Gå til hovedinnhold

Dagens lokalmediedebatt: kva vil mediene?

Eg deltok i dag i debatt på Dagsnytt atten klokka 18.50 mot redaktør i Firda. Eg stiller store spørsmålsteikn ved om redaktør i Firda har lese min kronikk, eller om korvidt han eigentleg er interessert i å forstå kva som står der. Eg er ikkje ute etter å krangle, men å diskutere, men når det ser ut til at det ein skriv skal og må vrangtolkast, er det jo klart det heile vert komplisert.

Uansett viser debattengasjemanget både i Klassekampen siste dagane og i Bergens Tidende, at det er stor støtte for kritikken blant fagfolk, mediefolk og diverse andre, stort sett dei fleste, og dei har svært gode, godt begrunna argumenter. Eg må sei eg synest det er svært interessant å følge debatten, men eg synest ikkje det er svært interessant å lese lokalmedieredaktørane sine svar.

Årsaka er denne: dei utelatande forsvarar seg og går defansivt i strupen på meg. Greit nok, gå gjerne i strupen på meg, det er dykkar valg, men mitt spørsmål er dette: kvifor tek ikkje redaktørane tak i debatten? Kvifor brukar dei energien sin på aggresivt å forsvare seg i platte ordelag? Det mest flaue eg har lese til no var leiaren i Fjordingen, eg treng ikkje gjenta slikt svada i min blogg, men det talar for seg.

Terje Lyngstad hadde ein svært velformulert kronikk i Bergens Tidende (BT) idag, og i Klassekampen har Svenn Arne Lie fulgt opp med ein lenger versjon av kronikken sin i BT. For medan lokalmediesjefane slenger drit og blir forbanna, argumenterer desse refletert og interessant over mediesituasjonen.

Og før eg går vidare, lat meg ta nokre misforståelsar her med ein gong.

Eg samanliknar ikkje lokalmediene i Sogn og Fjordane med medier andre stader. Eg snakkar kun om medieoffentligheten i Sogn og Fjordane. Eg samanliknar heller ikkje lokalmedier med nasjonale medier, men eg spør om det er rett å overlate store saker som Vest Tank til nasjonale medier, og la vere å gjere noko på desse sakene lokalt. Eg meiner det siste blir heilt feil. Det neste spørsmåla eg stiller meg er:

- Kva rolle ønskjer lokale medier å spele i samfunnet? og i samfunnsdebatten?
- Kva strategi har dei for dekninga si av nyhetsbildet?
- Kvar er interessa for samfunnsdebatt?
- Er dei sløva av monopolet, langt vekke frå riksmedienes søkelys?

Eg rettar ikkje kritikk mot journalistane, men mot redaktørane, jamfør overskrifta på min kronikk i BT: Kvar er redaktørane? Journalistane i fylket er vel så oppegåande som andre stader, men kva slags ambisjonar har redaktørane? Eg aner virkelig ikkje.

Det går nemlig an å drive god journalistikk sjølv med begrensa ressursar, det er jo Klassekampen eit kroneksempel på. Firda har kun budsjett til 7 timar overtid per journalist per månad, skriv journalist Katrine Sele i ein kommentar i dagens Firda, men i Klassekampen får ein ikkje overtidsbetaling i det heile! Men kva gjer Klassekampen? Set nasjonal dagsorden i fleire saker. Eg trur dette også handlar om engasjemang, om vilje til å drive seriøs journalistkk, om evne til å velge seg ut saker som ein satsar på og la agurkane og tullesakene ligge. Då frigjev ein straks store ressurar: folk, pengar, tid.

Lyngstad peikar i dagens BT på at han møter journalistar som ikkje har snev av bakgrunnskunnskap om det dei skal skrive om. Det er jo problematisk. Eit typisk svar på dette frå lokalmediene sjølv, er at lokaljournalistar dekker alt, dei må kunne litt om alt og har ingen spesialfelt. Greit nok, typisk for journalistar også i større medier: ein har mange småting i tillegg til noko ein kan best, men også lokale journalistar har "noko" dei kan best, feks sjukehusstrid.


