Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2013

Skal bønder få behandle sjuke dyr sjølv?

Onsdag 24.juli gjekk debatten på NRK Sogn og Fjordane om korvidt norske bønder skal få tilgang til å behandle sjuke dyr utan at veterinær har vore på staden og stilt ein diagnose . Problemstillinga har vaka i kulissene lenge, og det er ei problemstilling som er verdt å diskutere. Som veterinær har eg arbeidd i Sverige i praksisområder med såkalt delegert behandling for gris og kjøtfe, det vil sei eigenbehandling, og eg vil fortelle litt om korleis dette fungerte.  Ordninga fungerer slik: bønder som er med på ordninga har tilgang til å behandle enkelte diagnoser på dyra sine sjølv, utan å kontakte veterinær og varsle om at dyret er sjukt. Bonden får også hente ut legemiddel, men kun visse preparat og kun til visse avgrensa diagnoser. Veterinæren kjem med nokre vekers mellomrom, tre til seks, litt avhengig av sjukdomsbilete og tilhøve på garden, ut til garden for å sjå over besetningen og gå gjennom medisinbruken. Alt må nøye loggførast. Det er fortrinnsvis dei større gardane som

Då har Elise og mysteriet på hesteklinikken kome frå trykken!!

Mange snakkar om at å gi ut si første bok er ein grand happening, men eg er faktisk meir begeistra for tanken på å sleppe bok to om Elise, Elise og mysteriet på hesteklinikken , enn eg var for bok ein. Og det trur eg er fordi eg har kome ein del lenger i utviklinga av meg sjølv som forfattar. Bok to var ikkje så vanskeleg å skrive. Bok ein var tidvis eit lite mareritt å få ferdig, medan bok to berre gjekk av seg sjølv. Eg tar plottbygginga fleire hakk vidare frå bok ein. Dessutan: eg berre digger det omslaget. Det er kanonfint. Øystein Vidnes er mannen bak. Det tok litt tid å få ferdig omslaget, vi gjekk ganske mange rundar med det, men då det først førelåg i den versjonen de her ser, var eg strålande nøgd. Det er Elise. Omslaget til bok ein ser eg i ettertid at kunne ha vore ei aning mindre dunkelt og mørkt. No er eg særdeles spent på kva publikum vil sei om Elise og mysteriet på hesteklinikken. Bok ein vart svært godt motteken, har fått utruleg mange tilbakemeldingar frå publ

" Bekjennelser fra veterinærvirkeligheten " og " Filmar med minibudsjett og dugnad "

Så var det på tide med lansering av ny bok med hest, andre dyr og dyrlegar. Til høsten kjem Elise og mysteriet på hesteklinikken . Nærmare bestemt medio august! Media er generelt meir interesserte i vaksenlitteratur enn i barnelitteratur, og eg hadde lyst til å lage nokre korte filmar basert på Elisebøkene. Så kva skulle vi då finne på for å få fokus på Elisebøkene? Jo Nesbø har nett lansert Politi, og mange forfattarar ønsker ikkje å lansere bøker i same tidsrom sidan Nesbø stel heile medieshowet. Min strategi er ganske enkel. Eg har skrive bøker, eg vil at folk skal lese dei, og for at folk skal lese dei, må dei vite om bøkene. Så korleis får folk vite om bøkene? Jo, blant anna via presseomtale. Så då inviterte eg media til filmsettet. Her ser vi resultatet nedover i bloggposten. Eg har tru på å skape ei historie rundt ei bok. No har vi laga historia om at vi spelar inn filmsnuttar ved bruk av lokale amatørar og dugnadsprosjekt. Dette hadde aldri vore mogeleg utan alle som stil

Elisefilm, kvit hest og ein bankmann oppkledd som dyrlege

Vi filma scener frå bøkene mine om hest og dyrlegepraksis, "Elise og mysteriet med dei døde hestane" og "Elise og mysteriet på hesteklinikken" på Grimsbø på Jølster igår. Her ser de foto av Elisabeth Solheim Brekke frå Bygstad, alias Elise, som undersøker melk frå ku. Det er nemleg også med fleire kyr i bøkene. Kofferten tilhøyrer veterinær Helge Njøsen frå Bygstad, og fjøsen er fjøsen til Torbjørg Grimsbø Eskeland og Dagfinn Grimsbø på Grimsbø i Jølster. NRK var med og filma. Etter å ha filma inne i fjøsen, slapp dei kyrne ut og vi fekk filma eit ekte kuslepp. Det er nemleg eit ekte kuslepp i "Elise og mysteriet med dei døde hestane", og der går det ganske vilt for seg. Kyrne spring gjennom gjerdet, nedover vegen med dunder og brak, og beint mot kyrkjegarden der presten kastar salmebøker og altervinsflakser på dei for å hindre galopp over kyrkjegarden. Opptak frå kuslepp og undersøking av ku vart sendt både på Vestlandsrevyen og Norg

Elise går til filmen

No kjem det ny bok om Elise i midten av august. Den heiter Elise og mysteriet på hesteklinikken og er ein frittståande oppfølgar til bok ein, Elise og mysteriet med dei døde hestane (2012). Så sat eg her då, og lurte på kva eg skulle finne på. Når eg skriv tenker eg i film. Alt eg skriv ser eg føre meg i filmatiske scener. Kvar kjem folk inn i biletet frå, kvar går dei, korleis ser dei ut, korleis signaliserer dei sine mellommenneskelege relasjonar til kvarandre. Alt går i film i mitt hovud. Med musikk til, og med fortellarstemme. Så kva var vel meir naturleg enn å lage nokre korte filmar om Elise, basert på manusa til bok ein og bok to? Som sagt så gjort! Eg fekk med meg Jørn til å filme, og så begynte planlegginga. Først måtte eg finne Elise, og så måtte eg finne Kalle. Elise er hovudpersonen og Kalle er dyrlegeonkelen. Eg var kjempeheldig og fann to som var veldig positive, og som passa kjempebra til oppgavene. Det er berre heilt supert. Kalle ser du i neste bloggpost. Han var ik