Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2010

Norges finaste hund skal kårast.

Hundulf på Storehesten. Hundulf på heia. Har du Norges penaste hund? Svaret mitt er ja.

Sosiale medier og samfunnsdebatt

Sosiale medier (Twitter, Facebook og blogg) gjer at ein kan mobilisere og organsiere debatt, hanke inn stemmer og synspunkt i ein rasande fart. Ein bygger nettverk, deler kunnskap og diskuterer forløpande på fleire arenaer, offentlig og privat. Det er ei totalt ny virkelighet med sosiale medier versus å vere utan desse. Ein kan mobilisere folk, diskutere fortløpande i kulissene eller offentlig, spre linkar som eld i tørt gras, få nye stemmer ut på bana med eit knips osv. Det går rasande fort og det er heilt nødvendig å henge med her, om ein vil vere der folk er: folk er på nett! Nettverk blir enda sterkare gjennom sosiale medier, og dei som vel å stå utanfor, slik som ordførararane Georg Arnestad skriv om her , overlet både dialogen og makta til andre. Dei mister oversikten over debatten og er ikkje tilstades blant opinionsdannarane: desse finn du i sosiale medier. Store delar av debatten er flytta ut av tradisjonelle medier og over i sosiale medier. Arenaen vert berre viktigare og v

Eg rennes i senk av mail, telefonar og meldingar.

Det er interessant med ein så massiv respons!! Lese meir? Rapport om Demografi og utvikling i Sogn og Fjordane. Ein krim frå virkeligheten. Eg var ikkje klar over kor gale det stod til før eg las denne rapporten. Den bør lesast av alle som skal delta i debatten! Den er ein eye opener. Fekk nett tilsend lenke til denne bloggposten. Les Georg Arnestad om gårsdagens ordførarar som ikkje er på nett. Kronikk i BT om grisgrendtfylket Sogn og Fjordane er verdt å få med seg. Sosiale medier (Facebook, Twitter og bloggar) er viktige i ein slik debatt og er kraftige verktøy både for dialog, spreiing av kunnskap og nettverksbygging. If u can't beat them, join them;) .

Tåler vi dette? ehh tåler eg dette? Hm ja, driv å venner meg til framsida

Les kåseriet bak framsida her. I 2007 var dette saka: Her er lesarbrevet bak framsida. Let there be rock. .

Dagens!

..

Mitt første skjønnlitterære manus slippes i mars!!

From India

Lat det vere heilt klar: Alt eg sa i mitt kåseri er sant! I will ride again!

Ein del sidvomma kvinnfolk prøver å sei at "no må du roe deg, Viken", akkurat som dei er morra mi. Morra mi derimot har litt meir guts, ho seier "stå på!" Jepp. Du skal ikkje ha andre parti enn Sp, du skal ikkje mislike Bunad, du skal skrive Nynorsk. Høyr kor dumt det høyrest ut. Legg til "du skal ha stor vom og sjå ut som ein filtnisse", og du har bunadsrøklas image utad. Dei der kvasielitistiske kvinnfolka som trur dei er kulturelite og som mekkar på amatørnisseting, men som er lite anna enn komiske fargenek i utdaterte vattkler, uten snøring på anna enn utgått mote frå 70-talet. Eg hører om dåke, eg veit om dåke, det er difor alt eg seier i mitt kåseri er sant. I will be back, kjekkaser! For eit nytt raid. Berre vent litt. Eg tenker. Eg er nemlig kulturelite, og vi kulturelite høyrer ikkje på halvgamle sidvomma kvinnfolk som seier "jada vi har takhøgda som vi har behov for", og som trur på det sjølv. Hehe, det er morsomt å høyre, kor dei mang

Kom til Sogn og Fjordane!

Har du ein hemmelig draum om å bli journalist i avis der du dagleg ligg på hjul i verdas flottast natur? Bli sjef for di eiga bedrift? Forske? Stå på ski i ei bratt li? Surfe på Stad? Er du litt sånn lei av kø i Oslo? Har du fått for masse kaffe latte og for lite puddersnø? Er du like drit lei av byen som meg? 45 minutt frå Oslo med fly. Bildet er eigenhendig knabba frå www.framtidsfylket.no Kom på karrieremesse i Oslo i regi av Framtidsfylket! Trykk her og meld deg på! Eg kjem og eg skal oppføre meg pent! Kjem du? foto: anne viken media .

Katt spiser masse agurk - en feature fra Bygda

Jeg er journalist, og siden jeg er en seriøst journalsit lager jeg seriøse saker. På en av mine featurreiser traff jeg en husmor som eier en katt uten hale som spiste agurk. Hun sa dette til meg: "Katten min elsker agurker. Får den ikke agurk, så henter den agurker på kjøkkenbenken selv. Den elsker også tomat. Får den ikke tomater, så biter den. Katten elsker dessuten leverpostei. Om vi er borte når den blir sulten, åpner den kjøleskapdøra og spretter seg en boks med bare potene. Den tar seg gjerne en skål rødvin med oss i godt lag. Vi nekter den ikke noe. Men det verste er at den er hard på brennevinet også. Om den ikke får skåla full hver kveld, reiser den seg på to og slår meg ned." Bygdaposten 2008. --

Eg frykta ein ny bunadsdebatt

Eg vart eg ganske så skeptisk då eg såg framsida i Firda. Eg frykta ein ny bunadsdebatt og ein ny runde mot røkl og meiningspoliti. Når eg no derimot ser politiet i spaltane, bit dei ikkje på. Dei bryr meg ikkje. Fire ting er heilt klart: a) dette er ei sak Sogn og Fjordane må tåle. b) det er ei god sak. c) folk må sjølv ta ansvar for å forstå sjangeren kåseri. d) det er massiv støtte for mine synspunkter, eller saka, i Sogn og Fjordane, og dei haglar inn den dag i dag, og det meste kjem frå lokalpolitisk hald og næringsliv. Dette er verdt å merke seg. e) alt eg sa i mitt kåseri er sant. Eg dementerer ingenting, men her er mine tankar i etterkant av saka. Denne veka har vore mykje mediapes. Folk som ikkje skjønar eit kåseri, avslører seg sjølv. Eg blir godt skremt av Firdas framside. Min umiddelbare tanke akkurat no er denne: kvifor reagerte eg med å bli sjokka over framsida mandag. Min reaksjon var omtrent som følger: 1) Ser framsida 2) tenker: Å nei, ikkje ein ny bunadsdebatt! Ikkje

Skrive roman

er heidundrande vanskelig. Eg ser på Knausgård. Han er ekstremt sjølvbiografisk. Eg befinn meg på motsatt side av skalaen: ekstremt usjølvbiografisk. Likevel. Ein brukar ei rekke karakterar og instansar frå virkeligheten, om enn vrengt til det ugjenkjennelige. Dette er litt nødvendig all den tid all fiksjon er basert på virkeligheten. Virkeligheten overgår jo som kjent all fiksjon. Men ein blir jo garantert påstått å skrive om "den og den", eller "det og det", så da får vi sjå kven som blir med og ikkje in da book. Spennande å sjå. Eg har ikkje oversikten enda, og kjem potensielt til å be om godkjenning før eg omtaler visse som kan gjenkjennast. Eventuelt ikkje. Ein treng trass alt ingen godkjenning for å skrive kva som helst i ei bok. Dei som vil ha retningslinjer for romansjangeren har enda ikkje fått gjennomslag. Så får vi sjå kva som skjer. Har fått nokre som har meldt seg, som gjerne vil vere med i ei bok. Den er grei. Vi skal smi dåke inn. Men dette er satire

FRED - eg heiser kvitt flagg og legger ballen død.

