Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2011

Industriell søppelkalkun - festmat?

Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat. Trykt som kronikk i Bergens Tidende 21.desember 2011. Jula er rundt hjørnet, og hos mange står kalkun på festmenyen. Då NRKs Forbrukerinspektørene laga programmet «Egg og kylling» om fjørfeproduksjon i Norge (12. oktober), sleppte ikkje journalistane inn på Nortura sitt slakterianlegg. Vi kan spekulere i årsakene, men noko veit vi: Slakterianlegg i Norge manglar slakteriutstyr som er tilpassa storleiken på kyllingane. Mange kyllingar, etter bedøving, passerer knivane utan å få halsen avskoren, altså utan å bli avliva. Enkelte slakteri har hatt fritak frå slakteriforskrifter slik at kyllingane i praksis vart slakta levande, utan bedøving. Når vi veit dette, er det tryggast å stenge dørene og servere forklaringar om at slakting er eit sterkt syn som ikkje passar seg på tv. Vi veit at kyllingtransportane til Nortura køyrer utan varme på om vinteren (for å spare

Nisselue i bedehusland

Da eg var lita og solgte julehefte for Norsk Barneblad før jul, fekk eg eit lengre foredrag av to eldre bedehuskvinner. Dei prenta meg inn i skallen at jula handlla ikkje om nissar, troll og smørbukk, men om bibelen sin bodskap.  Her i bedehusland blir muligens nisseluene sett på med like stor skepsis som i enkelte muslimske kretsar. Du skal danse rundt juletreet som var det det siste du gjorde, men plukk av deg nisselua, for guds skuld. Eit av mine favorittsitat frå bedehusland er dette: "på søndagsskolen var stemningen like kjærlig som på massemorderes minglefest". Fritt etter ein engelsk tv-serie om ein pastor som skal omvende ein haug med ekskristne.

Tomas Espedals forfattarskap er rått. Kvifor har eg ikkje oppdaga denne mannen før?

Det måtte ein kulturkjerringdebatt og ein Bragepris til før eg kom på å lese Tomas Espedal. Først denne veka las eg hans nyaste, imot naturen . Så las eg på raude rappen imot kunsten . No har eg lese biografi , og gitt meg i kast med dagbok . Det er ei skandale at mannen ikkje har skrive meir enn tolv bøker. Snart har eg lese alle. Det er alltid trist når det simpelten ikkje finst fleire bøker att å lese av ein nyoppdaga forfattar. Eg siterer Sigmund Jensen om Brev (et forsøk) i Stavanger Aftenblad: "Det er komplett ubegripelig at skjønnlitteratur av en så høy kvalitet som det Espedal gang på gang leverer, ikke skal kunne nå et bredere publikum" Espedal beskriv det indre gjennom ytre hendingar. Det er avansert kunst. Og det er rå litteratur. LES!

Vi blir jo det vi et, blir det sagt. Altså blir vi sjuk kylling med bukbetennelse og bein som knekker som fyrstikker

Landbruksmeldinga: «Matsikkerhet er til stede når alle mennesker til enhver tid har fysisk og økonomisk tilgang til nok og trygg mat, for et fullgodt kosthold som møter deres ernæringsmessige behov og matvarepreferanser som grunnlag for et aktivt liv med god helse.» Men får vi god helse av å ete dyr som har dårlig helse og dårlig velferd??? Vi blir jo det vi et, blir det sagt. Altså blir vi sjuk kylling med bukbetennelse og bein som knekker som fyrstikker. Eh kult.

