Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 22, 2009

Dei høgt utdanna held seg i sine eigne nisjemedier (heile artikkelen)

Trykk på bildet av kommentar og den blir stor og leselig! «Vi trenger en sosialt inkluderende offentlighet, og det er ingen grunn til å tro at dette innebærer en vulgær og uinformert debatt i et land med så høgt utdanningsnivå som Norge», står det i innleiinga til antologien «Demokratiet før og nå» som kom ut i august. Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlegheit, ser vi at påstanden er naiv. Ei sak som har skapt mykje liv i pressa dei siste vekene er til dømes Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona. Eg er ikkje av dei som påstår at alt var betre før, og fekk, då eg kritiserte Dagbladets Tjostolv Moland-framside «Se hvor syk han er» på Ikveld på NRK2 , høyre at eg var «for ung til å vite korleis ting var før». Men ein treng verken bli eldre eller samanlikne bakover for å sjå at det sirkulerer ei mengde banale nyhendesaker i dag. På same tid er det eit faktum at det norske folk, og ergo også norske journalistar, har høgare utdanningsnivå enn før. Det