Eg spør meg om ein ting, sidan det alt skal forklarast med at "vi er lokalaviser". Høyrer det til i pakka lokalavis å a) kunne lite b) skrive agurkstoff og c)"vere lokalavis" i den forstand at ein kort sagt har null ambisjonar? Nei, det trur eg ikkje, men svara frå redaktørane på det meste av kritikken kan tyde på at det faktisk er slik, sjølv om eg håpar og trur at det ikkje stemmer.

Fordi: denne innstillinga vil i sin tur ramme heile lokalsamfunnet som framstår som dvaskt og ureflektert og som også vil kome til å mangle ein arena for konstruktiv og kritisk debatt, det rammar samfunnsdebatten, det rammar utviklinga. Og er det noko fylket treng, så er det utvikling. Jo viktigare at mediene gir lokalsamfunna ei stemme dei kan tale med utad. Ein treng også eit debattklima der nye stemmer kan vekse fram, vi treng offansive folk på bana, og kven gidd diskutere i ei banal offentlegheit? Færre enn om offentlegheita ikkje var fullt så banal/ personfokusert/ ukritisk.

Lokalmediene bør prioritere ressurser til debattregi. Då kan ein få samfunnsdebatten opp på eit godt nivå, og opp frå grøftenivået som Sogn og Fjordane diverre representerer på debattfronten der personangrep er metoden heller enn saksorientert debatt. Eksemplifisert me dette: retorikken eg møter hos Firda-sjef Stang (kritikken er ubegrunna, eller det framstår som om han meiner det), og på lesarbrevplass i BT av filmskapar Randi Førsund (eg er ute og meiner noko "no igjen"). Retorikken dei to frontar, er typisk for lokaldebatten i fylket: personfokus framfor saksfokus, og dei to tilfører debatten a) ingen nye argumenter, b) ingen ny dimensjon.

Dei bidreg derimot til å trekke debattnivået ned. Kvifor gidd dei det? Og kven taper på det? Dei sjølv, samfunnsdebatten, lokalmediene. Dei stiller seg på utsida av debatten og hamrar i veggen heller enn å delta. Det minnar litt om Sogn og Fjordane: eit fylke som har på mange måtar havna i bakleksa, som ikkje er så offansive. Har media noko ansvar her? Eg meiner ja. Ta grep om kritisk offentlighet, kritisk debatt. Slutt å skuld på ressursmangel. Ressursmangel er det i alle mediehus, også dei som gjer det skarpt. Heller enn å beklage og unnskylde kan ein ta regi og vere offansive.

Ein kan også sei at debatten trekkes ned av Stang og Førsund, og ideelt sett burde eg brukt hersketeknikk og oversett utspela, men eg meiner dei to illustrerer debattproblemet som eg påpeiker og difor kan nyttast som eksempel på problemet eg skriv om, problemet som fråveret av kritisk journalistikk og god debattkultur fører med seg. Dette har også andre før meg påpeikt:

som Svenn Arne Lie i kronikken sin i BT: "Det er svært interessant å se hvordan redaktørene i Sogn Avis (Eli Grotle) og i Firda (Jan Atle Stang) reagerer på kritikken fra Viken. I BT beskylder Grotle Viken for å oppheve seg sjøl til allviter fordi hun våger å sparke mot lokalavisen si, mens Stang mener at Viken ikke vet nok om å jobbe i lokalavis. Ifølge Stang er det visst ikke nok ressurser i Firda til å lage god journalistikk.

De to redaktørene bekrefter gjennom sine tilsvar mye av Vikens kritikk, og de viser liten forståelse for lokalpressens samfunnsrolle. Uttalelsene deres bidrar heller ikke til å legitimere pressestøtten til landets lokalaviser."

Her har altså vore så mange saklege dyktige debattantar på bana at debatten uansett flyt friskt med sakleg argumentasjon. Eg er svært nøgd over omfanget debatten har nådd, det syner at den er viktig. Eg var ikkje klar over at den kom til å skape så mykje oppstyr i media, men merksemda tyder, slik eg ser det, på at debatten er viktig og saken interessant for svært mange.
Eg ser fram til fortsettelsen! Følg med i BT (Bergens Tidende) og i Klassekampen.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb