Eg deltok i dag i debatt på Dagsnytt atten klokka 18.50 mot redaktør i Firda. Eg stiller store spørsmålsteikn ved om redaktør i Firda har lese min kronikk, eller om korvidt han eigentleg er interessert i å forstå kva som står der. Eg er ikkje ute etter å krangle, men å diskutere, men når det ser ut til at det ein skriv skal og må vrangtolkast, er det jo klart det heile vert komplisert. Uansett viser debattengasjemanget både i Klassekampen siste dagane og i Bergens Tidende, at det er stor støtte for kritikken blant fagfolk, mediefolk og diverse andre, stort sett dei fleste, og dei har svært gode, godt begrunna argumenter. Eg må sei eg synest det er svært interessant å følge debatten, men eg synest ikkje det er svært interessant å lese lokalmedieredaktørane sine svar. Årsaka er denne: dei utelatande forsvarar seg og går defansivt i strupen på meg. Greit nok, gå gjerne i strupen på meg, det er dykkar valg, men mitt spørsmål er dette: kvifor tek ikkje redaktørane tak i debatten? Kvifor bru