Gå til hovedinnhold

Lat det vere heilt klar: Alt eg sa i mitt kåseri er sant! I will ride again!

Ein del sidvomma kvinnfolk prøver å sei at "no må du roe deg, Viken", akkurat som dei er morra mi. Morra mi derimot har litt meir guts, ho seier "stå på!" Jepp.

Du skal ikkje ha andre parti enn Sp, du skal ikkje mislike Bunad, du skal skrive Nynorsk. Høyr kor dumt det høyrest ut. Legg til "du skal ha stor vom og sjå ut som ein filtnisse", og du har bunadsrøklas image utad.

Dei der kvasielitistiske kvinnfolka som trur dei er kulturelite og som mekkar på amatørnisseting, men som er lite anna enn komiske fargenek i utdaterte vattkler, uten snøring på anna enn utgått mote frå 70-talet. Eg hører om dåke, eg veit om dåke, det er difor alt eg seier i mitt kåseri er sant.

I will be back, kjekkaser! For eit nytt raid. Berre vent litt. Eg tenker. Eg er nemlig kulturelite, og vi kulturelite høyrer ikkje på halvgamle sidvomma kvinnfolk som seier "jada vi har takhøgda som vi har behov for", og som trur på det sjølv. Hehe, det er morsomt å høyre, kor dei manglar tilgang på takhøgde og tankevidder.

Yeah sugababes, eg vil raide igjen og you will have to listen, once again... Eg let meg ikkje vippe av pinnen av pingler som seier at "dei skjønar ikkje poenget". De treng ikkje skjøne det heller. De må berre vite at alt eg seier er sant. DE er ikkje framtida. Eg er!

Og for alle dykk som trur at eg er eit slags enkeltståande fenomen: nettverksbygging er eit ord eg liker, og det fortsetter eg med suksess i sfj. Vi skal ete langragga sidvomma kulturkvinnfolk til middag, om dei ikkje smakar for surt.

For vidare analyse av debatten les "Eg frykta ein ny bunadsdebatt".

..

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...