Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 3, 2013

Food Inc - sjå filmen gratis.

Som ei dame i Food Inc seier: ho har dårleg samvit for å gi maten til ungane sine. Det har eg også tenkt på. Korleis kan folk med godt samvit servere ungane sine slik mat? Folk flest er etterkvart klar over produksjonsforholda, også i Norge.   Når forbrukar går på butikken og handlar, stemmer han på produkt. Vel han industrikylling, stemmer han på dårleg dyrevelferd og tvilsame produksjonsforhold. Produkt som får mange stemmer, vil ein halde fram å tilby. Store delar av forbrukarsegmentet i dag er så godt opplyste at dei kan ansvarleggjerast for kva produkt dei vel å kjøpe. Vi har same problemstilling i Norge som det filmen viser: industrien ønsker ikkje å informere forbruker om produksjonsforhold. Det er eit fint gardin mellom forbruker og industri. Dette består av reklame og storytelling. Vi produserer ikkje mat slik idag som vi gjorde før industrilandbruket, men det er dei same bileta og imaget som blir nytta om bønder og produksjonsformer: natur, beite. S...