Magisk vikingepos om møte mellom norrøne menn og Afrika

Det er noko skummelt magisk over Havjervens segling innover i det djupaste av Afrika. Så skummelt magisk at ein ser seg litt ekstra om etter skuggar på kvelden. Er det peisen som slår gneistrar? Eller er det nokon andre her... Ånder? Ute er det storm. Det passar dårleg når ein les Hard er mitt lands lov. Det vert enda skumlare. Mørket heng tungt over vikingskipet på veg frå Roma, nedover Afrikas kyst, innover i jungelen. Over vikingane som i veker vandrar over stepper, høgsletter og gjennom jungel. Samlaget omtaler boka som "eventyrleg" , men det er feil. Ordet er magisk vikingepos. Cathrine Krøger meiner språket er arkaisk, men det er det ikkje. Språket er eit verk verdig. Skildringane inngåande, innlevelsen sterk. Ordbildet er ein vesentleg del av denne forteljinga frå det svartaste av Afrika der over hundre norrøne viktingar slit seg fram. På jakt etter gull? På jakt etter hemn? Hard er mitt lands lov er eit verk i ordets rette forstand. Eit verk som vassar i kunnskap

Talent for lykke

Det har blitt gitt ut ei rekke bøker om korleis skrive god litteratur. Kast dei i peisen. Les Ari Behns "Talent for lykke", ei lærebok i litterær briljanse. Dra ditt visakort i nærmaste bokhandel. Les den så tre gonger.

Veterinærar i samfunnsdebatten

Veterinærar er ei faggruppe som er så og sei usynleg i norsk samfunnsdebatt. Kvifor er det slik? Ikkje godt å sei. Synd er det uansett då faggruppa har mykje relevant informasjon å kome med. No har studentar ved Norges Veterinærhøgskule tenkt å gjere noko med saka. Dei har starta Fagpolitisk Forum som arrangerer livedebattar med panel og publikum ved NVH, opent for alle. Blant tema som står på planen er hundeavl (forje møte), kyllingproduksjon og tja, kanskje også: dei tause veterinærane. Sjekk ut deira Facebook-gruppe og følg med.

Kvinner må no ta ansvar for at menn ikkje kan te seg. For nokre menn vi har i dette landet!

Ber kvinner drikke mindre. Kvinner skal drikke mindre fordi menn ikkje greier å te seg som folk. Kva blir det neste? At kvinner må läre menn å snakke, drikke av kopp og kle på seg? Kanskje vi må läre dei å bruke såpe, sjå skilnad på högre og venstre sko, samt ikkje pisse på golvet også? Ting som er på samme basic nivå som at ein faktisk ikkje overfaller kvinner på open gate. Er virkelig menn så dumme som politiet vil ha det til? At dei ikkje greier forhalde seg til alkoholpåverka kvinner utan å forgripe seg? Det er litt av nokre menn vi sliter med i dette landet, gitt. Om vi skal tru politiet i Drammen. Menn som overfaller kvinner, er ikkje menn. Dei er scum. Trygg helg.

Saab 900 selges

Eg selger min svenskregistrerte Saab 900 88-modell. For detaljar, sjå annonsen.

Marit Eikemo, Samtale ventar

Bokanbefaling. Marit Eikemo skriv latterleg bra og posisjonerer seg som ein av dei mest interessante kvinnelege forfattarane i Norge. Skreiv eg kvinneleg? Ja, for eg er mest begeistra for kvinner som skriv om andre kvinner. Som eksempelvis Ebba Haslund og Vigdis Hjorth, eller på svensk Sara Stridsberg og Sigrid Combuchen , eller for den del Helena Henschen , ein personleg favoritt, men Henschens sjanger er ein miks av fiksjon og dokumentar. Og når eg les Eikemo tenker eg at vi har faktisk like gode forfattarar på norsk. Eikemo er langt betre enn Hjorth. Der Hjorth mister grepet om lesaren, held Eikemo grepet med suveren språkføring. Det er noko solid over Eikemos språk. Det er kort sagt godt. Ikkje ein einaste gong treng ein irritere seg over dårlege formuleringar. Første boka til Eikemo, Mellom oss sagt , minnar om Samtale ventar . I begge bøkene finn ein kvinner på tretti pluss, utan mann, utan familie, som jaktar på nærheit og anekjennelse, gjerne hos ekskjærestar eller menn

Kvifor skal det alltid vere valkar og strekkmerker når kvinner blir framstilt som legitimt naturlege?

