Gå til hovedinnhold

Makteslaus anonym debatt

Eg lurer på kven dei anonyme, som skriver anonymt på nettet, er. Lite gjennomtenkte argumentasjonsrekker som kven som helst kan spa opp med armen i fatle og bind for augene. Er det dei dummaste av dei dumme som skriv anonymt, eller dei feigaste av dei feige? Eller kven er dei anonyme skribentane? Eg veit at mange anonymt driv å meiner ting om ting som eg har skrive, men eg anar ikkje kva dei meiner kort sagt fordi ein gidd ikkje lese anonymt preik. Ein gong posta eg ein kommentar på ei NRK-sak om nynorsksaken til meg og Jung Tjønn, der det var ca 30 kommentarar frå før, dei fleste anonyme, men eg las ingen av kommentarane. Eg berre la inn ein link der til denne bloggen, så kan dei anonyme kranglefantane krangle vidare med seg sjølv. Tipper mange av dei sit og tenker ting som "Hehe, der fekk eg no sagt ho eit sanningas ord", men sanninga er at eg les ikkje ein pøkk av det anonyme fjaset. Vil ein opp og fram i verda, må ein velge kven ein vil lytte til, og eg lyttar ikkje til røkla på nett.


Jævlig fett for oss som er seriøse, at vi slepper til i media under fullt namn. Då kan vi ta diskusjonen vidare på mail og telefon, eller med ukjente som oppsøker deg på byen, som du møter på fjellet eller på kafe. Folk som seier hei, presenterer seg og har veloverveide meiningar samt innsikt i sakene. Eg har blitt kjend med masse nye, interessante folk som er interessert i det same som meg, og ikkje minst: som har peiling. Det opplever eg som svært positivt med å operere under fullt namn.

Det er veldig få av dei som er seriøse skrivande, som gidd lese anonyme debattar. Det finnast jo nok av kvalitetslesestoff. Døgnet har kun 24 timar.

Alle som "har noko dei skulle ha sagt", henvender seg til meg under fullt namn, med det resultat at "sånne som meg" (dvs sånne som bruker fullt namn) får enda meir spalteplass, enda fleire kontaktar inn i "maktas korridorar", kvar no enn desse korridorane befinn seg. Slik ballar det på seg.

Dei som er, eller føler seg makteslause, debatterer anonymt. Det er ein fin måte å forbli makteslaus på.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...