Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 3, 2013

Elisefilm, kvit hest og ein bankmann oppkledd som dyrlege

Vi filma scener frå bøkene mine om hest og dyrlegepraksis, "Elise og mysteriet med dei døde hestane" og "Elise og mysteriet på hesteklinikken" på Grimsbø på Jølster igår. Her ser de foto av Elisabeth Solheim Brekke frå Bygstad, alias Elise, som undersøker melk frå ku. Det er nemleg også med fleire kyr i bøkene. Kofferten tilhøyrer veterinær Helge Njøsen frå Bygstad, og fjøsen er fjøsen til Torbjørg Grimsbø Eskeland og Dagfinn Grimsbø på Grimsbø i Jølster. NRK var med og filma. Etter å ha filma inne i fjøsen, slapp dei kyrne ut og vi fekk filma eit ekte kuslepp. Det er nemleg eit ekte kuslepp i "Elise og mysteriet med dei døde hestane", og der går det ganske vilt for seg. Kyrne spring gjennom gjerdet, nedover vegen med dunder og brak, og beint mot kyrkjegarden der presten kastar salmebøker og altervinsflakser på dei for å hindre galopp over kyrkjegarden. Opptak frå kuslepp og undersøking av ku vart sendt både på Vestlandsrevyen og Norg