Når Marianne Aulie poserer naken, blir folk forbanna. Når Helle Vaagland med sine valgar og flesk poserer uten kler, er det morsomt. Fordi Vaagland liksom er så naturleg. Flesk og valker er naturleg. No flasher Vestforld Bygdekvinnelag puppa.  Det gjer ingenting å vise fram strekkmerker og valker. Greit nok. Men når skal det bli lov å vise fram pene kroppar utan å bli beskulda for å skape kroppskompeks eller vere kroppsfokusert/ pornografisk? Det er like kroppsfokusert å vise fram rynker, flesk og strekkmerker. Fokuset er jo på kropp. Og kropp uten fleks og strekkmerker er like naturleg som kropp uten. Bonde og småbrukarlaget meiner for eksempel at den østerikske bondekalendaren er pornografisk . Det kan neppe henge saman med anna enn at det er unge, pene mennesker ein viser fram. Dei er også meir påkledde enn Vestfolk Bygdekvinnelag. Ikkje ein pupp viser. Logikken er: unge, pene lettkledde mennesker er pornografisk. Gamle er det ikkje, sjølv om dei viser meir kropp. Unge er unatur

Kåringa "Årets unge bonde": eit langt gjesp/ "er det ikkje litt harry at brekk utnevner sine eigne lokalpolitikarar til årets unge bonde"?

Dessverre tyder denne kåringa på at landbruket snakker til koret/ menigheten, ikkje til publikum. Årets unge bonde er ikkje i tvil om kva som var høgdepunktet i høve kåringa. – Det var utruleg kjekt å få kome til Brekk sitt kontor i lag med dei andre kandidatane. Det er veldig bra han tek seg tid til oss og høyrer på innspela me har, seier ho. (Nationen 18.november 2011).  Kandidaten heiter Elisabeth Holand (31). Det er koseprat og enda meir koseprat når Lars Peder Brekk, Mc Donalds og Bygdeungdomslaget kårar årets unge bonde. Juryens leiar er sjølvsagt Brekk. Kanskje ikkje så rart det vert koseprata. Ein har jo, trygt og godt, kåra ein av sine eigne. Ein Sp-politikar. Det er feigt, det har slagside og det framhevar det vi mistenker frå før: her er det lite rom for politisk spekter og nytenkning. Brekk har løfta fram ein av sine trauste våpendragarar. Landbruket er satt lite nytenkande. Ein får ikkje inntrykk av innovasjon, nytenkning og spreke utspel. Ein får inntrykk av at det

Flådde pelsdyrskrottar. Pelsen av, kroppane skal kastast.

Er dette etisk?? Og bør det finansierast av støtte frå norske skattebetalarar? Kilde: Djurrättsalliansen Umeå I november pågår "pälsningen" på svenska minkfarmer. En månad då 1,2 miljoner minkar dödas, bara i Sverige, för människans fåfänga. Du kan göra skillnad för djuren. Bli aktiv. Trykk på biletet og det blir stort og tydelig. Les kronikken Ikkje berre eit dyr i Aftenposten: Lytt til fagmiljøas bekymringsmeldingar: Forby pelsdyroppdrett og gjer det no! Les artikkelen Kva føler du no rev? frå Klassekampen. Det er ikkje dyrevernsekstremisme å snakke om at dyr har følelsar. Det er eit uttrykk for høg fagkompetanse. Sei nei til pels.

Det er greit at vi halal-slaktar i Norge. At nokon ber ei bøn for ei ku som skal bli biff, skadar ingen.

