Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2008

Makteslaus anonym debatt

Eg lurer på kven dei anonyme, som skriver anonymt på nettet, er. Lite gjennomtenkte argumentasjonsrekker som kven som helst kan spa opp med armen i fatle og bind for augene. Er det dei dummaste av dei dumme som skriv anonymt, eller dei feigaste av dei feige? Eller kven er dei anonyme skribentane? Eg veit at mange anonymt driv å meiner ting om ting som eg har skrive, men eg anar ikkje kva dei meiner kort sagt fordi ein gidd ikkje lese anonymt preik. Ein gong posta eg ein kommentar på ei NRK-sak om nynorsksaken til meg og Jung Tjønn, der det var ca 30 kommentarar frå før, dei fleste anonyme, men eg las ingen av kommentarane. Eg berre la inn ein link der til denne bloggen, så kan dei anonyme kranglefantane krangle vidare med seg sjølv. Tipper mange av dei sit og tenker ting som "Hehe, der fekk eg no sagt ho eit sanningas ord", men sanninga er at eg les ikkje ein pøkk av det anonyme fjaset. Vil ein opp og fram i verda, må ein velge kven ein vil lytte til, og eg lyttar ikkje til r

Idyll

Når eg sit å skriv, sit påfuglen og ser på, som her. Påfuglidyll med andre ord. Og eg kan skrive kva som helst, påfuglen gir rett og slett katten.

Gjesp

Eg las Firda idag. Målrørsla veit alt om nynorsk frå før og har ikkje så lyst på litt offentleg språkvask gjeeesp. Og sidan målrørsla har kontakt med seg sjølv innad treng dei ikkje kontakt med bakken, og gjeeesp, så kva skal ein med aviser, men først av alt, kvifor ikkje legge ned målrørsla, gjeesp. Og no blir vel eg sitert i avisa på at, gjeeesp, eg søv for lite. Kvifor jobbe med språk når ein ikkje kan lese tekst, feks språklege bilete, gjeesp, nei eg trenger ein kaffe. Om få år er eg tredve, gjeesp, det er ikkje så lett. Fri og, gjeesp, bevare. Dei let seg ikkje provosere, seier dei, men brukar timar og dagar på motargumenter, gjeesp. Vi har fått dei ut på isen i atter ein debatt, gjeesp og der blir dei verande, gjeeesp. Provoserer ikkje, seier dei, gjeesp, vi provoserer ikkje, seier dei, vi tek feil, seier dei og, gjeeesp, skriv seg halvt ihjel i både Firda og Aftenposten, gjeeesp. Nei vi har ikkje klart å skape debatt nei, hehe, gjeeesp. Jo det har vi klart det, gjeesp. Og HVILKE

Skal du spele inn skrekkfilm? Eg har det du treng

Mange skrekkfilmar brukar skrika frå påfugl for å få til ein uhyggeleg stemning, og du er skrekkeleg heldig. Eg har det du trenger: eg har to stk påfuglar som du kan få kjøpe. Kva i alle dagar skal eg med påfugl, spør du no. Sånn bortsett frå å spele inn skrekkfilm. Folk veit lite om påfuglar, det er ikkje eit vanleg husdyr i Noreg, men eg slår herved eit slag for påfugl som selskapsdyr. Eg er veldig glad i fuglar, har hatt alle slags fuglar i mange år, og påfugl er ein definitiv favoritt. Dei er intelligente, svært interesserte i folk og likar seg helst i nærleiken av deg. Med andre ord som ein hund med stjert. Sit du ute og solar deg, kan du vere sikker på at påfuglen sit og solar seg eit par meter frå deg. Sit du ute og les, sit påfuglen like ved, og om du et, sit han omtrent på fanget ditt. Om du les høgt for den, begynner den å blande seg inn så det er ikkje så lurt. Du tenker kanskje at det er dårleg reklame for påfugl å fortelle at dei skrik så høgt at dei passar på film, men de

Er det noko gale med norske universitet?