denne debatten er utmattande for mange, meg sjølv inkludert. Eg lovar å aldri meir halde kåseri i Førde. Årsak: her er ikkje takhøgde for slikt, og dette er ikkje eit kompliment. Eg skjønar at folk blir provoserte, men eit kåseri skal no ein gong ikkje takast bokstavleg. Legg meg uansett flat for å ha karakterisert leiar for nynorsk mediesenter, sjølv om ho hadde nokre drøye personangrep på meg frå tilbake i tid. Eg må også få kommentere Judith Kapstad sitt innlegg i Firda. Ho stiller der spørsmål ved om ein ikkje maktar å rekruttere gode journalistar til fylket. Dette trur eg potensielt ho kan ha rett i, men det er vanskelig å sei om det er journalistane eller den redaksjonelle linja det går i. Time out. Vi snakkast ved ein seinare anledning.

Den store imagestrabasen - essayet om markedsføring frå Syn og Segn i si heilhet

Kortversjonen finn du her. Trykk på bilda under og dei blir store og leselige. Marknadsføringa av Sogn og Fjordane er i ferd med å gå frå politisk basert motkultur til kommersiell og motstandslaust medkultur. Av Anne Viken Setting: Datoen er 17.februar og klokka har nett passert seks. Staden er Fabrikkhallen, eit steinkast frå hippe retrosjappene på øvre Grünerløkka og Birkelunden i Oslo. Lokalet er fullt av unge lovande som strøymer frå stand til stand med velkomstdrinkar i hendene og spekekjøt mellom tennene. Forventningar om kva fjordfylket kan tilby oss svirrar mellom øyra. Vi er på næringslivsmessa til Sogn og Fjordane. “Framtidsfylket” 1 har sendt rundt seksti representantar over fjellet for å overtale oss til å trekke i skibuksene, pakke snøbrettet og bli entrepenørar iVestlandetets fråflyttingsfylke nummer ein. Næringslivsstanden er kledd opp i flattbrød og fingermat frå havet. Året er 2009. Metoden er populisme. Bæ bæ store ulv Klokka seks syng studentkoret L

Meiningstyrani

For dei som var tilstades på debattmøtet eller som har fått lest kronikken i BT så ser ein lett at det er Firda si redaksjonelle linje som utløyser spetakkelet og ikkje Viken sine innlegg eller synspunkt i kronikk eller debattmøte. Les heile Jan Herstad sitt innlegg til Firda her. Min BT-kronikk her. Kronikken har hausta mykje positiv respons, unntatt i Firda . Innlegget frå Førde her .

Knausgårds lette slentring blant karakterar

Idag vart eg lurt trill rundt. Eg vart lurt til å kjøpe Dagbladet i papirutgave. Rett nok som lesestoff til ein flytur, men årsaka var altså denne berømmelige Knausgård som er på alles lepper om dagen. Han seier han kan ikkje vere i Norge no pga all merksemda. Eg forstår han godt. Uansett. Saka var denne: Knausgårds romanfigurer snakker ut: "En offentlig henrettelse". I Dagbladet seier Preben Jordal: "Knausgård ville nok ha vunnet mye på å ha som utgangspunkt at alle mennesker er like komplekse som han selv, men den slags humanitet fins det nesten ikke spor av i bøkene. Dette forklarer kanskje bøkenes store appell, men hindre dem også fra å lløfte seg opp på det nivået man skulle tro at de lå på ut ifra hvordan den offentlige samtalen har forløpt." Dette er noko i same baner som eg har tenkt sjølv: Knausgård framstår som mesterhjernen i bøkene, den som forstår og tolkar alt. Han betraktar andre med eit svært nedlatande blikk, eller enkelt slentrande, liksom slentrar

Kva er Helge Johnsens agenda i Firda?

"Eg les med ei stigande kjensle av at ho meir teiknar eit bilete av eigne fordommar og angst for å lukte fjøs i byen, enn av Sogn og Fjordanes hovudproblem", skriv Helge Johnsen i ein kommentar i gårsdagens Firda. Eg skal stille nokre få spørsmål til ettertanke: Eg er utdanna veterinær (vi luktar fjøs heile dagen gjennom heile studiet midt i Oslo sentrum), skriv nynorsk og skriv om Sogn og Fjordane. Eg hadde neppe brukt tid på noko av dette om eg var redd for å lukte fjøs i Oslo. Eg er også klar over at Johnsen ikkje likte bunadsdebatten i 2007. Same år framstilte han Olaug Nilssen si 17.mai tale i Førde som eit oppgjer med meg og dei såkalla mindreverdighetskompleksa mine om bunader. Dette vart retta opp i på privat basis, då talaren etter saka kontakta med meg for å forklare feilframstillinga i Firda. Ho sende meg manus på mail. I manus var ikkje mitt navn nevnt. Likevel handla saka i Firda meg. Kvifor? Det var også Johnsen som hadde intervjua Liv-Signe Navarsete i tirsdage

Dagens Firda med sitater frå fjordaglimt

Eg syns uansett at ein no har kome ikkje så ille ut av denne saka, gitt første oppslaget mandagen. Det er veldig bra at det kjem ut nokre veltalande kloke hovud i avisa idag, både i intervjuform og på lesarbrevplass. Dessutan var det interessant med den sida med sitat frå nettdebatten. Der kom mange til orde. Det er ikkje så dumt å sitere frå nettdebattar på den måten. Det er ein ganske smart måte å få stoff til avisa på, å hente dei ut frå kommentarfelt på saker på nettsida, slik Firda gjer frå fjordaglimt.no. Det blir jo veldig lesarvennlig godt stoff all den tid alle kjenner ein eller anna som har sagt noko, samt at ein får ut stemmer i avisa som ikkje vanligvis er på trykk. Dessutan kjem mange synspunkt til syne som ellers hadde forblitt online eller rundt kjøkkenbordet. Eg var før ikkje klar over at ein kunne bli sitert i avisa om ein skreiv kommentarar under nettsaker på firda.no, men det kan ein altså, og den sitatsida i avisa idag var garantert godt stoff. Likte den. Eg skulle

Bygda er den nye rocken.

mitt lesarbrev idagens Firda. Om Bygda, og no skriv eg Bygda med stor B, i framtida kan klare å framstå med den takhøgda som byen påstår at den har . M erk dåke at eg seier: som byen påstår at den har, trur eg vi har kome langt. Dette var litt av min bodskap på debatten i Førde på fredag. Det handlar ikkje om at Bygda skal bli Byen. Det handlar om at Bygda skal bli ei bygd for framtida, ikkje ei bygd som blir fråflytta. Då må ein endre innhaldet i merkevara "Bygda", og dermed merkevara "Sogn og Fjordane". Dette drukna i mandagens sak i Firda der journalisten hadde klipt og limt tilfeldige sitar frå eit femten siders kåseriaktig manus. Manuset kan lesast i si heilheit på anneviken.blogspot.com samt på Firdas nettstad Fjordaglimt.no. Eg skal innrømme at eg vart ganske sjokkert då eg las Firda. Hardt klippa sitater, tatt totalt ut av kontekst, blei tidenes sitatsak. Eg er nemlig eit råskinn på å levere sitater, og elskar store ord. Som journalist forstår eg behovet

"Mykje av kritikken som er komen mot deg som person vitnar om at kritikarane har dårleg språkleg/litterær kunnskap, lite sjølvironi og navleskuande.."