Fakta: halalslakt i Norge er akkurat som anna slakting. Einaste skilnaden er at ein ved halalslakt ber ei bøn.  Les Mattilsynets orientering.  Det er greit at vi halal-slaktar i Norge så lenge det foregår med bedøving først, slik som i dag. At nokon ber ei bøn for ei ku som skal bli biff, skadar ingen.  Les debatt rundt dette innlegget hos Verdidebatt (Vårt Land) og Nye Meninger (Dagsavisen).  Når ein slaktar dyr ved slakteri, blir dei først bedøva. Dette kan, heilt enkelt forklart, skje med boltepistol i hjernen (storfe, hest), strøm gjennom hjernen (sau), gass (gris, kylling, kalkun) eller elektrisk bad (kylling). Argon og CO2 er gasser som blir brukt. Argon skaper mykje uro og er nok ein svært ubehagelig bedøvingsmetode. OBS: bedøving i denne samanheng er som ein "narkose", ikkje som ei lokalbedøving. Bedøvinga (boltepistol, gass, strøm) før avliving gjer at dyret fullstendig taper bevissthet. Dyret kan altså verken oppleve eller føle avlivinga. Ordet "

Er det eit likestillingsproblem at kvinner som fortel om sine erfaringar med trakassering frå utlandske menn, blir kalt rasistar?

  - Vi må kalle en spade for en spade. Det er ikke noe tvil om at så å si alle overfalls- og gjengvoldtekter de siste ti årene i Norge har blitt begått av innvandrermenn. Og muslimske menn er overrepresentert, sier Abid Raja. De som voldtar, de voldtar egentlig hele innvandreromdømmet. Les artikkelen. Ikkje skyt budbringer. Siste dagane har det vore debatt om voldtekter i Oslo. Sjølv har eg aldri blitt voldtatt, men fotfulgt og hatt ein del ubehagelige opplevingar. Dette har eg  skrive om. Mange blir rasande når ein skriv om sine erfaringar. Dei meiner at å fortelle at ein blir trakassert på gata i Oslo av utlandske menn, er stigmatiserande for innvandrarar. Nokre trekk rasismestrået. Les om mine erfaringar, Farlege Oslo, i Morgenbladet.  Artikkelen er også lagt ut hos Verdidebatt.no (Vårt Land) og Nye Meninger (Dagsavisen). Trykk på linkane og sjekk ut debattane. Det er noko alvorleg gale om ein ikkje kan omtale sine erfaringar frå Oslo utan å bli møtt med angrep av

Det er litt av nokre produkt vi forbrukarar etterspør, om vi skal tru Brekk: slaskekylling og sjuk kalkun. Skulle nesten tru vi ikkje hadde noko valg.

Bøndene må levere det forbrukarane vil ha, sa Lars Peder Brekk (Sp) på landsmøtet i Småbrukarlaget. Les saka her. Forbrukarane vil altså ha billeg kylling og sjuke kalkunar med leddproblem, kyllingar som blir kvalt i lastebilane medan dei venter på å bli slakta fordi bilane manglar gode lufteanlegg, eller som frys ihjel under transport om vinterene fordi ein skal spare pengar og dermed droppar oppvarming i bilane. Forbrukarane vil ikkje finne seg i at vi politikarar skal bestemme kva folk skal ha på tallerken, sa Brekk. Nå, kjære Brekk. Vi har ikkje så stort valg enn å innfinne oss. Kva vi skal ha på tallerken, kan vi knapt nok velge sjølv. For kvar er det mogeleg å få tak i kylling og kalkun som ikkje er produsert under forholda beskrivne? Kvar får ein tak i kvitt kjøt produsert under etisk akseptable forhold? Knapt nokon stad. Ein må produsere det sjølv.  Og kven si skuld er det? Er det forbrukarane som bestemmer produksjonsforholda? Nei. Og er det forbrukarane som bestemm

Du er ei hore! Farlege Oslo: om å bli trakassert av utlandske menn i Oslo- min artikkel i vekas Morgenbladet

