Gå til hovedinnhold

Debatt om Moland-framsida på I kveld på NRK2 idag

Sjå debatten på I kveld på NRK2 her.

  • Lars Helle. Etikkredaktør, Dagbladet.
  • Ole Erik Amlid. Nyhetsredaktør, Aftenposten.
  • Elisabeth Staksrud. Medieforsker.
  • Anne Viken, bloggar


  • 1. Kva tenkte du då du såg framsida?
    (Se hvor syk han er!)

    - Er det mulig? Eit nytt lågmål.

    - Det handler om presentasjonen og korleis bildene blei brukt.

    - Etikken.

    - Moland kan ikkje svare for seg. Får ikkje svare for seg. Å bruke andres psykiske problemer slik for å selge aviser, er kvalmt på tross av at ein snakkar om at det å skrive om saken er å ivareta hans rettssikkerhet. Saken var ute igår, idag er den kun salgsplaktat og ikkje verken nyhet eller rettssikring all den tid denne funksjonen gjekk ut igår.

    - Nyhetsverdien: både bildene, saken og videoen var over alt i går. Enkelt framsidestoff, uambisiøst.

    - Alle som såg framsida i dag skjønte at den var over streken. Kvifor skjønte ikkje DB det sjøl?

    - Korleis er det mulig å gå sånn på trynet? Dette er ikkje første gongen: mangel på folk, mangel på rutiner? Det sviktar på eit eller anna nivå. Kvar ligg svikten, spør vi oss.

    -

    2. Hva er det som provoserer deg?

    - Lavmålet dei tillet seg. Overgrep? Det er pressa oppgave å beskytte enkeltmenneske mot overgrep, ikkje utsette dei for det.

    - VVP: Den enkelte redaktør og medarbeider har ansvar for å kjenne pressens etiske normer og plikter å legge disse til grunn for sin virksomhet. Presseetikken gjelder fra innsamling til presentasjon av det journalistiske materialet.

    - Men DB tillet seg gang på gang gjere dårlige vurderingar. Det er jo berre å beklage. Det blir for enkelt. Raust å beklage men det er ikkje nok. Dei må også følge opp.

    - Mangel på respekt for den omtalte.

    - Mangel på respekt for lesaren.

    - Mangelen på journalistiske og mediale ambisjonar.

    - Ei fri og uavhengig presse er eit grunnelement i eit demokrati, men ei presse som går amok uten etiske tøylar og utan respekt for mennesker, kan vere farlig, trussel mot rettssikkerheten. Kva skal vi med ei slik presse etter? Kva behov fyller den?

    Salgstal: Dagbladet har i lang tid forsøkt å kompansere for dei bratt fallande salgstala (- 18 400 første halvår) sine med å vere såkalt dristige på framsida. Det fører med jevne mellomrom til at dei går på usmaklige eller presseetiske bommertar.

    Undergrev marknadsgrunnlag. Framstår som useriøse. DB blir vanskelig å ta på alvor.

    3. Men de har beklaga teksten – hvis ikke teksten hadde vært der, synes du det hadde vært greit da?

    - Nei. Poenget med framsida er å selge aviser. Kommersiell salgsplakat.

    4. Hvor burde grensa gå, synes du?

    - Svært vanskelig spørsmål all den tid grensa vil vere konstant bevegelig i tråd med samfunns- og medieutviklinga. Todeling av pressa og publikum: populistisk trash vs nisje/kvalitet.

    Populære innlegg fra denne bloggen

    Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

    Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

    Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

    Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

    Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

      I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...