Gå til hovedinnhold

Elisefilm, kvit hest og ein bankmann oppkledd som dyrlege

Vi filma scener frå bøkene mine om hest og dyrlegepraksis, "Elise og mysteriet med dei døde hestane" og "Elise og mysteriet på hesteklinikken" på Grimsbø på Jølster igår.

Her ser de foto av Elisabeth Solheim Brekke frå Bygstad, alias Elise, som undersøker melk frå ku. Det er nemleg også med fleire kyr i bøkene. Kofferten tilhøyrer veterinær Helge Njøsen frå Bygstad, og fjøsen er fjøsen til Torbjørg Grimsbø Eskeland og Dagfinn Grimsbø på Grimsbø i Jølster.




NRK var med og filma. Etter å ha filma inne i fjøsen, slapp dei kyrne ut og vi fekk filma eit ekte kuslepp. Det er nemleg eit ekte kuslepp i "Elise og mysteriet med dei døde hestane", og der går det ganske vilt for seg. Kyrne spring gjennom gjerdet, nedover vegen med dunder og brak, og beint mot kyrkjegarden der presten kastar salmebøker og altervinsflakser på dei for å hindre galopp over kyrkjegarden.

Opptak frå kuslepp og undersøking av ku vart sendt både på Vestlandsrevyen og Norge i dag.

Sjå innslaget her!  WOW vi kom på riks!!!!!

Og sjekk den reine pene fjøsen! Utstillingslokale!

Sjå foto frå filmdag ein her. Då filma vi i Bygstad, nærmare bestemt på vegen mot Svindalen.


 WOW. Her er eg og Elisabeth på skjermen saman med kyrne på Grimsbø. Sidan dette var ei sinku, altså ei ku som har ferie frå melking i påvente av kalving, måtte vi bruke melk frå ein melkekartong. Det kvite prøvebrettet Elisabeth held er eit vanleg brett dyrlegar nyttar, og melketesten vart utført veldig bra av Elisabeth. Ho planlegg dessutan å bli dyrlege så her fekk ho prøve seg! Vi køyrer autentisk!
Eg snakka på Vestlandsrevyen og Norge i dag om korleis vi kan nå gjennom bokmålsmuren, Norge er trass alt bokmålsdominert. Og kva er då betre enn å få boka si på tv i beste sendetid?? Eg har skrive ei spenningsbok om hest- og dyrlegepraksis, og skal folk lese ei bok, må dei vite at den eksisterer. Og skal vite at den eksisterer, må den løftast fram. Min redaktør Ragnfrid Trohaug er også intervjua.

 
NRK sitt team på veg opp bakken. No er det like før kyrne slepp ut. Kameramann Jørn Nedrebø er på plass lenger oppe i bakken medan eg under kusleppet er bissi oppteken med å snakke med NRK og forklare kvifor vi lagar ein film: eg ønsker å nå ut til eit større publikum med mine bøker, og kvar når ein publikum? Jo, barn og unge befinn seg på nett! Desse filmane er tenkt publiserte på nett i ulike format. Kanskje kinoreklame?? Det hadde vore kult!!


Kameramann Jørn Nedrebø filmar kyr som slost. Eit ganske klassisk scenario når kyr vert slept på beite. Det er trist at ikkje alle kyr slepp ut når ein ser kor glade dei er for å få springe. Desse kyrne skal no gå ute i fleire månader. 





Her står kvigene og følger nøye med når kyr kjem galopperande i pulje etter pulje opp vegen frå fjøsen. Det er full speed med hopp og sprett!

NRK snakka med meg om filminga og kvifor vi filmar. Eg er ikkje så glad i bli filma, så dei må ta eit par opptak. Det gjekk greit! Vi var jo svært nøgde med innslaget på Vestlandsrevyen og Norge i dag! Wow! I bakgrunnen kameramann Jørn Nedrebø som eg ikkje eigentleg kan skryte nok av.

Då er det over til neste location. NRK er reist og vi har pressefri sone. Her heng Jørn Nedrebø og Torbjørg Grimsbø Eskeland opp utstoppa hovud på veggen for å skape ei scene frå bok to, Elise og mysteriet på hesteklinikken. Vi befinn oss her i gamlestova til Torbjørg på Grimsbø, og skal ha med ein svart katt. Katta stakk stadig av, den ante nok filming i mosen, men den kom også stadig tilbake, så den hadde nok antakeleg lyst til å bli filmstjerne. 
Deretter ankom Anna Bygstad Vie frå Florø med hesten Surprise. Det er ein respektabel gamal herremann som var heilt perfekt. Han galopperer som ein gud og tek seg svært godt ut. I bok ein, Elise og mysteriet med dei døde hestane, har kvite hestar av Ivanrasen ei sentral rolle. Særleg to av dei, Ivan og Uriel. Elise rir på Uriel medan Ivan er svært sjuk. Ivanhesterasen er inspirert av rasen Akhal Teke.

