Gå til hovedinnhold

Dei høgt utdanna held seg i sine eigne nisjemedier (heile artikkelen)

Trykk på bildet av kommentar og den blir stor og leselig!

«Vi trenger en sosialt inkluderende offentlighet, og det er ingen grunn til å tro at dette innebærer en vulgær og uinformert debatt i et land med så høgt utdanningsnivå som Norge», står det i innleiinga til antologien «Demokratiet før og nå» som kom ut i august. Tar vi eit kjapt blikk på dagens medieoffentlegheit, ser vi at påstanden er naiv. Ei sak som har skapt mykje liv i pressa dei siste vekene er til dømes Trond Giskes sjåfør som køyrde i 140 kilometer i timen i 100-sona.

Eg er ikkje av dei som påstår at alt var betre før, og fekk, då eg kritiserte Dagbladets Tjostolv Moland-framside «Se hvor syk han er» på Ikveld på NRK2, høyre at eg var «for ung til å vite korleis ting var før». Men ein treng verken bli eldre eller samanlikne bakover for å sjå at det sirkulerer ei mengde banale nyhendesaker i dag. På same tid er det eit faktum at det norske folk, og ergo også norske journalistar, har høgare utdanningsnivå enn før. Det underlege er at dette ikkje avspeglar seg i nyhendebiletet.

Den danske professoren Rune Stubager ved Universitetet i Aarhus peiker i «The Education Cleavage: The Socio-Structural Foundations of Culture Wars» på korleis grupper med høg versus grupper med låg utdanning i Danmark identifiserer seg med andre som høyrer til same gruppe og utdanningssjikt. Samtidig opplever dei konflikt med grupper med eit anna utdanningsnivå. Utdanningskløfta speglar av seg i korleis folk med høg versus folk med låg utdanning posisjonerer seg i typiske «kulturkrigssaker», som til dømes immigrasjon. Dei med låg utdanning plasserer seg på høgre fløy, og dei med høg på venstre. Stubager peikar på at ei slik utdanningskløft er i ferd med å erstatte dei forvitrande klasseskillelinjene.

Denne kløfta kan også tenkast som ei medial todeling mellom høgt- og lågtutdanna lesarar og lyttarar. Vulgariseringa av tabloidmediene i ei stadig meir forenkla og populistisk retning bidreg til å dyrke fram ei polarisering av offentlegheita der «elitane» (eg liker ikkje ordet «elite», men det er illustrerande for poenget) forlet tabloidmediene og lagar seg eigne heil- og halvoffentligheiter, der dei kan bruke dei orda dei ønskjer og snakke så lenge dei vil.

Til nisjemedier som Klassekampen, Morgenbladet og Dagens Næringsliv, debattmøte og tenketankar, flyktar «elitane» med høgare utdanning som ikkje er så opptekne av kosereportasjer om Jenny Skavlan sleikar is av Maria Skappel. Her kan dei lese saker og debattere med kvarandre i fred, medan «folk flest» blir «underhaldne» med saker av typen «Giskes sjåfør» i vekevis gjennom tabloidmediene, utan ein gong å kjenne til kvar elitane held seg, om ein ser bort frå at dei held seg i bilbakseter.

Slik held ein folk med sirkus og brød samstundes som ein byggjer opp under politikarhat (fæle politikarar som hevar seg over lova), kjensla av avstand (politikarar gjer som dei vil medan vi må følgje lova), og grev i grøfta mellom «elitar» og «folk».

Stubagers studie viser at dei med lite utdanning i større grad enn dei med høg utdanning var skeptiske til den motsette gruppa. Jo mindre ein kan identifisere seg med dei som sit på makta, jo større blir mistrua, og jo større blir avstanden.


Avstanden speglar seg også i sosiale medier. Medan «folk flest» kommenterar i nettavisenes kommentarfelt og lagar facebook-profil, utvekslar makteliten minimeldingar på twitter. Facebook er dei sosiale medienes VG. Twitter er Morgenbladet, sa Alexander Eidsæter frå TNS Gallup på seminaret «Amatørene kommer» ved Institutt for medier og kommunikasjon kort tid tilbake. Tre prosent av Norge er på Twitter, 55 prosent på Facebook. Det er ei myte at amatørane er på vei.


Seddelpressas harde grep om tabloidene kan gi opphav til ei antidemokratisk utvikling og elitekonsolidering av offentligheten. Papirtabloidene kjempar mot undergangen, papirnisjemediene om elitelesarane. Demokratiets oppgåve er å fordele makt til dei som ikkje har det, men ved å servere trash til «folk flest» og nisje og nettverk til «makteliten», står ein i fare for å utvikle og underbyggje sterke skiller. Polariseringa i samfunnet aukar, ikkje som klasseskiller men som intellektuelle utdanningsskiller. Og ironisk nok: bak både trash og nisje står dei høgt utdanna og serverer skrotnytt om Giskes sjåfør, medan dei chattar med Giskes venner på twitter.


Denne kommentaren stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 21.november 2009.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...