Eg har måtta hoppe ut av taxiar og finne meg i å bli fotfulgt natt etter natt. Er dette akseptabelt? NEI. Farlege Oslo, les heile artikkelen her.  Utdrag: Gjekk eg oppover gata, kom dei kryssande frå andre sida. Om eg ikkje snakka når dei snakka til meg, fortsatte dei å mase. Om eg svarte, fulgte dei etter. Eg har blitt fotfulgt frå Torggata til Birkelunden fleire gonger. Anten tett på, eller på andre sida av gata. Sjølv når eg har hatt følge, har eg blitt fotfulgt. Avslutning: Å sei at innvandrarmenn plager kvinner, er ikkje å sei at ingen etnisk norske gjer det. Å påpeike at innvandrarar plagar kvinner, er ikkje det same som å sei at alle innvandrarar plagar kvinner. Det burde vere unødvendig å påpeike. Å legge fram erfaringar, er ikkje eit bidrag til stigmatisering av minoritetar sjølv om enkelte forsøker å få det til å framstå slik. Når ein diskuterer overfallsvoldtekter som problem, treng ein ikkje vise til at dei fleste voldtekter skjer i heimen. Det er avsporing

Country living - her bur eg !!

Her bur eg! Her sit eg nett no, i andre etasje! Stuga er bra greier. I stabburet nedanfor budde eg i sommar. Les om sommarens stabbursliv i Jämtland.

Oslo er farlig: eg har blitt forfulgt av farga menn i Oslo og hoppa ut av taxiar i fart

Eg budde i Oslo frå 2001 til 2010. Siste tre åra ved Birkelunden på Grünerløkka. Da eg kom til Oslo gjekk eg i byen uten å tenke meg om. Siste tida kunne eg ikkje gå aleine heim frå Torggata til løkka. Eg måtte ha følge eller ta taxi. Langs gata stod det eg antar var dealere, mørke menn, innvandrarar. Eg er ingen rasist, men det var aldri kvite menn som gjekk ein meter bak meg heile vegen til løkka. Det var mørkhuda. Dei fulgte meg på sida, tett bak eller på andre sida av gata. Eg måtte stoppe og vente på andre som skulle same veg, folk eg ikkje kjente, og slå følge med desse. Det var ganske ubehagelig. Gjekk eg oppover gata, kom dei kryssande frå andre sida. Om eg ikkje snakka når dei snakka til meg, fortsatte dei å mase. Om eg svarte, fulgte dei etter. Eg har blitt fotfulgt frå Torggata til Birkelunden fleire gonger. Anten tett på, eller på andre sida av gata. Sjølv når eg har hatt følge, har eg blitt fotfulgt. Til og med på veg til byen kunne dei følge etter meg eller rope el

Ottars mediale havari

Ottars sinne og frustrasjon over at dei ikkje er i stand til å nå gjennom i media, endar opp i eit angrep på Klassekampen. Leserbrev i Klassekampen 20.oktober 2011 Ottars representantar skriv (lesarbrev 15.oktober): « Reell, feministisk kamp blir og har blitt drevet av kollektiv: innen organisert kvinnebevegelse, innen fagbevegelse, og innen grasrota i politiske parti på venstresida». Hei Ottar: Tidene, og det mediale klimaet, har endra seg, om enn ikkje Ottar. Vi nyttar bloggar, sosiale medier, tradisjonelle medier, tekst, foto og nettverk. Det er supereffektivt. Lær av oss! Mediekompetanse + fagkompetanse = tar over debatten. Difor blir enkeltaktørar oppringt av media og set dagsorden medan Ottar snublar rundt og er forbanna over at gårsdagens mediemetodar ikkje lenger funkar. Og sirkelen er slutta: ein får ein individuell, eller såkalt fragmentert, kjønnskamp basert på dei aktørane som taklar media. Ottar skriv: «Det paradoksale er at venstre sidas dagsavis de siste tiår

Høgare utdanning og atter utdanning: bra eller bortkasta?

