Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 29, 2008

Tromsø dag 3 museum

På min første intervjufrie dag på tur nordover, drog eg avstad for å kjike på museum. Eg kjeik eg innom nordnorsk kunstmuseum. Der fann eg dette biletet ganske fasinerande. Det heiter Live Photo No.7, 2004 Sunday 17:45 2004 og er teke av Crispin Gurholt. Kanskje ikkje eit spesielt koselig motiv, men det minner meg om Diesel-reklamen frå nittitalet, altså klesmerket Diesel. Så steig eg innom Polarmuseet i Tromsø. Fasinerande norsk polarhistorie, livet ombord på skipa og eventyrlysta som dreiv Amundsen og Nansen. Så har vi Perspektivet Museum i Tromsø som viste sitater frå russiske sjømenn. Korleis ser dei på oss? Føler dei seg velkommen her? Og til sist Tromsø kunstforening , gallery of contemporary art. Samtidskunst er fasinerande. Ein av dei tinga eg gledar meg til med å kome tilbake til Oslo, er å gå på kunstopningar. Skjelett av metall, kanskje ikkje det mest inspirerande eg har sett i mitt liv, men det er jo lett å sjå kva det er. Dette første ser ut som ein maurslukar, det an

Hurtigruta - verdas vakraste pensjonistreise - dag 1

Ombord i hurtigruta merka ganske snart at eg var ein av dei yngste ombord... Søndagen gjekk vi i land i Kirkens, eg for å snakke med lokale folk om ting og tang, og pensjonistane for å ta buss til Nordkapp. Honningsvåg var innhylla i tåke.. Les kommentar Verdas vakraste pensjonistreise. Att ligg Honningsvåg. Eg anar ein slags desperasjon. Er postkortsalg på kaia siste utveg for å overleve? Finst det ei framtid for slike små samfunn langs kysten? Eg lurer på om dei skal bli til kulisser over eit liv som var, kulisser av ein idyll gamle damer frå kontinentet ønskjer å oppleve akkomangert av dyr vin og drinkar på dekk.

Debatt om lokalmediene på P2

http://www.nrk.no/radio/ P2 tirsdag 29.juli kl 08.30 debatt mellom Firda-redaktør Jan Atle Stang og BTs debatttredaktør Hilde Sandvik. Her kjem det heilt klart fram at lokalmediene i fylket har eit problem.. jamfør Stangs svar på kritikken som går kun på "Firda er ikkje sånn", "kjenner meg ikkje att". Kvifor ikkje ta ein debatt og ikkje berre sitte å krampeaktig forsvare seg med påstander om at "Firda er bra nok"-type argument? Dette igjen dokumenterer mitt poeng: ingen debatt, kun bla bla, påstander og ord mot ord. Sogn og Fjordane treng kritisk presse og god debattkultur, ikkje ord mot ord og defansive sjølvforsvar. Offansive lokalmedier, ja takk!