1. nov. 2010

Kronikk: Forby pelsdyrhelvetet

Lytt til fagmiljøas bekymringsmeldingar, forby pelsdyroppdrett og gjer det no.

Siste dagane har vi sett ei rekke groteske bilete frå pelsdyrgardar over heile landet. Det er ingen tvil om at dette er representative bilete, sjølv om ein prøver å tilbakevise biletet som blir skapt av ei uetisk næring i mediene.

Veterinærforeningen (DNV) har fleire gonger uttrykt bekymring for utviklinga vi er vitne til, samt pelsbransjen som heilheit. På sine heimesider skriv dei «Veterinærforeningen har siden 2001 vært kritisk til pelsdyrnæringen. Dagens pelsdyrhold er basert på å ha rovdyr i små nettingbur, noe som betyr at dyrene ikke får tilfredsstilt sine naturlige adferdsbehov i tilstrekkelig grad.»
DNV ønsker å sette ein stoppar for pelsdyrnæringa utfrå hensyn til dyrs velferd, men DNV blir ikkje høyrt. Snarare blir veterinæranes fagekspertise og bekymringsmeldingar, som burde vege tungt i ei sak som dette, blitt overhøyrt av ei rekke politiske parti i ei årrekke. Kun SV har gått inn for eit forbod.
Dette er høgst problematisk all den tid Norge tar mål av seg til å vere eit av verdas leiande land når det kjem til kvalitet i landbruksdyrehald og landbruksdyrs helse.
Av Senterpartiet vert pelsdyrnæringa omtalt som ei viktig landbruksnæring, men å omtale pelsdyrnæringa som ei viktig næring, er som å sei at landsskyttarstemnet er viktig forsvarspolitikk (sitat: Tore Eikeland, Hordaland Ap). Det er på høgt tid å skille distriktspolitikk og landbrukspolitikk. Vi har i Norge 350 pelsfarmar.

Det er med andre ord inga viktig næring, men desse 350 farmane får altså lov til å ta livet av 250 000 rev og rundt 600 000 mink i året. For denne unødvendige jobben får pelsdyrfarmarane 40 millionar kroner i subsidier. Men eg, og mange med meg, ønsker ikkje at våre skattepengar skal gå til denne uetiske næringa.

Desse førti millionane kan ein i staden nytte til å betre dyrevelferden i andre husdyrnæringar, eventuelt til å forske på velferd hos landbruksdyr der vi per dags dato har store kunnskapshol.

Skadene vi har sett var ikkje ferske og nye. Mange av såra, skavankane og dei sundbitne føtene har tatt lang tid, fleire dagar og veker å utvikle. Enkelte dyr har tydelige nevrologiske symptom. Heller ikkje noko som kjem over natt. Dette betyr at dyra vi ser har lide over tid. Dette er klare brot på ei rekke paragrafar i Lov om dyrevelferd.
Paragraf 3: «Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker. Dyr skal behandles godt og beskyttes mot fare for unødige påkjenninger og belastninger.» Det er ikkje eigenverdi å la dyr gå med stygge skadar over tid utan å hjelpe dei.
Det er heller ikkje lovleg å unnlate å tilby skadde dyr hjelp: Paragraf fire omhandlar hjelpeplikt: «Enhver som påtreffer et dyr som åpenbart er sykt, skadet eller hjelpeløst, skal så langt mulig hjelpe dyret.» Begge desse paragrafane er brotne med grovt overlegg i filmsnuttar og bilete vi har blitt presentert for.
Fleire av dyra vi ser, har gnageskader. I paragraf åtte les vi at «Dyreholder skal påse at driftsformer, metoder, utstyr og tekniske løsninger som brukes til dyr, er egnet til å ivareta hensynet til dyrenes velferd.»
Paragrafen er broten, ikkje berre i filmsnuttane vi har sett, men generelt i norsk pelsdyrhald. Verken driftsformer, metodar, utstyr eller teknisk utstyr som per idag er i bruk i pelsdyrgardane, er i stand til å ivareta dyras velferd.

