Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 14, 2011

Kvinnemakt: slå ein mann, anmeld han så for å ha slått deg.

Ein gong sat eg på kjøkkenet hos ein kamerat og tok ein øl. Klokka var tolv på kvelden, ute var det mørkt. Vi brygga oss ein kopp te. Alt var stilt og roleg, men det varte ikkje lenge. Brått kom eksdama. Ho gjekk rett inn, utan å banke på. Først såg ho stygt på meg, så skjelte ho ut han etter notar fordi eg var der. Ho var rasande galen og alkoholpåverka. Så skubba ho til han. Så slo ho han med flat hand i hovudet så hardt ho klarte. Så slo ho ein gong til. Etterpå tok ho fleire store glasboksar frå kjøkkenet, fulle av kaffe og te, og kasta i veggen. Ho kasta for å treffe, men han dukka. Det var glas over alt. Så gjekk ho. Men først ein trussel: om han hengte med andre damer, skulle ho melde han til politiet for å ha slått henne. Ho skulle melde han uansett. Uflaks for henne at han hadde eit vitne. Meg. Eg såg jo kven som slo. Resten av natta ringde ho og trakassera både han og meg. Ho kom også tilbake og slo ned ein annan mann. Ved begge tilfella av vold vart poliet oppringt,

Ufrie kvinnevalg - Familie er feil, karriere er feil.

”Men så en dag fikk jeg barn. Morsinstinktet bråvåknet og jeg valgte rett og slett, og frekt nok, å hoppe av karusellen og heller være hjemme med familie og barn en periode av mitt liv.” Dette skriv Lill May Vestly i innlegget ”Kjäre feminister! Jeg er husmor på Sörlandet... ” på bloggen ”Skapt til mann og kvinne”. Innlegget stod på trykk i Fedrelandsvennen for eit år sidan og skapte mykje reaksjonar. Vestly skriv at ”det har vært en lang prosess å stå i mot den massive politisk korrekte tankegangen, holdningene og verdiene hvor man blir målt etter materialisme og titler, og føle et forklaringsbehov fordi man ønsker å være en tilstedeværende mamma for sine barn.” Teksten flyt over av mindreverdskompleksa ho ber på iforhold til det ho meiner er andre menneskers syn på hennar valg. Retorikken er i stor grad bygd på jantelovas punkt 3: ”Du skal ikkje tru at du er klokare enn oss”, samt punkt fire, fem, seks, åtte og ti. Vestly meiner at likestilling er ein parantes i me