Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 18, 2011

Journalistars kompetansemangel i naturvitskap: eit demokratisk problem. Eit essay om profetar.

Tema: mediene og miljøpolitikken/klimakrisen; et kritisk blikk. Profetar, grisebust og journalistar. «Også guds ord må vinklast journalistisk», sa Martin Eide, professor ved Universitetet i Bergen, på Frokost med Bernt «Fra jakthund til vakthund» 20.oktober 2009. Han snakte om den journalistiske logikken for eit sprengfullt auditorie. Opp og ned trappene i det same auditorie vandra UiO-professor Bernt Hagtvedt og delte ut mikrofonen til taletrengte tilhøyrarar medan han jamra. Bernt jamrar alltid på Frokost med Bernt, og det er alltid oss journalistar han jamrar over. Han nyttar alle sjansar: Nei, nei og atter nei, desse journalistane. Vi skulle alle sammen vore pakka ned og lagt på lager. Eventuelt sprengt i filler, dynka i bensin og sett fyr på. Eg skal innrømme eg har kjent pulsen stige: han der Hagtvet må slutte å gjenta seg sjølv. Men så har han litt rett også, denne vandrande talemitraljøsa som kjeftar i veg ved ein kvar anledning. Journalistar manglar dannelse, journalistar