Eg har sjølv, før eg begynte på veterinærstudiene, hatt praksis på pelsdyrfarm med sølvrev, gullrev og mink. Det var ikkje pent. Redde og engstelege villdyr i bur som et pelsdyrblanding og ligg på kald netting. Det er heller ikkje nødvendig å produsere pels all den tid fuskepels er eit tilgjengeleg produkt på marknaden.

Ute i praksis som veterinær har eg sett ei rekke stygge tilfeller av grovt mishald. Det er ingen tvil om at mishald av dyr er meir vanleg enn Brekk og co forsøker å overbevise oss om. Dei har neppe vore der og sett ein okse som har fått knust ledda på alle fire føtene fordi den har blitt mobba og trampa på av andre oksar i vekesvis utan at nokon har gripe inn (brot på Lov om dyrevelferd), med ein hale så råten at det sprutar ut gugge når du klemmer på den. Dette er ikkje hyggeleg. Slikt viser ein ikkje fram når ministeren er på besøk.

Det er provoserande å sjå at dømmekrafta til enkelte dyreeigarar er så til dei grader ute av funksjon.
Fakta: eit dyr er fortsatt «berre eit dyr» for mange. Mange greier ikkje trekke opp skillet mellom kva som er greit og kva som er uakseptabel. Dyr tåler å få kjørt seg litt, slik som eigarane av revekvalpen med det avbitne bakbeinet må ha tenkt. Men beklager folkens. Dette kan vi ikkje tolerere.

Vi har kompetansen og vi har økonomien til å tilby dyr eit skikkelig miljø den tida dei lever og produserer i vår teneste. Dette er ikkje dyrevernsekstremisme, men fagleg tung argumentsjon som snart må bli hørt. Vi veit at dyr har kjensler. Dyr kan føle smerte og dyr kan føle angst. Dette pliktar vi, som kunnskapsbaserte forvaltarar, å ta hensyn til. Vi kan per idag ikkje, med fagkompetanse i hand, forsvare pelsbransjen i Norge. Kun politisk retorikk om «viktig næring» er anvendeleg. Men denne «distriktsnæringa» er i seg sjølv uetisk i si unødvendigheit, og bør avviklast raskt og smertelaust. Eksempelvis ved hjelp av overgangsordningar.
DNV ber no regjeringa om å opprette ei tilsynsordning for pelsdyr. Men vil vi verkeleg spøyte meir pengar inn i pelsnæringa? Ei helsetjeneste for pelsdyrnæringa vil bli ressurskrevande i form av pengar og fagfolk som kunne vore betre anvendt til andre og meir samfunnsnyttige oppgåver. Den vil heller ikkje makte å sikre oss heilt mot overgrep som vist i filmane. Ei tilsynsordning tek oss heller ikkje bort frå det faktum at næringa lever av å halde villdyr i små bur.


Erfaringar frå Sverige, der liknande tilsynsordningar finst på gris etter avsløringar av brutalitet i griseproduksjonen, viser at dette er svært ressurskrevande arbeid. Heller ikkje ufarleg. Veterinærar som dreg ut er ofte direkte oppkobla til alarmsentral. Dette har eg personleg erfaring med.
Ein kan ta næringa ved rota og forby pelsdyrhald. Alternativt kan vi vere heilt sikre på at vi vil få sjå like stygge bileter som vi no har fått sjå, kvart einaste år, fram til pelsdyrhelvetet er avvikla. Lytt til fagmiljøas bekymringsmeldingar, forby pelsdyroppdrett og gjer det no.

I mellomtida kan ein oppfordre alle til å følge Lov om dyrevelferds paragraf fem om varslingsplikt: «Enhver som har grunn til å tro at dyr blir utsatt for mishandling eller alvorlig svikt vedrørende miljø, tilsyn og stell, skal snarest mulig varsle Mattilsynet eller politiet.»

Anne Viken,
veterinær