I innlegga Se til Tyskland og Husk navnet mitt! kritiserer studentar ved UiO opplegget for bachelorstudentar. Stikkord: Dårleg oppfølging på seminar med seminarledarar med elendig kunnskapsnivå (masterstudentar). Kven kjenner seg ikkje att? Eg har gått frå mang ein seminartime på blindern. Eg skal her ikkje kome med ein lang utdjupande kritikk av UiO og UiOs nivå, men eg tok ein bachelor i Internasjonale studier med venstrehanda og blikket festa på heilt andre ting, og eg har ikkje eit dårleg snitt i statsvitenskap. Stiller ein kort sagt for låge krav til norske studentar på bachelornivå? Eg tørr ikkje uttale meg om master sidan eg aldri har tatt ein mastergrad. Eg har derimot straks ein cand.med.vet-grad i veterinærmedisin , og det er ingen tvil om at krava til kva du må kunne på veterinærhøgskolen, er laangt høgare enn krava til same karakter ved UiO: Den innsatsen ein legg inn for ein B ved UiO, held kanskje til ein E ved NVH. Kvifor er det slik? Er veterinærmedisin så mykje vans

Portrett av verdas rikaste og lukkelegaste land

Ingenting å trå etter. Eg er så lei av kultursjarlatanar og grøne drinkar at eg kan spy», seier Langeland til ei kvinne i Austevoll når ho spør kva bøker ein bør lese om ein tenker seg på «Kunstnernes hus.". Han skriv om meg! Eg, «Anne Nordmann», kjenner meg att. Bokmelding, Noreg, av Anne Viken. Ei bok ein må få med seg.

Ein hest for kongeriket

Dag og Tid.

yo eksamen, galskap og anna fjas

Om du er sprø nok til å lese denne bloggen, og les denne bloggen opp mot xx antall gongar om dagen slik enkelte ser ut til å gjere, om ein skal sjå på mitt elektroniske søkesystem, kan du iallefall slappe av dei neste to vekene. Eg har tenkt å ta litt eksamen. Ha det kjekt så lenge! Eg tek meg ein bloggepause. Det er på tide å få avlagt litt eksamener i medisin så eg kan ta meg sommarferie. Og det er på tide for intense lesarar å få tid til litt andre ting, kanksje få seg noko sol på kroppen eller ete ein is. Eg er ein livsnytar, det kan anbefales. Det er svært når folk sit oppe døgnet rundt og skriver, så eg får dessverre ikkje lese alt av innlegg og debattar, men har bråkete søkere ute;) Dei varsler/varsles, kan du sei. Når det kjem til nynorskfolk som leser denne bloggen, om de ikkje føler de har fått gode svar, som maalmannen, så er det litt å beklage altså for eg sit med ein kjempestor eksamen og ein del jobbing eg må levere (skriveoppdrag, blant anna frå nynorskmediene), så eg ha

Fjøsbloggar Anne Viken får svar frå Grande Røys

Fjøs-bloggar Anne Viken hos Firda har fått svar på sitt spørsmål om å byte kontor med fornyingsminister Heidi Grande Røys. Ministeren vil ikkje byte kontor med meg, men kjem med mange råd om internett. Sjå her. og sak her. Det er mange slags saker ein skal få laga om seg sjølv før bloggen dett av. I gamle dagar fekk vi høyre at vi snakka fjøslatin, no har eg blitt fjøsbloggar. her er sitatsaker av saka på Firda: Her er same ANB-melding som er brukt av fleire: http://www.siste.no/Innenriks/article3536073.ece http://www.bygdeposten.no/innenriks/article3536073.ece http://www.oyene.no/innenriks/article3536073.ece http://www.oa.no/Innenriks/article3536073.ece http://www.ba.no/nyheter/irix/article3536073.ece Og ukeavisen ledelse. har også ei sak.

