Gå til hovedinnhold

Bloggarane: vår tids intellektuelle? Og er bok rett medium i vår tid?


Blogg er makt


Dette innlegget stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 5.februar 2011.

Kvart år kårar Tordenbloggen Norges beste bloggar, og ein har superheltinnekåringar i sosiale medier. Sosiale medier inkluderer Facebook, Twitter og blogg. Bloggarar er like sjølvsagt inventar på Aschehougs hagefest som forfattarar. Dei har fleire lesarar enn Klassekampen. Gjennomsnittleg antal solgte bøker i Norge ligg rundt 250 for ein debutant, eit latterleg lågt tal om ein samanliknar med antal daglege treff på ein norsk samfunnsblogg.

Sosiale medier bidreg til å styrke maktnettverk, meiner mange. Men sosiale medier bidreg også til å opprette nye maktnettverk og rive beina under gamle. Kven treng sitte på Kunsternes hus å ete middag med kulturelitens yppersteprestar når ein kan regjere på nettet?


Kulturelite og media har fått ein sterk konkurrent i bloggsfæren, og bloggarane er sjølv ofte ein del av den såkalte kultureliten. Og om dei ikkje er det, kven bryr seg. Blogg er også folkemakt. Bloggarane er over alt. Dei treng ingen si velsigning for å ture fram.

Eit spørsmål. Om ein ønsker å nå ut, skape masse oppstyr og endre verda gir ein ofte ut ei bok. Men kvifor skal ein gi ut bøker på papir når ein når langt fleire mennesker via ein blogg? Bok og blogg er to ulike ting, men eg tek meg fridomen å dra parallellar.

Kanskje fordi statusen knytt til bøker enno er høgare enn statusen knytt til blogg, og fordi enkelte, trass elendige lesartal, tjener meir penger på bøker enn ein bloggar gjer på sine tusenvis av daglege treff. Men det er ikkje sikkert at dette er ein status som vil bestå spesielt langt framover. Medan dei fleste utgitte bøker raskt blir gløymt, er ein blogg kjapp og dynamisk.

Samlaget har fått ei rekke av sine forfattarar til å blogge for seg. Eg kjenner ikkje lesartala for denne bloggen, men for ein forfattar kan det vere gull verdt å ha ein blogg eller vere ein brukar av sosiale medier. Vel og merke om bloggen er hyppig oppdatert med gode postar. Og no snakkar eg ikkje om heimesider. Det blir ein annan sjanger.

Men mange forfattarar ser på sosiale medier som ein unødvendig arena å vere tilstades på. I NRK-saka «Er forfattere best på papir?», januar 2010, kjem det fram at berre ein av åtte norske forfattarar er på nett. Nokre vegrar seg for å framstå som kommersielle, seier forfattar Tom Egeland. Egeland bruker sjølv både Twitter og Facebook.



Forfattar Morten Øen meiner i same sak av det han har lese på bloggar, kommentarfelt og i nettartiklar, fortel han ein ting veldig godt: «språket vårt er iferd med å degenereres, og all denne lemfeldige omgangen fører i siste instans til at det blir enda vanskeligere enn det i utgangspuktet var å kommunisere via skrift.»
Øen meiner, slik eg forstår han, at storforbruk av språket, gir degenerasjon. I eit demokratisk medium vil både botn og topp bli synleg, ulikt i bokbransjen der berre topp og botn av trykt materiale blir vist fram. Dette må vi tåle. Elitisme står for fall.

Spørsmål: Kva er problemet med å framstå som kommersiell? Den som ikkje finst på nettet, finst snart ikkje. Ein forfattar som ikkje sel bøker: gi mennesket ein blogg. Å skape interesse rundt forfattaren kan vere like viktig som å skape rundt usalgbar litteratur. Kanskje blir litteraturen interessant til slutt. Om forfattaren vert oppfatta som relevant.

Før jul sende forfattaren John Erik Riley ut boka si «Heimdal, California» til ei rekke kontaktar i sosiale medier. Teit kommersialisme eller smart tenkt? Svaret er smart.

Det er også sagt at bloggarane, i sitt dynamiske medium, alltid i dialog, alltid på veg, alltid med tankebaner i utvikling, er vår tids intellektuelle. Men norske akademikarar er oftast ikkje til stades her. Dei sit parkert bak ein kontorpult, avskorne frå dynamisk debatt. I sommar sa Cathrine Holst at forskarar bruker for mykje tid på å grave i hagen og for lite tid på å skrive. Dei bruker definitivt også for lite tid på blogging. Og du treng ikkje lenger ein Blindern-stilling for å vere ein intellektuell. Du treng ein blogg og eit godt hovud, men medan professor er ein verna tittel er bloggen til for alle. Dette er ein fordel: demokratisk og tilgjengelig, og ein bakdel: variabel kvalitet.

På blogg framstår du som alt frå dum som eit brød til dyktig og reflektert. Kvaliteten er også høgst diskutabel. Som bloggar må du levere noko for å vere relevant, og her kan enkelte hageakademikarar ha litt å lære.
Spådom og til dels dagens fakta: Den tid er snart over då folk sende inn seks hundre sider til forlaget. No hentar mange forlag talenta sine blant bloggarane. Søker du på ein doktorgrad, er dei framtidsretta akademikarane ofte like interessert i dine merittar og din kompetanse som bloggar som i dine karakterar. Kommunikasjon er alfa og omega. Ein god blogg er makt.


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb