Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten Uganda 2010

BIff frå Uganda til Europa viste seg å vere eit vanskelig prosjekt

Biff frå Uganda til Europa stod på planen. Eg drog ned for å undersøke kva utfordringar Nortura møtte på vegen mot kjøt med eksportstandard. Norads konsulentar bomma med fleire tiår i si berekning av tidsrammer for prosjektet: kjøt skulle til Europa i løpet av fem år. No er det ikkje realistisk i overskueleg framtid.   Det er ikkje "vond vilje" og "nei til handel" som gjer at vi ikkje importerer kjøt frå Uganda slik mange trur, men dei ekstremt strenge hygienekrava som vert stilt på den europeiske marknaden. Desse krava greier ikkje Uganda innfri. Eksempelvis vil vi ikkje ha kjøt med munn- og klauvsjuke. I Uganda: Anne Viken (tekst og foto), trykt i Nationen 30.april 2011. Top Cut slakteri i Kampala, Uganda, er tomt. Berre eit par menn søv på golvet. På ein bjelke under taket ligg ei notisblokk med oversikta over dagens slakt. Under slaktinga som startar klokka tre om morgonen ligg levande og døande dyr, tarmar og horn på golvet i kramper og bl...

Eventyr eller bissniss? Nortura og Norad drog til Uganda for å starte kjøteksport til Europa. Eg drog etter. Les reportasjen i Nationen 30.april

Ein møter enorme utfordringar i Afrika. For det meste knytt til kvaliteteskrava Europa stiller til kjøt. Barrierane er store. Her: transport. Kyr på veg til slaktehuset i Kampala frå den lokale marknaden.  Telefonfarmer: bissniss i Kampala, bonde i helga.  Slaktebil på veg til Kampala. Fullasta av folk og kyr. Korrupsjon er vanleg. Munn og klauvsjuke endemisk. Veterinærane som snakkar om dyrevelferd vert jaga og politimelde. Er dette eit land som kan produsere mat for Europa i løpet av få år? Top Cuts slakteri i Kampala får hjelp i form av opplæring frå Nortura. Dei slaktar halal utan bedøving med manchete. Er dette mulig å endre? Det må endrast om kjøtet skal til Europa. Europa har verdas tøffaste krav til importert kjøt både når det kjem til slakterihygiene, helse i populasjonen og slaktemetode. Det er ein grunn til at MUL-land ikkje greier levere kvotene sine: dei kjem ikkje forbi kvalitetskrava.  Klauver er ei delikatesse. Kvar og ein eigar av ku følger dyr...

Uganda: kyr på vei frå marknadsplassen til slaktehuset i Kampala

Venter på å bli slakta. 

Uganda, eit kort reisebrev

No er bloggen forsømt. Årsak: eg er i Uganda. Uganda er Afrikas perle seier dei. Det er på grunn av naturen. Her har dei Nilen og jungel og gorillaer. Det er dessutan billeg å reise hit, billeg å ete her, leve her, reise rundt her er ganske dyrt i grunn, trygt å bevege seg er det også, her er høner tett i tett stabla i bur langs veien. Etc. Det er eit utviklingsland, men om du vil til Afrika, er det eigentleg ingenting å lure på. Det er berre å reise nedover. Her er palmer og det er veldig digg å sitte ute og høyre på grashopper og hundeglam heile kvelden medan ein drikk kald Nile-øl til 2,50 kroner. Til no, desse siste tre fire dagane, har ein eigentleg berre slappa av og vore rundt i Kampala. Besøkte Makeere universitetet og det var eit svært område. Her hadde dei ein okse med ein halv kalv fastvoksen på ryggen. Altså eit slags misfoster. Det var eit underleg skue. To tvillingar der den eine har endt opp med å bere rundt på den andre resten av livet. Kyrne har ...