Verneverdige nynorskland, kommentar i Nationen

Gjestekommentar i dagens Nationen. Utdrag: Kanskje vi i det eksotiske ekskursjonsmålet «Nynorskland» bør avskjerast heilt frå kontakt med omverda. Til slutt vil vi sikkert også gå tilbake til å gjete kyr og grave i jorda. Folk frå Noregs Mållag kan kome på ekskursjon og nøgde konstatere at vi lever akkurat som Ivar Aasen. Ein mur rundt Sunnfjord er kanskje eit mål for Noregs Mållag på sikt.

Kutt ut nynorskfjaset

Anne Viken og Brynjulf Jung Tjønn, lesarbrev i Firda eit par dagar før 17.mai 2008 I eit utspel i gårsdagens Firda går ny leiar i målungdommen JanneNygård (18) frå Jølster ut og kritiserer oss fordi vi seier nynorskener vrang og vanskeleg. Ho seier at vi heller enn å byte til bokmål,bør engasjere seg i debatten for å gjere språkforma betre. Det Nygårdoverser, er at vi bidreg til å utvikle språket og drive debattengjennom å belyse dei praktiske problemstillingane knytt til bruken avnynorsk skriftspråk. Vi er profesjonelle språkbrukarar i den forstand at vi livnærer ossved bruk av skriftspråk, og vi representerer ein stor stand av andreprofesjonelle språkbrukarar som til saman utgjer nynorskens ansiktutad, lik det eller ei. Å belyse problema nynorskbrukarane slit med,er ein stor og viktig del av debatten rundt korleis ein skal gjerenynorsken betre. Skal ein finne løysingar, må ein også vite kvar skoentrykker. Men dessverre er det ikkje så populært å påpeike nynorskenslyter. Mykje av nyno
Svært interessant artikkel av journalistførebilete Jon Hustad i Dag og Tid om dei militante dyrevernsaktivistane. Dei kan kome hit å sjå på frittgåande høner og min Monty Roberts-trente hest. Tipper dei trur hestar har fem bein. Det virker litt som om dei ikkje heilt har greie på dyr, men mest av alt utøver aggresjon. Eg ville vel ha blitt skoten fordi hesten min kun har fire bein. Debattregi. Denne kommentaren av Hilde Sandvik i BT er svært god. Ho har gode poeng når ho skriv: "Vi må redigere debatten meir, ikkje mindre. Dei siste åra har Bergens Tidende satsa meir på debatt- og kronikksidene fordi avishuset ser den opne og informerte debatten som noko av det viktigaste huset kan halde på med." Denne er også svært god. Om det antiheroiske med anonym sjikane. No er ikkje eg personleg utsett for dette, men det er jo mange anonyme debattantar i nettdebatter, feks i kommentarfelta under NRK-saken om nynorsken. Eg les det ikkje. Greit nok, folk må få lov å uttale seg, sjølv om

Misbruk av feminisme

Høyr denne 8.mars-debatten mellom Randi Førsund og Anne Mette Hjelle. Dette er den mest bråkete debatten eg har hørt på lenge. Dei påberopar seg begge å vere feministar, men ingen av dei er det slik eg ser det. Slike som påberopar seg å vere feminstar men ikkje er det, samtidig som dei jamrar seg og flaggar ordet for å liksom fronte ei "feministisk sak" som til sjuande og sist handlar om alt anna enn feminisme, ødelegg for ordet og for kvinnekampen. Å vere feminist handlar om aksept for at vi er ulike, det handlar om aksept for at nokon vil drive liten butikk og andre vil lage stor film. Det handlar om aksept for at den enkelte har sine ønsker og muligheter. MEN det handlar også om systemkritikk, og då går det ikkje an å sei at den enkelte er fullt og heilt ansvarleg for si eiga lukke og sin eigen framgang slik som Helle presterer å sei samtidig som ho kallar seg feminist. Dette Hjelle seier, er beint fram Frp-retorikk og Frp har ingenting med feminisme å gjere. Greit nok, e

