Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 22, 2009

Pressens barnslige fornærma harselas av Røkkke

Sjekk denne bildeteksten: " RØKKES STAND UP-SHOW: Kjell Inge Røkke samlet hele Presse-Norge til en mye etterlengtet pressekonferanse der han redegjorde sin rolle i Aker-striden." Når skal pressen lære seg å ta sjølvkritikk? Bli litt meir ydmyk? Det er ganske fasinerande korleis pressen gang på gang jager person etter person frå skanse til skanse, og om ein iretteset pressen, som Røkke her gjorde ved å sei at det er lettare å overbevise kenguruer i Australia enn norsk presse, så har han faktisk eit poeng: media er ofte ikkje verken lydhør eller lærevillig, men pressen, her dagbla.no (Norges fremste norskspråklige søppelkasse), gjer narr av dette også. I tilleg kan ein merke seg at fokus i saken er at Brustad rosa Røkke, trass Røkkes harselas av Brustad. Hallo? Er ikkje det anna enn forventa frå profesjonelle aktørar på dette nivået? Dessverre er vinklinga det ein kan forvente seg av profesjonelle aktørar på medienivået, eller her, reporesentert ved denne saka, lavmålsnivået