Det finst utrulig mange interessante debattar rundt høgare utdanning. Eg sit og les, og legg ut nokre interessante lenker her. Årets THE-ranking inneholder lite nytt. Syv av de ti beste universitetene i verden er amerikanske, og NTNU er fremdeles mellom de 250 og 300 beste. Men et aspekt vekker interesse: Hvilke er de beste universitetsnasjonene når man korrigerer for BNP? Les artikkelen. Elin Ørjasætar meiner at utdanningsnivået i Norge er for høgt, men analysen og begrunnelsen minner mest om eit statement og kunne gjerne vore betre utdjupa. Her tar ho til orde for at utdanning er den nye bobla «Consumers who have questioned whether it is worth spending $1,000 a square foot for a home are now asking whether it is worth spending $1,000 a week to send their kids to college. There is a growing sense among the public that higher education might be overpriced and under-delivering,» skrev Joseph Marr Cronin og Howard E. Horton i The Chronicle of higher education i 2009. (

Kvifor slapp ikkje NRK inn på slakteri? Pluss ein del informasjon om kor sjuke norske kyllingar og kalkunar er, likevel veks dei.

På bloggposten Fjørfenæring på ville vegar fekk eg nokre kommentarar eg vil trekke fram her. Bloggen vart skriven i forbindelse med at Forbrukerinspektørene på NRK laga eit kritisk program om norsk egg og kyllingproduksjon. Sjå sendinga her. Den eine kommentaren er denne: Måten du fremstiller denne saken på er virkelig helt latterlig. Jeg synes det er skremmende at det finnes mennesker i ditt yrke med disse holdningene. Du gir uttrykk for at bøndene ikke bryr seg om hvordan dyrene deres har det og at de ikke gjør sitt ytterste for at de skal ha et fint liv. I tillegg beskylder du bransjen for å ville holde det hemmelig hvordan maten produseres. Hvor i all verden tar du det fra? I NRKs program stilte bøndene velvillige og ærlige opp for å gi folk et mer virkelighetsnært innblikk i hvordan livet på en gård virkelig er. Dette burde de hedres for. Jeg er selv godt kjent med hvordan både burhøns og kyllinger lever og vet at hønene ikke ville ha lagt egg og kyllingene ikke

Forbrukerinspektørane på NRK avdekker ingenting anna enn godt kjent fagkunnskap om høner og kylling

I går sende Forbrukerinspektørene på NRK eit program om produksjon av norsk kylling og egg. Er solegg betre for deg, og har løsdriftshøns det betre enn burhøns? Svaret er nei.  Egentlig er det ganske rart at ein skal måtte lage gravejournalistikk for å få fram godt kjent fagkunnskap. Det handler mest av alt om å avdekke merkevarer.  Det er per idag godt kjent at lausdrift ikkje er betre for høner, ofte verre. Det er også godt kjent at kvitt kjøt frå dyr som kun et kraftfor, ikkje er bra for helsa di. Ingenting av det som her kjem fram er nytt for den som kan litt om dette feltet, men det er skremmande nok nytt for ganske mange. Sjå programmet her

Fjørfenæring på ville vegar

Per Olaf Lundteigen har vore ute fleire gongar og refsar norske kyllingprodusentar for å produsere sjuk og usunn slaskekylling. Då mobilserer bønder, Bondelaget og politikarar frå Senterpartiet mot Lundteigen. Det er viktig å halde dette hemmeleg. Forbrukarane skal ikkje vere klar over korleis produksjonen foregår.  I vår skreiv eg ein kommentar om dette i Klassekampen basert på ny forskning. Kvitt kjøt farleg for helsa di  No har NRK laga ein dokumentar som viser det same, Rødt kjøtt er sunnare enn kvitt, basert på den same forskninga. David Koht-Norbye, leiar i Fjørfelaget, skriv på lesarbrevplass i Nationen sist veke: «Når hun (Viken) skriver om «stadig aukande burbasert produksjon av kjøt (fjørfe)», avslører hun fullstendig mangel på kunnskap om norsk produksjon av kylling og kalkun.» Fjørfelaget vil forsvare den uetiske fjørfenæringa med nebb og klør. Lesarbrevet var eit svar på min kronikk om sekterismen i Bondelaget og korleis ein forsvarer og dekker til kritikkverdige f

Utan innlagt vatn, dusj og internett, duger helten best

Sidan eg så og sei aldri skriver noko om kva eg bedriv på fritida her på denne bloggen, gjer eg idag eit unntak. Budde her i dette stabburet frå 1700-talet tre månader i sommar. Utan internett, innlagt vatn og dusj. Det var glimrande. Vinden bles inn gjennom vegga og det kunne bli ganske mørkt her om kvelden, ute altså. Inne var det elektrisk strøm. Utsikta var vakker over Storsjøen og rundt stuga gjekk hestar på beite. Her låg ein middelaldersk avrettarplass der ein brukte høgge av folk armar, føter og andre passande kroppsdelar i middelalderen og tidlegare. Kyrkja som ligg like ved vart påbegynt på 1200-talet og ein frende av Olav den Heilage ligg under golvet der. Hackås kyrkje er Sveriges eldste steinkyrkje, eller nest eldste. Like utanfor døra til stuga gjekk pilgrimsvegen til Nidaros. Dei gjekk ned ved kyrkja, 300 meter lenger bort, ned til sjøen og rodde over. På andre sida av sjøen ligg ei avlatskyrkje. Det betyr at ein ved å dra dit kunne kjøpe seg fri eit visst antal dagar

Med døden på jobb

Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger. Signert-artikkel som stod på trykk i Klassekampen 1.oktober 2010 Eg har som veterinær havna oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Det er ikkje koselig å trekke på seg verneutstyr og masker, og gå inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig. Under ein sermoni i Roma i juni erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda. Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga av dampmaskina førte til at ein kunne sende levende kveg over store avstander med jernbane og skip. Konsekvensene var katas

Erfaring frå felt tilseier at storskala landbruk er best for dyrevelferden

Debatten om storskala vs småskala landbruk ruller og går. I Norge blir vi fortalt av småskala er best, tryggast, sikrast, best for dyra og så vidare. Men er dette sant? Denne artikkelen er relevant innanfor ein NORDISK kontekst, og gjeld for storfe og sau. Når det gjeld fjørfe er dyrevelferden svært låg uavhengig av skala, med mindre vi snakkar om hobbyhald. Det same gjeld for gris. Eg tek her ikkje føre meg hobbydyrehald, men gardar der "garden er meint å vere eit inntektsgrunnlag". Stor vs liten skala må då også forstås som stor vs liten skala i Norden. Å debattere dette i ein an kontekst, blir lite relevant då klima og regelverd lenger sør er annleis, driftsformer dermed også heilt andre. Nei, seier erfaringar frå felten, og no snakkar eg ikkje berre om eigne erfaringar sjølv om dei tilseier det same: jo større gardar, jo betre er dyrevelferden. KOMPETANSE er eit kriterie som langt overstig SKALA i betydning for om dyrevelferden er god eller ikkje. Altså STOCKMANSH

Vil DU gå på forfatterskule?

Eg søkte og kom inn på Aschehougs forfatterskole for nokre år sidan. Ei venninne av meg søkte, og som eit søknadseksperiment sette eg av 15 minutt kvelden før søknadsfristen gjekk ut og skreiv denne teksten. Teksten er skriven til det foto som var lagt ut som oppgåve: ein mann som låg på ein sofa ved sidan av ein liten unge som sat i ein stol. Teksten er fullstendig uredigert. Av over 200 søkarar kom 12 inn. Forfatterskolen, som består av ei vekentleg kveldssamling, får av meg terningkast 2. Ei ubeskrivelig langdryg lærebok som mest av alt var eit kroneksempel på dårleg litteratur. Skvalder og kaffe, langdryge økter og flytting av kjøleskapsmagnetar for liksom å sette fantasien i sving. Gjesp. Men eit sosiologisk studie var det jo definitivt. uten tittel. Min far er stygg. Jeg har aldri likt måten han kler seg på, ikke måten han snakker, ikke lukten av han eller synet av han. Han stinker ikke, og jeg vil ikke si han kler seg direkte stygt. Jeg tror det kommer av