Flaggermus

Akkurat no sit eg ute på altanen på Hjelmeland. Det er mørkt og heilt stille. Einaste eg høyrer er lyden av flaggermus. Bygstad er kort sagt eit paradis på jord, og det er ein fantastisk vår i år. Eg kosar meg glugg ihjel. I sommar skal eg lage ein reportasjeserie frå Vestlandet. Kva den handlar om, er hemmeleg, men den kjem på trykk i ei avis nær deg. Nei, det er ikkje Firda. No sit det ein stor mygg på skjermen min. Eg har ny pc, den er ein traktor av ei kraftig maskin. Fy søren, livet på landet er digg! Og eg, min heldiggris, har odel på denne fantastiske staden der graset veks langt i hagen og blomar gror opp over alt mellom frittgåande høner og påfuglar. Eg er jammen heldig. God pinse!

Ligg unna min blogg

Det er ein kar som ikkje klarer å ligge unna meg og min blogg. Eg har bede han ligge unna fleire gonger. Ver grei, ligg unna bloggen min. Denne karen sender meg også private hatmail og sjikane. Nok er nok for min del. Eg har fleire gonger bede han kutte ut, men utan hell. Eg lurer på kva eventuelle nettdebattantar i det ganske land meiner? Kva gjer ein med menn som meiner dei er i sin fulle rett til å pepre deg med vekselvis hatmails, kjærleikserklæringar og saklege mails? Det er jo kort sagt trakassering. Eg meiner vi må kunne debattere sakleg i det offentlege rom utan å motta sjikane på mail. For min del er begeret fullt. Eg blir forbanna. Men for min del er eg heldig, eg er ein ressurssterk person og har mykje erfaring frå debatt. Eg er relativt herda sjølv om sjikane ikkje er noko eg har vandt meg til. Eg har aldri opplevd sjikane før, heldigvis. Eg tenker på folk som ikkje har denne erfaringa, men som blir utsett for det same. Hev dykk over det, alle tøffe damer. Ikkje lat hatske

Norsk er i fare

Ikkje nok med at nynorsk er i fare, norsk er også i fare. Og no har eg begynt som bokmeldar. Verda står ikkje til påske. Eg er av og til så lei av den der debatten rundt norsk blir borte, nei norsk blir ikkje borte, jo norsk blir borte, nei det blir ikkje borte, osv og så ruller og går det mens norsk forblir om enn påverka. Og eg seier det same om norsk som eg seier om nynorsk, for eg er ein globaliseringsentusiast plassert til venstre i politikken, og tilhøyrer ikkje bunadsvenstre, kva er problemet? Vi lever i ei global verd, lat inntrykka komme inn. Vi lever i den mest spanande tidsalder eg kan tenke meg, og så sit vi her og ruggar og vaktar på språket og gud veit kva vi ikkje ruggar og vaktar på. Av og til lurer eg på om folk har vore lenger vekke frå eiga stovedør enn garasjen.

Bakstreversk ny leiar i målungdommen fjasar litt i Firda, og eg sit på altanen og les kloke ord om språk.

" Man kan altså velge å stå vakt om de Aasen-klassiske idealer og konservere nynorsken som et elitespråk — opphøyd, klangfullt, vakkert og verdig — men uhyre vanskelig å lære, og på solid avstand fra talemålet (især det dagligdagse ordforrådet) i landet. Men alminnelige mennesker velger ikke skriftspråk ut fra moralske eller ideologiske overveielser — de velger det skriftspråk som er lettest å håndtere. Og da er valget klart: Bokmålet er lettere. " Sitatet er henta her , på Lektorlagets heimeside, og stammar frå professor Finn-Erik Vinje. Klok språkmann. I mi jakt på nettet etter debatter rundt nynorskutspela til meg og forfattar Brynjulf Jung Tjønn kom eg også over professor Finn-Erik Vinje sin blogg . Vel verdt å lese. Om ord og vendingar og språk. Her eg sit på verandaen ute i det vakre vårveret og høyrer regn treffe bakken, er det kjekt med godt lesestoff. Nettdebattar endar ofte med tull og fjas og inkompetente debattantar får fritt herje om seg. Skal ein lese alt folk

