Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 15, 2011

Arild Rønsen fell for eigen retorikk

Nynorsk må tas livet av, skriv Arild Rønsen på kronikkplass i Klassekampen 11.april. Av økonomiske og ressursmessige grunnar. Utfrå denne forklaringsmodellen, og Rønsens argumentasjonsrekker, vil eg påstå det også er samfunnsøkonomisk forsvarleg å ta livet av Arild Rønsen;) Hihi

Kvifor er det greit at folk på løkka seier ja til ulv, og at folk utan peiling på pels har lov å vere mot pelsdyrnæringa? Svaret ligg i vår tids samfunnsetikk.

Det er etikk, ikkje kunnskap, det handlar om. Difor kan ein ikkje avvise folk på Grünerløkka for å vere kunnskapslause når dei seier nei til ulv utan nokon gong å ha sett ein sau. Og fordi det er etikk det handlar om, kan ein heller ikkje skulde på folks manglande praktiske erfaring med, og innsikt i pelsdyrhald, når dei seier nei til pels. Fordi ulv, pelsdyr og folk på Grünerløkka lever i same samfunn, kan folk på Grünerløkka meine noko om pelsdyrhald i Trøndelag utan nokon gong å ha vore der. Det handlar ikkje om moralisme eller vankunne, men om samfunnsetikk. Samfunnetikken er dynamisk og i utvikling, og difor er det ikkje ulogisk at vår tids urbane befolkning seier ja til å verne ulven som våre foredre kjempa mot i hundrevis av år. Den gong handla ulvejakta om overlevelse, men idag har vi kome lenger i Maslows behovspyramide. Vi lever på toppen, og fordi vi lever på toppen, kan vi tillate oss å sei ja til ulv. Det er plass til både ulv og folk i Norge. Og fordi vi lever på toppe...