Kommentar frå bloggen: eg siterer heile kommentaren her: Eg må sei at eg er litt sjokkert over enkelte menneske sin manglande evne til å tolke språklege metaforar. Noko må ha gått gale i skulen ein plass. No skal det vel seiast at kronikken tidvis er sett på spissen så det held, og tilsynelatande har du fornærma eit heilt samfunn. Det morosame/ironien i det heile er jo at dei med sin umiddelbare aggresjon og nedslakting av innlegget hevar seg rett opp i bunadsligaen/eliteserien/ mafiaen. Nok ein gong måtte eg le då eg las det håplause innlegget du nemnar over. Etter mi meining er det utruleg at nokon som kallar seg akademikar kan lire av seg slikt tull. Evne til å skilje person og sak er ikkjeksisterande. Mykje av kritikken som er komen mot deg som person vitnar om at kritikarane har dårleg språkleg/litterær kunnskap, lite sjølvironi og navleskuande hovmod. Lite flatterande eigenskapar om du spør meg. Eg tykkjer det er flott at du set lys på denne debatten. Ein debatt som eg veit er i

Liv-Signe Navarsete misforstår i Firda idag

Svar til Navarsete: Les deg i Firda. Interessant. Tenkte berre eg ville påpeike ein ting. Du skulle ha lese det eg sa på det møtet i Førde. Her seier eg nemlig at mi merkevare er nettopp nynorsk, distrikt og slike verdiar, og at dette er det eg driver med. Du seier at det virker som eg tar avstand frå nettopp dette, og det er nett det eg ikkje gjer. EG brukar det aktivt som nettopp mine verdiar. Det er svært synd at du som statsråd seier dette i Firda, for det ødelegger mykje for debatten all den tid slike påstander om at eg tek avstand, undergrev heile debatten og fyrer opp under skepsis osv. blant anna skriv eg dette: Nynorskskrivande kvinner er den nye rocken, skriv Dagens Næringsliv. Den nye rocken betyr at vi er den nye motkulturen frå bygde-Norge, stemmer som set bygde-Norge på kartet og som skapar merksemd rundt nynorsk og distrikt. Vi skriv om distrikt på nynorsk, er stolte av det og brukar det som merkevare. Kallar du dette å ta avstand? Då har vi svært ulik definisjon av orde

Polarisert debatt om Sogn og Fjordane

Debatten om Sogn og Fjordane engasjerer. Det er det liten tvil om. Og den virkar tidvis vere ganske polarisert. Folk er anten rasande på denne Anne Viken, eller dei formelig ropar inn i telefonen AT ALT DU SEIER ER SANT! Det er svært mange av dei sistnevnte, og ganske mange av dei førstnevnte.

Denne mannen har knekt Viken-koden:

Eg siterer Fredrik Hope frå Fjordaglimt: Sitatet er gjengitt med tillatelse frå Hope: Som ung spelemann, sp-ar og medlem i Noregs Målungdom, følte eg meg litt treft av Hovudoppslaget til Firda i dag. Men etter kvart som eg byrja å lese teksten inni avisa, skjønte eg fort at her hadde Firda “klipt og limt” nett so dei ville. So eg har no lest det opphavelege innleget ditt, og forstå meir kva du vil fram til. Du har monge gode poeng! Turistnæringa sitt einsretta fokus på “The local culture” er sikkert ikkje den beste måten å trekkje til seg nye innbyggjarar. Felespelande, bunadkledde huldre-jente og gamle gubbar som sit på kvar sin stein ute i skogen og spelar fele og bukkehorn, har nok begrensa tiltrekningskraft på nyutdanna akademikara. Sogn og fjordane er jo so mykje meir enn dette! Vi har Noregs einaste Operahus utanfor Oslo, nyskapande industriverksemder som jobbar med å utvikle meir miljøvenleg teknologi, eit stort potensial innan vindkraft og enkeltpersonar som står på for å drive

Måtte bunadsmafiaen brenne!

Siterer frå dagens debatt på nett. Dette innlegget på min blogg idag seier vel alt: "Innlegget ditt har gitt meg mang ein god latter i dag. Å sitere små utdrag frå kåseriet ditt der metaforisk chili var brukt utan å forklare samanhengen vitnar om dårleg dømmekraft og dårleg journalistikk. Kan vel også sei at eg heller ikkje er spesielt imponert over Firda, sånn på det jamne.. Måtte bunadsmafiaen brenne!!" Tiltredes av bloggmoderator. Ja måtte den brenne, og måtte den brenne ved høg temperatur.

