Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 26, 2009

og fritt ord prisen gjekk til.... BYGDEDYRET!

eller til Nina Karin Monsen, om du vil. Att ho representerer det frie ord, er for meg ei gåte. Dama representerer 1) FORDOMMER 2) VANKUNNE Ein treng ikkje nødvendigvis dele ut ein Fritt Ord-pris kvar gong bygdedyret maktar å trenge gjennom i offentlig debatt på nasjonalt plan. Avisbildene her er frå dagens Dagbladet, altså søndag 26.april. Greit nok at det finst få som Monsen i elitesjiktet av offentlig debatt, men at det finst få der, betyr ikkje at det finst få som Monsen alt i alt! Som Unn Conradi Andersen klokelig skreiv i Dagbladet Magasinet igår, representerer Monsen folkemeininga rundt kjøkkenborda. Og den som samtykker, slik Monsen gjer, med det som diverre nok er ei folk flest-meining, bringer ikkje verda framover. Berre daud fisk følger straumen. Det er dei som tenker sjølv og som tenker nytt, som bringer verda framover. Slike som Monsen bidrar kun til å halde verda litt tilbake, hindre framgangen, til å bremse. Men, som Andersen også påpeiker, er ikkje åndssnobben i Oslo, de