Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 26, 2012

Bur for verpehøner framleis lov i Norge

I januar skreiv norske medier ei rekke saker om at no var bur blitt forbode for verpehøner i Norge. Dette var ein faktafeil. Norske verpehøner står framleis i bur, men i ein an type bur enn før. Sjekk bilete av bura her. Merk deg bilettekstane til burbileta: "hønene kosar seg", står det under dette biletet. Alle bileta er henta frå linken over. Og denne bodskapen, hønene kosar seg, greidde fjørfebransjen og Fjørfelaget lure mediene med på. Dermed fekk vi saker på trykk av denne typen: bur forbode for verpehøner i Norge. Men norske verpehøner står i bur den dag i dag. Eller kva vil du omtale installasjonen på biletet over som? Biletet under: det første her viser då altså reiret for høner i bur. Skikkelig flott reir, eller kva?  Biletet under viser då altså strøbadet hønene i dei nye bura får tilbod om. Denne måten å halde høner på er flott, ifølge fjørfelaget. Kva seier det oss om fjørfelagets syn på dyrevelferd? Spørsmålet er tabu å stille, men det er ganske ty...