Gå til hovedinnhold

Ottars mediale havari



Ottars sinne og frustrasjon over at dei ikkje er i stand til å nå gjennom i media, endar opp i eit angrep på Klassekampen.

Leserbrev i Klassekampen 20.oktober 2011

Ottars representantar skriv (lesarbrev 15.oktober): «Reell, feministisk kamp blir og har blitt drevet av kollektiv: innen organisert kvinnebevegelse, innen fagbevegelse, og innen grasrota i politiske parti på venstresida».

Hei Ottar: Tidene, og det mediale klimaet, har endra seg, om enn ikkje Ottar. Vi nyttar bloggar, sosiale medier, tradisjonelle medier, tekst, foto og nettverk. Det er supereffektivt. Lær av oss!

Mediekompetanse + fagkompetanse = tar over debatten. Difor blir enkeltaktørar oppringt av media og set dagsorden medan Ottar snublar rundt og er forbanna over at gårsdagens mediemetodar ikkje lenger funkar. Og sirkelen er slutta: ein får ein individuell, eller såkalt fragmentert, kjønnskamp basert på dei aktørane som taklar media.

Ottar skriv: «Det paradoksale er at venstre sidas dagsavis de siste tiår har frontet og hausset opp individualisert feminisme, og tilsvarende usynliggjort kollektiv kvinnekamp.»

Ottar plasserer sitt eige problem på avisa og fråskriv seg alt ansvar. Men det er ikkje Klassekampen som usynliggjer kollektiv kvinnekamp. Det er Ottar som ikkje maktar sette dagsorden.

Klassekampen kan ikkje drive medial uhjelp til ein organisasjon som ikkje sjølv er i stand til å gjere seg relevante.

Men heller enn å eksempelvis hive seg på den ferske debatten om sjikane mot kvinnelige samfunnsdebattantar, latterleggjer Ane Stø kommentaren «Skamtalen» som Hilde Sandvik skreiv i Bergens Tidende 4.oktober. Stø påstår Sandvik kun tek opp problemstillingen når det rammar «Sandviks venner». (Fragmentert feminisme, Klassekampen, 11.oktober)

At Sandvik, som klokt er, skriv ein relevant kommentar i ein løpande debatt om sjikanering av kvinner i media som Torgrim Eggen starta, er eit uttrykk for medial kompetanse og vilje til å delta i ein pågåande debatt, ikkje eit uttrykk for støtte til «sine venner», slik Ane Stø påstår utfrå personlege hevnmotiv. Men Stø skubbar si eiga mediale udugelegheit framfor seg, her ved å latterleggjere Sandvik.

«Så spill ikke dumme og overraska over hvem som får oppmerksomhet i spaltene deres!» skriv Ottar i lesarbrevet. Meiner Ottar virkelig at dei individuelle aktørane ikkje får merksemd i kraft av sin kompetanse som feministar og debattantar, men i kraft av eit medie på ville vegar? På denne måten uviktiggjer Ottars skribentar ei rekke dyktige offentlege feministar og fornektar dagens mediale virkelighet. Er det feminisme? Nei, det er retorikk som er med på å parkere Ottar på sidelinja som aggressive og perspektivlause aktørar.

Ottar snublar så det knakar i eigen kompetansemangel. Mediestrategien er totalhavarert.
Eg har eit par forslag: Cathrine Holst er ein dyktig medieaktør. Ottar burde sjå på kva dei kan lære av Holst. Dei bør også lære litt av Hilde Sandvik.
Ottar, de må sjå på dei som er dyktigare enn dykk sjølv, og tenke: kva kan vi lære? Plasser skulda der den høyrer heime: på alvorleg medial komeptansemangel i eigne rekker.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...