Vi er den nye rocken!

Vi er den nye rocken. Kvinner frå bygda som brenner bunader, et menn til frokost og ellers lever eit liv i vanvidd og camel-rus.

Sanningar må av og til seiast,

Les Georg Arnestad sitt Førde-innlegg. Eg siterer direkte: Vel tre år seinare står altså Anne Viken, frå noksagtkommunen Gaular som Eli Bjørhusdal har formulert det, fram i fri dressur. Frittalande, uredd, ukonvensjonell, språkleg uelegant; ho skriv mest berre store bokstavar. Og Anne Viken vart heldigvis ikkje eit eingongsfenomen. Vi vert ikkje kvitt henne. Frå sin utkikksstad i Oslo har ho gitt høg lyd frå seg mange gonger. Ho har sett dagsorden for fleire debattar. Ho har fråkjent dei feige lokalavisene våre all ære. Det førte til ein stor debatt landet over. Ho har slakta imagepreget vårt. Utfordra nynorskingane og fått alle nynorskmoralistane på nakken. Gitt Sogn og Fjordane spalteplass omtale i Klassekampen, Aftenposten og BT. Blogga frå fjøsen heime i Bygstad. Skjelt ut miljøvernarane våre. Og no sist i BT i dag: erklært SogFj som bananrepublikk. Anne har utfordra mange. Ho brukar svært sterke og fargerike ord, og peikar ofte på det negative ved SogFj. Taparfylke. Folkeflukt. Fo

Mitt innlegg frå debatten med Georg Arnestad gjengis her i si heilheit

1 Eg var på fest i Bygstad i jula. Då var det ein kar som sa til meg at han var redd for å ha meg på besøk all den tid han hadde fleire bunader og feler ståande framme. Det var ein spøk frå hans side, men sidan eg ikkje har på meg skotsikker vest i dag, skal eg forklare eit enkelt ord: metafor. Ein metafor er eit språklig bilde for noko anna, og «Brenn bunadene» er eit språkleg bilete for at vi treng eit nytt bilde av Sogn og Fjordane. Metaforar er barneskulepensum, men eg kjenner til barneskulelærarar som seriøst trudde at eg ville sette fyr på bunader og sluttar meg herved til kritikken av nivået på norske lærarar. Eg kjem vidare i dette innlegget til å bruke ein anna metafor: nemlig «bunadseliten». Bunadseliten er eit språkleg bilete for låg takhøgde og allergi mot nye tankar. 2 No har eg ikkje kome hit for å bedrive eit reinspikka raid mot bunadseliten, men eg vil likevel nevne buandsdebatten med eit par alvorsord all den tid den debatten for evig tid har brent seg inn i mitt bilet

Gaular kommune, ei reise tilbake til steinalderen

Her er vakkert, og dei skryter av sin fiiiiine natur. Jada, vi er ikkje blinde, vi ser at det er pent her. Som aktivitet anbefaler Gaular kommune: smi di eiga steinøks! Vi er nemlig eit steinaldersamfunn. Internett er vi ikkje så glade i her, så du må klare deg utan, skjønar du. Vi maktar heller ikkje å få folk til å jobbe for oss. Telenor driver dank og mekker linjer ingen veit om, så smi deg ei steinøks mens du venter. Etter steinalderen kjem som kjent bronse og jernalder, så vi har ei stund igjen. Mellomalderen blir langt og mørk, og så kjem vi vel snart til industrialisert tid og år 2010. Men det tek tid, gitt. Kjære Gaular kommune. De er ubrukelige. Skjerpings, Senterparti-tullingar og andre bygdekarrikaturar, no må de snart begynne å levere kvalitet her. Steinøkshakking på kveldstid er ikkje noko morro i lengda. No seier Telenor at her finst internett. Det har det visst gjort ei stund. Dei hadde berre rota så masse med papira sine, og systema sine, og linjene sine, at dei var i