Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 19, 2009

Les Klassekampen 20.mai,

Mange hovud tenker bra ilag om Sogn og Fjordanes image

No har eg vore på NRK og debattert med Arvid Andenæs. Det var konstruktivt, synest eg. No sit det sikkert mange der ute i det ganske land og tenker sitt om debatten, som alltid. (Eit essay i Syn og Segn, sjå lenger nede i bloggen). Det som er litt interessant i denne samanheng, er at dette essayet er eit prosjekt eg har fått svært mange innspel til undervegs. Blant anna frå lokale bloggarar i og utanfor (men med tilknytning til) Sogn og Fjordane, samt lokalpolitikarar og forskarar i fjordfylket. Dei har alle lese essayet før det gjekk i trykken og har kome med innspel og tilrop, og det vi alle konkluderte med før det vart sendt til trykkeriet var dette: vi var enige om at dette var konstruktive tankar. Og slik er det ofte når eg jobbar med tekstar: eg ber om innspel, ris og ros. For berre då kan eit produkt bli bra. Difor meiner vi at dette innspelet, i form av essayet i Syn og Segn, som de vil kunne lese ein kortversjon av imorgondagens Bergens Tidende og Klassekampen, er eit innspel