No skal eg forklare kvifor eg reagerer på at Bloggplakaten blir kalt for "plakat". ( Første utkast til plakaten, oppdatert utkast ). Det er på grunn av Ver varsom plakaten. Det er ein plakat som pressa forheld seg til. Det er ein plakat som journalistar kan, og køyrereglar som skal beskytte både journalistar og dei som blir omtalt av pressa. Brot kan medføre dom i PFU, Pressens faglige utvalg . Der finst altså sanksjonsmuligheter, og det kan det også gjere fordi reglane blir ansett å vere felles køyrereglar. Å bli dømt i PFU, er pinlig. Dei fleste journalistar kan og følger VV-plakaten. Den består av ei rekke etiske normer journalistar forheld seg til. Ein aksepterer VV-plakaten og PFU fordi dei er demokraisk fundert i pressas eigne organ. Dette står i sterk motsetning til Bloggplakaten som er eit tomannsprosjekt som ikkje er valgt eller representerer bloggarar. Bak VV-plakaten står Norsk Presseforbund , som i sin tur er eit fellesorgan for Norsk Journalistlag , Norsk Reda...