Eg sit i ein fjøs og jobbar

Her eg bur, på Hjelmeland i Bygstad, har vi så dårleg internettilgang i huset at eg må sitte i fjøsen. I huset vårt tar det ca 15 minutter å laste opp nettsida fjordaglimt.no, om eg i det heile får den fram. Eg kan berre gi opp å laste ned sider som dagbladet.no, og eg kan ikkje sende store bilete. Så kva gjer ein, når ein som reporter er avhengig av tilgang til mail med mogelegheit for å sende store bildefiler: eg må sitte på internett i fjøsen. Her er det breiband. Det er litt ironisk, men Telenor vil kort sagt ikkje bygge linje til vårt hus. Linja er visstnok per idag for kort. VI skal visstnok få internett som duger i huset til sommaren, men det er mange timar i fjøsen til den tid. Kva er dette slags distriktspolitikk?? FOr kort linje? Her sit eg: Dette er mi utsikt: Vil ein av våre statsrådar på tinget kome å byte kontor med meg? Her er kaldt, eg høyrer kyr raute og melketanken surre. Greit nok, eg har termos på kaffe og det er koselig med kyr som snuser på vindu, men eg hadde une

Eg fant ein genial blogg

Kloke damer har eg alltid hatt sansen for, og av og til kan vi som bur i Sogn og Fjordane få inntrykk av at her er det kattefight, damer fighter damer og Stig Eikås fighter fotograf Apneseth. Katrine Sele, journalist i Firda, er lei av filmgalning Randi Førsund og steingalning (steinkunstner) Stig Eikås, og eg må innrømme at eg sjølv trekker godt på smilebandet av ein del lesarinnlegg både underskrivne ein viss Eikås, ein viss Apneseth og ei viss Førsund. Dessutan trekker eg svært hardt i smilebandet når eg les lesarbrev av visse målfolk som ikkje er snaurare enn at dei erklærer bokmål for, kva i alle dagar var det det var, nesten omtrent djevelens språk. Eg kan sjekke ut formueringa, men nynorskens forsvararar er såpass lite sosialt- og samfunnsmessig oppegåande (får ein ofte inntrykk av) at dei burde skiftast ut før dei har føkka opp heile nynorsken (UUUPS! føkke opp er ikkje lov å skrive på nynorsk, men det er god damn meg ikkje lov på BOKKMÅLL heller). Men mitt poeng her var. Eg ha

4 000 treff

Wow. I dag passerte bloggen 4 000 treff sidan eg la inn tellaren i februar. Det er jo ganske kult. Eg veit ikkje kven det er som leser bloggen, eller korleis dei kjem seg inn på denne bloggen, via google? Om nokon har lyst å fortelle meg korleis dei finn denne bloggen, er det kjempekult. berre å kommentere. BLoggen er opna for kommentarer.

Muntleg og skriftleg nynorsk

Eg fann dette veldig bra innlegget på Firda-bloggen. Ho har eit svært godt poeng: "Dersom det vert tillatt ei innsnevring i språket som gjer at vi som brukarar ikkje lenger ser samanhengen mellom tale og tekst, ja då har vi tapt språket til ein liten akademisk ‘elite’ som vil vere i stand til å bruke nynorsk som skriftspråk, vanlege folk, som eg har tillatt meg å vurdere meg sjølv som, vil grøsse på ryggen og snu seg vekk frå skriftspråket om dei vert tvungne til å bruke ord i skrift som dei aldri ville tatt i sin munn." Det er viktig at ein i nynorsk ikkje må bruke ord vi finn unaturleg. då vil mange legge frå seg språket og det er nett dette som skjer. Eg fekk ein kommentar på ein blogg lenger nede her om at vi som kritiserar språket aldri kan legge fram eksempel på personar som har bytt til bokmål fordi nynorsken er for krøkkete. Eg for min del har mange mange eksempel på akkurat dette, men eg har ikkje tenkt å lufte namna på dei det gjeld her i bloggen. Dei får stå fram