Då kom ein journalist frå Firda. Her står ho saman med Anna Bygstad Vie og studerer Elisabeth Solheim Brekke ri på Surprise. Eg må sei det er fantastisk flott at Anna tok med seg hesten sin til Grimsbø. Det er verkeleg bra innsats!!! Utan alle som stilte opp hadde dette vore umogeleg å spele inn.

Her har vi Hallstein Dvergsdal frå Firda Tidend. Han noterer flittig ned alle ting som vi seier og gjer, så følg med i den avisa!

Sjå foto frå dag ein med filming.



Torbjørg og Rex studerer filmopptaket. Rex er med som hundepasient og Torbjørg er eigar av fjordhest i filmatiseringa.




Som de ser er Elisabeth, alias Elise, og Surprise, alias Uriel, populære objekt for folk med kamera. Her er kameramann Jørn Nedrebø i aksjon, bak han står Firda og bak der Firda Tidend.

Så måtte Reiel Haugland, frå Jølster busett i Førde, trå til som fotograf og ta nokre shots av meg. Bileta var bestilt av Klassekampen. Saka kjem imorgon, torsdag 4.juli, på kultursidene. Eg har idag, altså dagen etter opptaka, blitt intervjua av Nationen og Framtida.no
O

Elisabeth i sving på Surprise. Nokre scener tek vi mange gonger, så her var det galoppering på veg som var tingen. Kameramann Jørn Nedrebø er i full sving.
 Det blir litt venting. Heldigvis har Reiel Haugland, som snart skal inn i rolla som veterinæronkel Kalle, selskap med Hallstein Dvergsdal frå Firda Tidend.

 Då har vi kome til det stadiet at Kalle, Elise sin dyrlegeonkel, trer inn på scena. Etter opplæring i korleis lytte til ein hest og dra innhald frå medisinflasker opp i sprøyter, sette vi igang. I dei tomme medisinflaskene er det fylt på rød saft og gul saft, og vi set sjølvsagt ingen sprøyter i hesten. Dette er filmtriks ;)



Her fotograferer Hallstein, medan Jørn filmar. Hesteeigar er Anna Bygstad Vie, Kalle vert spelt av Reiel og Elise av Elisabeth. Merk dyrlegefrakken!

Reiel viser gode takter som dyrlege. Han dreg opp innhald i sprøyter knirkefritt, lyttar til lydar i hestens indre og instruerer Elise. I bøkene er Kalle Elise sin favorittonkel, og han lærer henne alt om dyr og hestar og korleis det er å arbeide som dyrlege. I bok to arbeider Kalle på ein stor hesteklinikk, men han må også ut i praksis der han møter både lama, katt og ku. Alt stoffet er henta frå virkeligheten, og mykje av det har eg opplevd sjølv, faktisk det meste av både pasientar og hendingar, utanom spenningsplotta då. Dei er fiksjon.

 Så var vi over på neste location. Kameramann Jørn har faktisk bygd denne filmkranen sjølv og sett den opp nede ved nokre fjordingar som beitar på Grimsbø. Den kranen til Jørn er litt av eit byggverk. Merk gravemaskintenner som lodd. Han kan faktisk bygge nesten kva som helst!



 Firda Tidend heng framleis med!

 Desse hestane går av og til framfor kamera, av og til skuggar dei for scena. Dyr følger ikkje alltid manus! 

 Hest hest fjordhest! Her er vi i sving. Torbjørg held hesten Bols. Han er tre år og førstegongsdeltakar på filmsett.



Kameraføring via krane.

Kule greier. No er eg veldig spent på korleis filmen faktisk blir då. Det er snakk om korte trailerar og det er snakk om litt lenger. Dei blir klipt og limt no i sommar av Jørn. Vi må vurdere om vi treng fleire opptak eller om dei vi har no held. Jørn gjer altså ein kjempeinnsats!


Då var vi til slutt ferdige  med opptaka for dagen. Her ser de Elisabeth Solheim Brekke, som Elise, og Reiel Haugland som Kalle. Tusen takk for innsatsen!

Her også med ein ekte dyrlegekoffert!

No er det altså berre å glede seg til medio august då Elise og mysteriet på hesteklinikken kjem ut. Til den tid skal også desse filmklippa vere ferdig redigerte. Medan eg ventar på at denne boka skal kome ut, skriv eg på bok tre. Det blir stadig lettare å skrive om Elise. Bok ein, Elise og mysteriet med dei døde hestane, var ein stor læreprosess som eg heldigvis kan dra nytte av i arbeidet med resten av serien.

Under her ser du foto frå dag ein med filming!

Under her ser vi litt foto frå arkivet. Meg og Oddvar Torsheim på opninga av kunstmuseet i Førde!
 
Der finst også ei rekke opptak frå bak kulissene, så det kan hende desse også vert vist fram med tid og stunder.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb