidare sidan det trass alt er ei rekke eventyr vi etterkvart må ta “eit oppgjer med”. Eg nemner i fleng.

Vi har Selma Lagerløfs fullstendig uansvarlege Nils Holgersson som sette seg på ei gås utan sikkerhetssele og flaug over halve Sverige. At han overlevde, er berre flaks, og gud forby at nokon ungar i vår generasjon skulle finne på det same.
    Og kven tenker på gåsa? Kva meinte den om å bli brukt på denne måten? Å late ei einsleg gås flyge rundt på denne måten strir på alle måtar med gjess sitt flokkinstinkt. Det har antakeleg også klødd når Nils Holgersson sat på ryggen hennar. Kanskje var det tungt også. Gjjess er trass alt ikkje ridedyr. Historia oppfordrar på alle måtar til uansvarleg flygeadferd og dyreplageri.

Vi har prinsessa som kyssa ein frosk. Kysser ein froskar, må ein nær vatn, og kjem ein nær vatn kan ein falle uti. Desse froskekyssande eventyra kan i beste fall føre til fleire drukningsulukker. Og kva veit vel vi om korvidt froskar eigentleg likar å bli kyssa, eller om dei føler det som eit overgrep? Kan eventyret føre til overgrep mot og mishandling av frosk? Froskar er skjøre dyr som ikkje tåler å bli handtert altfor hardt.

For ikkje å snakke om den lovbrytaren av ei prinsesse som gifte seg med Kvitebjørn Kong Valemon. Det er, om ein skal følge norsk lov, ikkje lov å ha seksuell omgang med dyr. Eg viser til Dyrevelferdsloven paragraf 14c. Og kva slags førebilete er denne prinsessa for småjenter i prinsessekjolar? Eit dårleg, openbart.

Vi må også ta føre oss Smørbukk. Han skiftar, i likheit med mange andre eventyrfigurar, aldri klede, og går i den same gensaren dag ut og dag inn, for ikkje å snakke om i årevis. Ein bør i det minste legge inn nokre scener der Smørbukk dusjar og vaskar gensaren, eventuelt byter genser og viser publikum at han har fleire like gensarar i skapet. Ellers kan han framstå som eit uhygienisk førebilete for barn, og vi vil trass ikkje fostre opp ein generasjon stinkande ungar i mariusgensar. Der går visse grenser.

Vidare må vi ta eit oppgjer med Askeladden. Så mykje som han sit i grua, må han til slutt få kols. Og kva skal han få så mange pene damer etter, han som ikkje jobbar? Askeladden kan faktisk føre til meir naving. Og kva med dette at han skjer hol i sekken sin når han kappet med trollet? Tenk om nokon ungar prøver å gjere det same for å få plass til meir graut. Dessutan lurer han trollet til å skjere hol i sin mage også. Han beint fram lurer det dumme trollet til å ta livet av seg sjølv. Og vi kan også, om vi skal vere nøyaktige her, spørre oss om det er korrekt å stigmatisere troll som dumme, all den tid ingen nokonsinne har fått tak på eit troll og teke seg tid til å dokumentere påstanden. I mellomtida kan vi kanskje kutte ut desse eventyra om troll. Veit vi at dei finst, liksom?

Naturvitenskapen har trass alt teke nokre steg framover sidan Asbjørnsen og Moe tusla rundt på vegane, dusja sjelden og sikkert drakk for mykje øl. Drog med seg farlege sjukdomar frå hus til hus gjorde dei nok også. Kanskje kneip dei bondekonene i baken. Her er det mange oppgjer vi må ta.

Bjørnstjerne Bjørsons Synnøve Solbakken er høgreekstremt voldsepos med skadeleg moral: dei mest voldelege gutta med flest knivstikk får dei penaste damene. Galskap, liksom. Ut av skulen med det.

Skal denne “alt er skadelig-trenden” halde fram, blir vår tids barnefortellingar og eventyr om personar utan kjønn og meiningar som sit fastspent med setebelte på eit sterilt golv utan å ta på kvarandre medan dei et salat med plastskei. Kniv og gaffel kan trass alt brukast som våpen. Skei kan brukast som sprettert, men så lenge karakterane kun et salatblad, går det antakeleg bra til slutt.

Legg til slutt til at eg sjølvsagt er sjokkert. Djupt sjokkert. Nokon må ta eit oppgjer, og det antageleg raskt. Kva dei må ta eit oppgjer med, er for dei fleste etterkvart openbart.

Anne Viken
journalist og barnebokforfattar

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...