Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 13, 2011

Sosiale medier er naturleg

Du treng ikkje velge mellom Facebook og fuglesong. Sosiale medier et seg inn i livet ditt, et seg inn i jobben din, et seg inn i hovudet ditt. Til slutt må du berre stikke av, skaffe deg ein hest, bryte ut av samfunnet, rømme til skogs. Sosiale medier er etter deg, over deg, over alt. Og om du ikkje har evne til å ta kontrollen, tek det kontrollen over deg. Eg snakkar om forfattarar som må rømme ut i skogen på hytter utan internettilgang og mobildekning for å makte og gjere ferdig sine manus. Dei greier ikkje logge av på andre måtar. Vi har hørt historiene. Så er dette avhengighet eller er det berre ulike måtar å forhalde seg til ein del av samfunnet på? Samfunnet i dei sosiale mediene? Alle fagfolk liker å spekulere i nye fenomen. Sosiale medier er eit nytt fenomen. Så er sosiale medier farlege tidstjuvar, eller er det berre noko vi blir fortalt? Og kvifor er det så farleg i grunn? Og no snakkar eg ikkje om mobbing på nett, nettmobbing er feil. Eg snakkar om heilt vanleg bruk a