Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 1, 2010

Kronikk: Forby pelsdyrhelvetet

Lytt til fagmiljøas bekymringsmeldingar, forby pelsdyroppdrett og gjer det no. Siste dagane har vi sett ei rekke groteske bilete frå pelsdyrgardar over heile landet. Det er ingen tvil om at dette er representative bilete, sjølv om ein prøver å tilbakevise biletet som blir skapt av ei uetisk næring i mediene. Veterinærforeningen (DNV) har fleire gonger uttrykt bekymring for utviklinga vi er vitne til, samt pelsbransjen som heilheit. På sine heimesider skriv dei «Veterinærforeningen har siden 2001 vært kritisk til pelsdyrnæringen. Dagens pelsdyrhold er basert på å ha rovdyr i små nettingbur, noe som betyr at dyrene ikke får tilfredsstilt sine naturlige adferdsbehov i tilstrekkelig grad.» DNV ønsker å sette ein stoppar for pelsdyrnæringa utfrå hensyn til dyrs velferd, men DNV blir ikkje høyrt. Snarare blir veterinæranes fagekspertise og bekymringsmeldingar, som burde vege tungt i ei sak som dette, blitt overhøyrt av ei rekke politiske parti i ei årrekke. Kun SV har gått inn for eit f...

Forby pelsdyrnæringa NO! Næringa er uetisk og i seg sjølv eit brot på Lov om dyrevelferd.

For fleire groteske bilder, klikk denne linken hos Nationen. Foto: Nettverk for dyrs frihet og Dyrebeskyttelsen Norge. Norges Veterinæforening vil stoppe pelsdyrnæringa. Les her. Og vil ha tilsynsordning med farmane. Er pelsdyroppdrett eit brot på Lov om dyrevelferd? Ganske sikkert: § 3. Generelt om behandling av dyr        Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger. Brota er openbare og groteske. Vi ser dei igjen og igjen. Forby pelsdyr NO. .

Brekk er ein klovn, han framstår som ein tosk som fornektar fagkompetanse i sak etter sak.

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) benektar notorisk forskning som strir mot hans politiske ønsker. Dette er farlig. Det er farlig når politikk neglisjerer kompetanse, men dette gjer Brekk i så og sei kvar einaste sak. Vi skal ta ein liten kikk på eit par saker Veterinærforeningen går inn for å stoppe pelsdyrnæringa. Brekk meiner dette er feil. Brekk meiner pels er bra, tvers mot all fagkunnskap og forskning. Brekk omtaler meg som skribent i Nationen når eg omtaler dyrevelferd og regelverk for hald av økologiske landbruksdyr i Nationen. Brekk benektar verdien av å vere utdanna dyrlege, slik eg no tilfeldigvis er, og han benektar det faktum, eller er neppe klar over, at eg i mine syn er fullt på linje med veterinærforeningen. Ved å sei mot meg, seier han mot fagmiljøa. Kvifor? Fordi han seier mot all fagkompetanse og all forskningskompetanse som strir mot landbrukspolitiske målsetningar. Brekk benektar forskning som viser at økolandbruk ikkje er betre for miljøet enn konvensj...