Gå til hovedinnhold

Elise går til filmen

No kjem det ny bok om Elise i midten av august. Den heiter Elise og mysteriet på hesteklinikken og er ein frittståande oppfølgar til bok ein, Elise og mysteriet med dei døde hestane (2012). Så sat eg her då, og lurte på kva eg skulle finne på. Når eg skriv tenker eg i film. Alt eg skriv ser eg føre meg i filmatiske scener. Kvar kjem folk inn i biletet frå, kvar går dei, korleis ser dei ut, korleis signaliserer dei sine mellommenneskelege relasjonar til kvarandre. Alt går i film i mitt hovud. Med musikk til, og med fortellarstemme. Så kva var vel meir naturleg enn å lage nokre korte filmar om Elise, basert på manusa til bok ein og bok to?

Som sagt så gjort! Eg fekk med meg Jørn til å filme, og så begynte planlegginga. Først måtte eg finne Elise, og så måtte eg finne Kalle. Elise er hovudpersonen og Kalle er dyrlegeonkelen. Eg var kjempeheldig og fann to som var veldig positive, og som passa kjempebra til oppgavene. Det er berre heilt supert. Kalle ser du i neste bloggpost. Han var ikkje med på dag ein, som desse bileta er frå. Alle aktørane som deltek er frå området her: Bygstad, Førde, Jølster, Florø og Gloppen.

Dag ein: vi måtte ut i skogen og sjå kvar ein kunne filme. Eg og Jørn køyrde opp nesten alle skogsvegar mellom Hjelmeland og Kleppsåsen i Bygstad i jakta på den rette skogsvegen. Vi kunne potensielt blitt tatt for skogsspionasje. Blant anna heldt vi på å ramle ned i ein foss i jakta på den ultimate foss. Litt action må ein trass alt ha. Her ser du Jørn i gamlevegen. Eg må berre sei at Jørn gjer ein kjempejobb med å filme, rigge og etterpå også redigere.

Sjå foto frå dag to med filming her.

På dag to med filming kom NRK på besøk. Sjå innslaget frå Vestlandsrevyen og frå Norge i dag her.

Sjekke locations. Kan her springe ein hest?
 
Så måtte Jørn bygge krane for kamera. Han har laga kranen sjølv! Dette er dag to!
Køyre kranen. Ups den velta ned i hagen, men det her er bra greier.
Elisabeth som Elise på hesten Dalita. No er vi på veg mot Svindalen i Kvamme i Bygstad.
Kle opp ein skummel mann med ein svart hest (Dalita) og gardin under salen. Rødt!
Jørn rigger kamera og ekstra skjerm
Skummel mann i skogen med hest. Filmen herifrå vart heilt rå. Såkalla money shot
Skummel mann kjem ut av skogen med hest!
Elise, alias Elisabeth, på Dalita på velteplassen på veg mot Svindalen. Knallfin hest!
Ny location, ny oppstilling av kamera. Jørn ser stadig nye locations langs vegen. Eg begynner å bli bra svolten.
Sjekking av lys i mørk potetkjellar.... No er eg blitt råsvolten!!
Då har vi filma ein del. No skal vi filme resten av scenene på Jølster. Det må berre påpeikast kor positive folk har vore til å delta på dette prosjektet, og kor mykje tid det tar og dei bruker på det. Det er berre heilt supert! No er eg veldig spent på korleis filmane blir! Vi held fram arbeidet ikveld og heile morgondagen på Jølster, nærmare bestemt Grimsbø, der vi skal filme utslepp av ein flokk med kyr samt ein kvit hest vi har fått låne. Bilder kjem! Totalt blir det nesten to heile dagar med filming, ein dag forje veke og ein dag denne veka.

Idag har eg fylt opp tomme medisinflasker med saft og vatn, samt lånt ein dyrlegekoffert sidan eg ikkje har sånt sjølv. Bilen er lasta med stetoskop, termometer og kamerastativ, og imorgon skal vi altså filme live kuslepp og håpe kyrne ikkje spring ned alle kamera. Det blir mange scener å filme, mange dyr å halde styr på, så eg er litt spent på korleis dette går, men det går antakeleg heilt brillefint for folka som er med på prosjektet er superbra. Vi har fått låne både fjordhestar og hundar, i tillegg til Dalita og den kvite hesten. Den ser du her:



Om du vil lese meir om bøkene, klikk her. Elise og mysteriet på hesteklinikken kjem i august, men kan bestillast alt no hos haugenbok. Bøkene er frittståande og kan lesast i alle slags rekkefølger. No må vi legge siste planane for morgondagen!!

Slik ser neste Elise-bok ut!



Sjå foto frå dag to med filming her.

Sjå innslaget frå Vestlandsrevyen om filmprosjektet

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...