Sosiale medier (Twitter, Facebook og blogg) gjer at ein kan mobilisere og organsiere debatt, hanke inn stemmer og synspunkt i ein rasande fart. Ein bygger nettverk, deler kunnskap og diskuterer forløpande på fleire arenaer, offentlig og privat. Det er ei totalt ny virkelighet med sosiale medier versus å vere utan desse. Ein kan mobilisere folk, diskutere fortløpande i kulissene eller offentlig, spre linkar som eld i tørt gras, få nye stemmer ut på bana med eit knips osv. Det går rasande fort og det er heilt nødvendig å henge med her, om ein vil vere der folk er: folk er på nett! Nettverk blir enda sterkare gjennom sosiale medier, og dei som vel å stå utanfor, slik som ordførararane Georg Arnestad skriv om her , overlet både dialogen og makta til andre. Dei mister oversikten over debatten og er ikkje tilstades blant opinionsdannarane: desse finn du i sosiale medier. Store delar av debatten er flytta ut av tradisjonelle medier og over i sosiale medier. Arenaen vert berre viktigare og v...